324837
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
324837
statistikk
2018-02-22T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
ufats, Norske dotterselskap i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
true

Norske dotterselskap i utlandet

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltall

1 215

milliarder kroner omsetning

Norske dotterselskap i utlandet
2016
FøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle land4 3831 214 609284 010
Europa3 048731 208169 918
Afrika12235 0825 860
Asia603153 72253 615
Nord- og Mellom-Amerika416208 00929 938
Sør-Amerika12377 98022 839
Oseania718 6081 840

Se flere tabeller om emnet

Tabell 1 
Norske dotterselskap i utlandet, etter næring (SN2007)

Norske dotterselskap i utlandet, etter næring (SN2007)
20152016
FøretakOmsetning (mill. kr)SysselsetteFøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle næringar4 4601 278 868281 6784 3831 214 609284 010
Jordbruk, skogbruk og fiske5024 8357 4975530 6106 512
Bergverksdrift og utvinning115191 0927 621102148 6259 358
Industri1 047547 838112 2431 039506 488112 517
Elektrisitet, gass, vatn, avløp, renovasjon10610 4941 6821079 8581 488
Byggje- og anleggsverksemd10819 2724 84910423 3815 237
Varehandel, reparasjon av motorvogner539152 29924 994514150 97425 720
Transport og lagring50165 05025 83445064 35725 139
Overnattings- og serveringsverksemd1278 2377 5941308 1817 807
Informasjon og kommunikasjon451132 20845 689438141 35546 318
Finansierings- og forsikringsverksemd26338 3439 27725536 7846 770
Omsetning og drift av fast eigedom40614 1282 09038814 3793 030
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting54661 41420 87456658 88319 760
Forretningsmessig tenesteyting1399 6167 40416417 27110 008
Øvrige næringar624 0444 030713 4624 346

Tabell 2 
Norske dotterselskap i utlandet, geografisk fordeling

Norske dotterselskap i utlandet, geografisk fordeling
20152016
FøretakOmsetning (mill. kr)SysselsetteFøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
1ASEAN: Brunei Darussalam, Indonesia, Kambodsja, Laos, Myanmar/Burma, Malaysia, Filippinene, Singapore, Thailand, Vietnam.
2Finansielle offshore sentra: Andorra, Antigua og Barbuda, Anguilla, De nederlandske Antillene (t.o.m. 2010), Aruba (f.o.m. 2011), Barbados, Bahrain, Bermuda, Bahamas, Belize, Cookøyene, Curaçao (f.o.m. 2011), Dominica, Grenada, Guernsey, Gibraltar, Hong Kong, Isle of Man, Jersey, Jamaica (t.o.m. 2010), Saint Kitts og Nevis, Caymanøyene, Libanon, Saint Lucia, Liechtenstein, Liberia, Marshalløyene, Mauritius (f.o.m. 2011), Montserrat, Maldivene (t.o.m. 2010), Nauru, Niue, Panama, Filippinene, Seychellene (f.o.m. 2011), Singapore, Turks og Caicosøyene, Sint Maarten (Nederlandsk del) (f.o.m. 2011), Saint Vincent og Grenadine, Jomfruøyene (Britisk), Jomfruøyene (US),Vanuatu, Samoa
3Brasil: Detaljerte data for Brasil kun tilgjengelig frå årgang 2013.
Alle land4 4601 278 868281 6784 3831 214 609284 010
 
Verdsdelar
Europa3 107738 114164 2113 048731 208169 918
Afrika11442 1457 27912235 0825 860
Asia629185 16555 274603153 72253 615
Nord- og Mellom-Amerika409218 82832 132416208 00929 938
Sør-Amerika13181 64819 60812377 98022 839
Oseania7012 9683 174718 6081 840
 
Utvalde landgrupper
EU2 941663 726158 6362 878663 621163 605
Europa unntatt EU og Norden14973 5165 27915165 3975 765
Norden1 388343 46872 9241 360348 09076 208
ASEAN1265101 53120 05425683 97618 568
Finansielle offshore sentra221751 0226 63720936 9325 918
 
Utvalde land
Sverige919190 25650 138890193 52452 985
Danmark294121 34015 593276118 92215 749
Tyskland22573 59412 58219667 88911 619
Storbritannia25760 74415 31626955 76514 967
USA290179 60122 696296170 09121 252
Brasil38069 75816 4477866 66519 779

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Dette gjeld norske dotterselskap i utlandet som er kontrollerte, direkte eller indirekte over 50 prosent. Ein ser på tal for føretak, sysselsette og omsetning fordelt etter næring og land.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Norske dotterselskap i utlandet

Eit norsk dotterselskap i utlandet er definert som eit føretak i utlandet som er kontrollert av eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg gjennom ein eigarpart på over 50 prosent.

Føretak

Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Eksemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Berre aktive føretak, med omsetning og/eller sysselsette, er med i populasjonen. 

Sysselsette

Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året. 

Omsetning

Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.

Standard klassifikasjonar

Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs næringsstandard NACE rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Norske dotterselskap i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansregnskap

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå. Utlandet er landfordelt.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret.

Internasjonal rapportering

Rapportering til Eurostat og OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og reviderte mikrodata er lagra i samsvar med SSB sin standard for arkivering av filer (DataDok). Mikrodata er lagra for dei same periodane som dei publiserte data på SSB sine internettsider, og er tilgjengeleg til forskingsføremål etter SSB sine reglar for utlevering av data til slike føremål.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å gi ei samla oversikt over norske dotterselskap si økonomiske aktivitet i utlandet. Statistikken er internasjonalt kjend fom Foreign Affliatetes Statistics (FATS). den vert i kortform heretter kalla "utgåande FATS".

I Noreg blei tal for utgåande FATS samla inn for første gang i 2008.

Brukarar og bruksområde

Tal for norske dotterselskap si aktivitet i utlandet vert nytta til mellom anna måling av graden av globalisering, internasjonale handelsforhandlingar og økonomisk forsking. Brukarar er myndigheiter, næringslivet, ambassadar, utdannings- og forskingsinstitusjonar med fleire. Dessutan vert data rapportert til Eurostat og OECD, i tråd med pliktar høve til EØS-avtalen og andre internasjonale avtaler. 

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikk som ligg innanfor same område som utgåande FATS og eigarinteressene, er statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (DI). Statistikken over norske direkteinvesteringar i utlandet sine behaldningar syner fordringar overfor utlandet i form av norskeigd aksjekapital og annan kapital knytt til direkteinvesteringar. Den seier lite om korleis norske eigarinteresser i utlandet påverkar økonomien i dei landa ein har investert i. FATS-statistikken gjer oss i større grad i stand til å beskrive denne påverknaden, og denne statistikken er ein naturleg vidareføring av Statistisk sentralbyrås eksisterande statistikk på globaliseringsfeltet.

Statistikk for utanlandske dotterselskap i Noreg (inngåande FATS) viser tilsvarande forhold der utlendingar kontrollerer norske føretak. Statistikken byggjer på tilsvarande internasjonale krav som utgåande FATS.

Lovheimel

Statistikklova § 2-2 og § 3-2 ligg til grunn for SSB si innhenting av data frå rapportørane.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EØF) nr. 716/2007 av 20.juni 2007 om Fellesskapet sin statistikk om strukturen og aktiviteten til utanlandskontrollerte føretak (FATS-forordningen).

Statistikken vert utarbeida i tråd med anbefalingar frå Eurostat, nedfelt i "Recommendations manual on the Production of Foreign Affiliates Statistics".

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer norske dotterselskap i utlandet, det vil seie dotterselskap som vert kontrollerte anten direkte eller indirekte av eit føretak i Noreg. Sjå punkt under "omgrep" for nærmare definisjon av norske dotterselskap. Berre aktive føretak, med omsetning eller sysselsette, er med i populasjonen. Statistikken omfattar i prinsippet alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er SSB si eiga innsamling av rapportar i utlandet, som er ei felles innsamling med norske direkte investeringar i utlandet (DI). Rapportane gir informasjon om dei utanlandske føretaka som det norske føretaket eig, med rekneskapsinformasjon om omsetning og sysselsette. I tillegg nyttar ein informasjon i årsrekneskapane som er sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund og frå presse, internett og liknande, for å kartleggje endringar i investeringar i utlandet og til å kartleggje ultimat eigarland (landet der det "siste" føretaket i eigarkjeda ligg, det vil seie føretak som ikkje er kontrollerte av eit anna føretak).

Utvalet dekkjer dei største føretaka (Cut-off utval) og berre aktive føretak er med i populasjonen. Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008). Dei aller største føretaka har vore med heile tida.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikk over aktiviteten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på SSB si innsamling av opplysningar om investeringar i utlandet. Statistikkgrunnlaget vert samla inn saman med informasjon til statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (utgåande DI).

Dei innsamla data vert i stor grad kontrollerte mot fjorårstal og informasjon frå årsrekneskapane sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. For dei førataka som er med i undersøkinga gjer ein kontroll av eigarskapet gjennom å nytte informasjon frå rekneskapar og føretaka sine heimesider og liknande om dei ultimate eigarlanda til føretaka. Berre dei som har Noreg som ultimat eigarland (det vil seie eit norsk dotterselskap) er med i denne statistikken.

Ein har så langt ikkje etablert metodar for oppblåsing til populasjonsnivå for tal på føretak, omsetning og sysselsette i utlandet.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjorde dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, og dette fører med seg fare for identifisering, det vil seie at tala kan førast attende til oppgåvegjevaren. Det same gjeld også ved fleire enn tre førekomstar dersom ein oppgåvegjevar er så stor at han kan bli identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Utvalet av føretaket i statistikken har vorte større sidan starten i 2008, og dette kan påverka samanlikning av resultata over tid, særleg for nivåtal.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Kvaliteten på statistikken vert påverka av registreringsgrunnlaget for datainnsamling og kvaliteten på data som vert innrapporterte. Oppgåvegjevaren kan fylle ut skjemaet feil, og SSB si behandling av data i samband med innregistrering kan føre til feil. Feil i denne samanhengen kan være bruk av feilaktig skala, til dømes kroner i staden for tusen kroner.

Statistikk over aktivitenten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på Statistisk sentralbyrå si eiga innsamling. Ein både purrar og gir tvangsmulkt etter dei reglane som gjeld i statistikklova. Det kan hende at nokre einingar lar vere å overhalde rapporteringsplikta, men alle viktige einingar er med i statistikken.

Det finst nokon svakheiter med omsyn til populasjonsoppdatering og utvalstrekking. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, legg ein stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleiken på variablane som skal rapporterast. Foreløpig er det ikkje gjennomførd uttrekningar av utvalsfeilen for undersøkinga. Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar deu aller fleste einingane som har økonomiske fordringar og gjeld mot utlandet. Det finst så langt inga samla oversikt over føretak som har slike mellomværande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den einskilde rapporteringsperioden.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB