Det finst også ein bokmålsversjon av dette undervisningsopplegget

Undervisningsopplegget er produsert av SSB som eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, og samfunnsfag/samfunnskunnskap. Vi har også undervisningsopplegg om stortingsvalet og om kommunestyre- og fylkestingsval

De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar så kan elevane lære om temaa ved å løyse oppgåver. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Viss de ønsker å lære meir om statistikkbanken før de løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om sametingsval, så gå til kurset Slik finner du tall i statistikkbanken.

Lærarar kan få fasit til taloppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no. Skriv også gjerne til oss viss de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar undervisningsopplegg om.

  • Utforske og presentere fakta om sametingsvalet.
  • Kjenne til nokre sentrale utviklingstrekk ved sametingsvala.

Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, samfunnsfag og samfunnskunnskap. Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnsfag (10. trinn) og samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2.

Meld deg på nyhendebrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.