Statistikken viser multinasjonale selskaps aktivitet i utlandet som er Eit norsk dotterselskap i utlandet er eit føretak i utlandet som er kontrollert frå Noreg, ved at eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg eig over 50 prosent av det.. For året 2022 viser utvalet av norske multinasjonale selskap som er med i statistikken at 53 prosent, eller 1 049 milliardar kroner, av omsetninga var genererte i Europa. Nord-, Sentral-Amerika og Karibia hadde 23 prosent av omsetninga. Av alle enkeltland i statistikken var USA det største landet målt etter omsetning, og var på 455 milliardar kroner for året 2022.

Figur 1. Omsetning etter verdsdel. Milliardar kroner

Industrinæringa omsette for store verdiar og har høg sysselsetting

Ser ein på næringsfordelinga i figur 2, så var det industrinæringa som omsette for dei største verdiane, med 621 milliardar kroner i 2022. Næringa hadde 832 føretak i utlandet. Fordelt etter verdsdelar så var Europa den største bidragsytaren i industrinæringa med omsetning på 339 milliardar kroner. Nord-, Sentral-Amerika og Karibia viste ei omsetning på 120 milliardar kroner.

Ser ein på sysselsetting så var det 108 343 sysselsette i industrinæringa. Her er det også flest tilsette i Europa med 62 492 sysselsette, og 14 012 i Nord-, Sentral-Amerika og Karibia. Asia hadde 16 899 sysselsette knytt til industrinæringa.

Figur 2. Omsetning etter næring for norske dotterselskap i utlandet i 2022. Prosent

Lønnskostnader

I 2022 hadde norske dotterselskap i utlandet ein samla lønnskostnad på rundt 165 milliardar kroner. I Sverige var samla lønnskostnad på totalt 35 milliardar kroner. Bak Sverige følgjer USA og Danmark med høvesvis 22 milliardar kroner og 15 milliardar kroner.

Bruttoinvesteringar i fast realkapital

Statistikken viser at bruttoinvesteringar, det vil seie nye anskaffingar av fast realkapital som tomter, bygningar og maskiner osv., var på 188 milliardar kroner. Dei største nye anskaffingane er i næringane bergverksdrift og utvinning med 50 milliardar kroner, finansierings- og forsikringsverksemd med 29 milliardar kroner, og transport og lagring med 26 milliardar kroner. 

Tal for årgangen 2021 er revidert i denne publiseringa.

Variabelen omsetning er revidert i 2021 med vel 53 milliardar kroner.

Variabelen føretak er revidert i 2021 med 236 fleire føretak.

Variabelen sysselsette er revidert i 2021 med 1 078 fleire sysselsette.

Lønnskostnader og bruttoinvesteringar bar preg av usikre beløp i 2021 som følgje av det er første gong det blei publisert. Det er gjennomført revisjonar på desse variablane, men det kan framleis bere preg av noko uvisse.

Kvaliteten på statistikken vert påverka av kvaliteten på data som vert rapporterte. I samband med utarbeidinga av data for 2022, blir tidlegare årgang redigert. Det er også gjennomført ein kontroll på næringsplasseringa av dei utanlandske dotterselskapa. Næringsplassering blir rapportert frå det norske selskapet som eig dei utanlandske selskapa. Dersom ikkje næring blir oppgjeven så bruker vi næringa til det norske selskapet. Det er no henta inn ei ny administrativ kjelde (EuroGroupRegister) som gjev næringsplassering for multinasjonale selskap.

Statistikken følgjer internasjonale retningslinjer slik at han er samanliknbar på tvers av landegrenser. I fjor, 2023, kom det ein ny internasjonal manual for denne statistikken. Ved årets publisering er dei nye definisjonane av aktive føretak og omsetning for holdingselskap som er plasserte under næringa «Finansierings- og forsikringsverksemd». 

Vi gjer merksame på at tala for årgang 2020 og bakover i tid ikkje er revidert. Det kan gje noko effekt på samanliknbarheit over over tid. Statistikken er definert ut frå norskkontrollert eigarskap. Eigarskap endrar seg, og det kan også påverke tala i tidsseriane.