Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Snakk saman om dette i klassen:

  1. Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag?
  2. Kva er sperregrensa og utjamningsmandat?
  3. Kva er parlamentarisme?
  4. Når fekk alle menn røysterett?
  5. Og kvinner?
  6. Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2021)?
  7. Korleis er valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk når de samanliknar dei to gruppene med kvarandre?
  8. Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla?

Sjekk svara dykkar her:

  1. Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag?

Alle som oppfyller desse fire krava har røysterett ved stortingsval:

  • er norsk statsborgar
  • har fylt 18 innan utgangen av valåret
  • har ikkje mista røysteretten etter Grunnlovens § 53
  • er, eller har tidlegare vore, folkeregisterført som busett i Noreg
  1. Kva er sperregrensa og utjamningsmandat?

Sperregrense: Den andelen av røystene eit parti må ha på landsbasis for å vere med å kjempe om utjamningsmandata.

I norske stortingsval er sperregrensa 4 prosent.

Utjamningsmandat: Dei mandata som blir fordelte på parti over sperregrensa for å utjamne skeivskapar som oppstår i fordelinga av mandat til dei partia som fekk flest røyster i kvart valdistrikt.

I norske stortingsval er det til saman 169 mandat. 150 av desse blir fordelte til dei partia som fekk flest røyster i kvart valdistrikt. Dei resterande 19 er utjamningsmandat og blir fordelte slik at òg dei små partia får eit riktig tal på sete i Stortinget.

  1. Kva er parlamentarisme?

Parlamentarisme: Folket, gjennom representantane på Stortinget, bestemmer kven som skal sitte i regjering: Regjeringa er forankra i Stortinget.

  1. Når fekk alle menn røysterett?

I 1898 fekk alle menn som hadde fylt 25 år røysterett.

  1. Og kvinner?

I 1913 fekk kvinner som hadde fylt 25 år røysterett.

  1. Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2021)?

77,2 prosent.

  1. Korleis er valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk (aldersgruppene 18–19 år og 20–24 år) når de samanliknar dei to aldersgruppene med kvarandre? Valdeltakinga er høgare for dei som er i aldersgruppa 18–19 år enn for unge i aldersgruppa 20–24 år.
  1. Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla?

Valdeltakinga for dei to yngste aldersgruppene er lågare enn for dei som er eldre, med unntak av at valdeltakinga er høgare for dei i aldersgruppa 18–19 år enn for dei aller eldste veljarane (80 år eller eldre).