Valgurne med sameflagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Det er sametingsval kvart fjerde år, samtidig med stortingsvalet. Det er 39 representantar eller mandat som blir valde inn i Sametinget. Desse blir valde frå sju valkrinsar, som dekker heile Noreg. Representantane eller mandata frå kvar valkrins blir tildelt ut frå kor mange som er førte i valmanntalet, eller registeret over dei som har røysterett i krinsen. For å røyste må ein vere ført inn i dette valmanntalet i valkrinsen sin (Sametinget, 2021). 

Visste du at mange røystar på førehand i sametingsvalet? I 2021 var det 66,2 prosent førehandsrøyster i sametingsvalet. Andelen førehandsrøystar har auka mykje. I 2009 røysta 39,8 prosent på førehand. Her ser du korleis utviklinga har vore for heile landet og i dei ulike valkrinsane. 

Figur 2. Sametingsvalget. Andel forhåndsstemmer. 2009-2021

Ved sametingsvalet i 2021 var det 13 874 personar som brukte røysteretten sin, og med dette gjekk talet på røyster opp med 2 080 røyster.

Likevel gjekk valdeltakinga ned med 1,7 prosentpoeng, frå 70,3 til 68,6 prosent. Til samanlikning var valdeltakinga ved stortingsvalet på 77 prosent.

I sametingsvalet var valdeltakinga størst i Ávjovári valkrins (77 prosent) og lågast i Sør-Noreg valkrins (Statistisk sentralbyrå, Sametingsvalet, 2021).

I statistikkbanken finn du ein tabell over kor mange som hadde røysterett ved sametingsvalet i 2021, og kor mange som røysta.

I gjennomsnitt var det 355 røyster bak kvar representant i Sametinget i 2021. Men kor mange røyster det er per representant frå ulike valkrinsar varierer. At det er ulikt tal på røyster bak kvar representant i ulike valkrinsar, heng saman med storleiken på valkrinsen og valdeltakinga. Ein stor valkrins og god valdeltaking krev forholdsvis mange røyster per representant samanlikna med ein liten krins med lågare valdeltaking (Statistisk sentralbyrå, Sametingsvalet, 2021).

Sametinget. (2021, Juli 29). Om sametinget. Henta frå sametinget.no: https://sametinget.no/om-sametinget/om-sametinget/

Statistisk sentralbyrå. (2021, Oktober 27). Sametingsvalet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2021, Oktober 27). Stortingsvalet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2022, Juli 20). Valg. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

No kan du løyse oppgåve B.