Valgurne med sameflagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Sametinget/Sámediggi blei opna den 9. oktober 1989, av Kong Olav V. Dette er noko av det som blir sagt om føremålet med arbeidet i Sametinget: 

– Sametinget skal styrke samenes politiske stilling og fremme samenes interesser i Norge, bidra til en likeverdig og rettferdig behandling av det samiske folket og arbeide med å legge forholdene til rette for at samene kan sikre og utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv (Sametinget, 2021). 

– Sametinget vil bidra til at rettighetene i FNs erklæring om urfolks rettigheter implementeres i lovverk og praktisk politikk som påvirker vår hverdag (Sametinget, 2021). 

Kva Sametinget skal jobbe med og kva det kan bestemme, er heilt overordna gjeve i Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (Lovdata.no), der §2-1 mellom anna viser til at Sametinget skal jobbe med saker som dei meiner at er særleg viktige for den samiske folkegruppa. Denne paragrafen og andre i sameloven gjeld også budsjett- og avgjerdsmyndigheita som Sametinget har (Lovdata, 2022).

Korleis ser samansetninga av Sametinget ut? Det kan du finne i statistikken om sametingsval frå Statistisk sentralbyrå.

Kanskje du er oppteken av kor mange kvinner og menn som er representantar i Sametinget? Etter sametingsvalet i 2021 er 41 prosent av dei valde representantane kvinner, mens kvinneandelen var på 43,6 prosent etter sametingsvalet i 2017 (Statistisk sentralbyrå, Sametingsvalet, 2021). 

Og korleis er partifordelinga? Vi ser på samansetninga i dei tre siste sametingsvala:

Figur 1. Valgresultat ved tre siste sametingsvalg

Lovdata. (2022, 22 04). Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). Henta frå Lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1987-06-12-56

Sametinget. (2021, Juli 29). Om sametinget. Henta frå sametinget.no: https://sametinget.no/om-sametinget/om-sametinget/

Statistisk sentralbyrå. (2021, Oktober 27). Sametingsvalet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2022, Juli 20). Valg. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

 

No kan du løyse oppgåve A.