Valgurne med sameflagget på og stemmeseddel, illustrasjon

No kjem nokre oppsummeringsspørsmål frå dei tre delane i undervisningsopplegget. Svar på spørsmåla som høyrer til dei delane av undervisningsopplegget som de har gjennomført.

Dei tre første spørsmåla er frå filmen med digital omvising i del 3, spørsmål 4 og 5 (og spørsmål 3 igjen) frå del 2, mens spørsmåla 6, 7 og 8 er frå del 1.

  1. I kva år blei det folkevalde organet til samane, Sametinget/Sámediggi, opna?
  2. Kvar ligg det folkevalde organet til samane?
  3. Kor mange representantar er det i Sametinget?
  4. Kor mange valdistrikt er det i sametingsvala?
  5. Kor ofte og når er det val til Sametinget?
  6. Kva lov regulerer Sametingets verksemd?
  7. Kva tre parti var størst ved sametingsvalet i 2021?
  8. Kva er andelen kvinner blant Sametingets representantar etter valet i 2021?