Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Infografikken over stortingsvala frå 1875 til 2021 (figur 2) viser viktige trekk ved utviklinga i dei 30 stortingsvala som har vore mellom 1875 og 2021.

Figur 2. Stemmerettsregler og stemmeberettigede ved stortingsvalgene. 1875-2021

Snakk saman i grupper eller i heil klasse om korleis røysteretten har utvikla seg – altså utviklinga for den nedste delen ‘Stemmeberettigede’ i figuren.

Infografikk som viser valgoppslutning og stemmerettsregler fra 1875 til 2021

Figur 2 illustrerer røysterettsreglar og andel røysteføre i stortingsvala for perioden 1875–2021.

Røysterettsreglar, viktige endringar: I 1884 ble røysteretten utvida. I 1898 fekk menn som var fylt 25 år røysterett, og i 1913 kvinnene som hadde fylt 25 år. I 1920 gjekk røysterettsalderen ned til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år.

Røysteføre, i prosent av personar (norske borgarar) over 18 år: I åra fram mot 1885 hadde om lag 1 av 10 røysterett.  Røysteretten blei gradvis utvida mellom 1884 og 1913, og i 1913 var andelen tett opp mot 60 prosent. Andelen steig vidare, og i 1981 hadde nær 100 prosent av alle over 18 år røysterett. I 2021 hadde andelen sokke til 90,2 prosent fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar.

  1. Kva seier figuren om kvifor ikkje alle over 18 år kan røyste ved norske stortingsval no?
  2. For kva år blei det store ‘hopp’ i andelen røysteføre ved stortingsval?
  3. Veit de kvifor? Diskuter moglege forklaringar.