Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon
 

Kor stor andel kunne røyste i 1815? Og i 2021?

Alle norske borgarar over 18 år, rundt 3,89 millionar personar, kunne røyste ved stortingsvalet i 2021. I 1815 kunne litt over 59 000 personar røyste ved stortingsvalet, eller 11 prosent av dei over 18 år, altså omtrent ein tidel. Omtrent ni tidelar av dei som fylte 18 år eller var eldre enn dette, kunne røyste ved det førre stortingsvalet.

Infografikken under viser viktige trekk ved utviklinga i dei 30 stortingsvala som har vore mellom 1875 og 2021.

Figur 2. Stemmerettsregler og stemmeberettigede ved stortingsvalgene. 1875-2021

Infografikk som viser valgoppslutning og stemmerettsregler fra 1875 til 2021
 

Figur 2 illustrerer røysterettsreglar og andel røysteføre i stortingsvala for perioden 1875–2021.

Røysterettsreglar, viktige endringar: I 1884 ble røysteretten utvida. I 1898 fekk menn som var fylt 25 år røysterett, og i 1913 kvinnene som hadde fylt 25 år. I 1920 gjekk røysterettsalderen ned til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år.

Røysteføre, i prosent av personar (norske borgarar) over 18 år: I åra fram mot 1885 hadde om lag 1 av 10 røysterett.  Røysteretten blei gradvis utvida mellom 1884 og 1913, og i 1913 var andelen tett opp mot 60 prosent. Andelen steig vidare, og i 1981 hadde nær 100 prosent av alle over 18 år røysterett. I 2021 hadde andelen sokke til 90,2 prosent fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar.

Kleven, Ø. (2017, Mai 11). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/stemmeberettigede-valgordninger-og-valgdeltakelse-siden-1815

Statistisk sentralbyrå. (2021, 29. november). Personer med stemmerett. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett

Statistisk sentralbyrå. (2021, 27. oktober). Stortingsvalet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2022, 28. juni). Fakta om valg. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

Statistisk sentralbyrå. (2022, 28. juni). Statistikkbanken. 10211: Befolkning, etter alder, statistikkvariabel, år og kjønn. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/table/10211/

Statistisk sentralbyrå. (2022, 28. juni). Statistikkbanken. 11581: Stortingsvalget. Valgdeltakelse, etter kjønn og alder. 1969-2021. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/table/11581/

Statistisk sentralbyrå. (2022, 28. juni). Statistikkbanken. 11589: Stortingsvalg. Stemmeberettigede, etter kjønn 1815 - 2021. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/table/11589/

 Gjer oppgåve C.