402552
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
402552
statistikk
2020-09-01T08:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
true

Overnattingar

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

-3,1 %

reduksjon i overnattinger frå juli 2019 til juli 2020

Overnattingar
OvernattingarEndring i prosent
Juli 2020Hittil i årJuli 2019 - Juli 2020Hittil i år mot i fjor
Overnattingar i alt6 371 06915 178 760-3,1-29,7
Hotell og liknande overnattingsbedrifter3 065 6919 155 162-9,0-37,7
Campingplassar2 862 4884 810 6144,7-7,9
Hyttegrender og vandrarheimar442 8901 212 984-6,6-27,8

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest

Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
Juli 2020Juli 2020Juli 2020
GjesterOvernattingarGjennomsnittleg overnattingar per gjest
NorgeUtlandetNorgeUtlandetNorgeUtlandet
1Svalbard er ikke definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk behandles Svalbard på lik linje med de andre fylkene i Norge.
Heile landet2 910 664264 1565 890 153480 9162,01,8
Viken264 74121 439711 51344 6112,72,1
Oslo151 80317 412298 92740 0442,02,3
Innlandet384 65119 977784 81135 9922,01,8
Vestfold og Telemark259 71313 227806 55727 9603,12,1
Agder271 41214 912642 43137 9232,42,5
Rogaland165 69219 473318 80137 1381,91,9
Vestland473 98244 307807 18187 1151,72,0
Møre og Romsdal217 21314 848361 60427 0021,71,8
Trøndelag - Trööndelage288 09517 640491 12029 2131,71,7
Nordland292 25431 698441 41940 9541,51,3
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku138 26648 738217 84071 8231,61,5
Svalbard12 8424857 9491 1412,82,4

Tabell 2 
Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land

Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land
Juli 2020Endring frå same månad året før
OvernattingarProsent
I alt6 371 069-3,1
Norge5 890 15338,8
Utlandet i alt480 916-79,4
Danmark129 49717,3
Finland78 4609,6
Sverige20 874-90,9
Belgia5 020-90,4
Frankrike5 000-95,3
Italia3 352-93,3
Nederland30 061-87,3
Polen14 275-69,8
Russland835-98,0
Storbritannia18 109-75,6
Spania2 912-95,7
Sveits7 501-89,6
Tyskland84 711-84,6
Østerrike2 291-92,6
India1 587-87,5
Japan361-97,8
Kina493-99,5
Sør-Korea159-99,4
USA31 729-82,1
Australia444-97,8

Tabell 3 
Hotell, campingplassar, hyttegrender og vandraheimar fordelt på fylke

Hotell, campingplassar, hyttegrender og vandraheimar fordelt på fylke
Juli 2020
Antal bedrifter
Hotell og liknande overnattingsbedrifterCampingplassarHyttegrender og vandrarheimar
1Svalbard er ikke definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk behandles Svalbard på lik linje med de andre fylkene i Norge.
Heile landet954932710
Viken1159761
Oslo5133
Innlandet12113799
Vestfold og Telemark689935
Agder525538
Rogaland624443
Vestland160137151
Møre og Romsdal668457
Trøndelag - Trööndelage9110968
Nordland929290
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku697565
Svalbard1700

Tabell 4 
Overnattingar per innbyggar og areal per fylke

Overnattingar per innbyggar og areal per fylke
Juli 2020
Overnattingar per innbyggar1Overnattingar per km²
1Folketalet for Noreg er tal frå inngangen av 1. kvartal 2020. For Svalbard er folketale folkemengda i Longyearbyen og Ny-Ålesund frå 1. januar 2020.
2Svalbard er ikke definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk behandles Svalbard på lik linje med de andre fylkene i Norge.
Heile landet1,1917,51
Viken0,6133,21
Oslo0,49794,96
Innlandet2,2116,62
Vestfold og Telemark1,9952,40
Agder2,2145,41
Rogaland0,7441,51
Vestland1,4027,97
Møre og Romsdal1,4728,08
Trøndelag - Trööndelage1,1113,18
Nordland2,0013,49
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku1,194,08
Svalbard23,740,15

Om statistikken

Statistikken kartleggjer nivå og utvikling av den kommersielle overnattingstrafikken. Tala omfattar overnattingar på hotell, camping, og samla for hyttegrender og vandrerhjem. Tala vert publisert på fylkesnivå, tall på totale overnattingar vert også publisert  for kommunar og kommunegrupper, andre område kan tingast. Tal omfattar ikkje privat overnatting formidla via Airbnb og liknande. 

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For alle overnattingsverksemder gjeld talet på bedrifter som er registrerte som opne minst ein dag i den perioden som tabellen har tal for.

Bustadland: Internasjonale turistar skal klassifiserast i samsvar med det landet dei bur i, og ikkje i samsvar med statsborgarskap. Frå eit turismestandpunkt er kvar person som flyttar til eit anna land og har tenkt å bu der i meir enn eitt år, å sjå som tilhøyrande dette landet. Bustadland blir avgjort ved hjelp av spørsmål, eller for eksempel ved hjelp av adressa til personen, medan statsborgarskap går fram av personen sitt pass (eller anna legitimasjonsdokument).

Overnatting: Ein person overnattar ei natt.

Senger og rom på hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedriftene som er registrerte som opne.

Rom og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent. Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annan.

Kapasitetsutnytting av senger i hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom i hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingsverksemda, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.

Med oppgåver over losjiomsetning, talet på overnattingar og selde rom, kan ein berekne gjennomsnittlege prisar både per overnatting og per rom. Nokre bedrifter endrar kapasitet i året. Med opplysningar om senge- og romkapasiteten i bedrifta dei ulike månadene, vert talet på senger og rom på års- eller sesongbasis berekna som eit månadleg gjennomsnitt.

1. januar 2016 og 1. Januar 2018 auka den låge meirverdiavgiftssatsen med 2 % frå henholdsvis 8 til 10 % i 2016, og frå 10 til 12 % i 2018. Det er i motsetning til serveringsomsetning som har 25 prosent. For å lette arbeidet som bedrifta har med fordeling av pensjonsprisen mellom omsetning med lav og høg sats, kan bedriftene nytte Finansdepartementet sine forskrifter av 28. november 1977.

Under inndelinga «Kurs/konferanse» førast gjester som er på kurs eller konferanse, uavhengig av om kurset arrangerast på overnattingsstaden eller i området. Dersom dei har med familiemedlemmar, skal også deira overnattingar førast under føremålet «Kurs/konferanse». 

Under yrke førast handelsreisande, offentleg ansatte, forretningsdrivande, montørar, reparatørar eller liknande som overnattar på hotell i forbindelse med utføring av yrket. Om den yrkesreisande har med familiemedlemmer, skal også deira overnattingar føres under føremålet «Yrke» sjølv om familiemedlemmenes eigentlege formål med opphaldet er ferie og fritid. 

Under «Ferie/fritid» førast antall overnattingar for gjester som har ferie og fritid som formål med opphaldet

Hyttegrender er hytter/rom som er tilrettelagde for sjølvstell og organisert som ei samling av enkeltståande einingar. Ved sjølvstell er graden av service vanlegvis redusert og inkluderer til dømes ikkje oppreiing av senger og vask av rom og eventuelle sanitæranlegg som hyttene måtte vere utstyrte med. Bedriftene må vere drive under felles leiing, med eigen resepsjon og vere drive på kommersiell basis.

Einingsdøgn: Ei eining (familie eller reisefølgje) som overnattar i ei hytte/eit rom uavhengig av kor mange personar det er i eininga.

Sesongkontrakt: Campingvogn/telt på fast kontrakt (sesongkontrakt) er leige av fast plass for vognene/telt  til ein pris uavhengig av kor mykje den er i bruk.

Totalkapasitet for campingplassen er summen av talet på hytter og oppstillingsplassar for telt, campingvogn eller bubil.

Standard klassifikasjonar

Fylke og kommune Standard for Næringsgruppering.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Overnattingar
Emne: Transport og reiseliv

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets konjunkturer

Regionalt nivå

Fylke og kommune. Totale overnattingar vert publisere for kommunar og kommunegrupper.  Ein kan tinge statistikk inndelt etter andre geografiske einingar

 

Kor ofte og aktualitet

Hyppigheit: Månad

Aktualitet: Om lag 4 til 5 veker etter utgangen av referansemånaden

Internasjonal rapportering

Data vert rapporterte til Eurostat, FN og OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata er lagra i Oracle-databasar, og som filer i SAS- og ASCII-format.

Bakgrunn

Føremål og historie

Kommersiell overnattingstrafikk er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er difor å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg.

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. Campingstatistikken vart etablert i 1968. Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998. Tal for Norske Vandrerhjem vart publisert for første gong i SSB sin årlege publikasjon i 1965, men er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med juli 2002. Vandrerhjem blei slått saman med Hyttegrender frå 2020 for å kunne publisere tal på fylkesnivå for denne gruppa.

Dei faglege endringane som er gjorde i statistikken opp gjennom åra, er nærare omtalte i kapittelet Produksjon -Samanlikningar over tid og stad.

Brukarar og bruksområde

Statistikkane vert nytta av Nærings- og fiskeridepartementet, Innovasjon Norge, organisasjonar og forskingsinstitusjonar innanfor reiselivet samt internasjonale organisasjonar som til dømes Eurostat. Kartlegginga av turisttilstrøyminga til Noreg er viktig som grunnlag for forsking og ikkje minst som oppfølging av marknadsføringa av Noreg i utlandet og som grunnlag for oppfølging av myndigheitene si satsing på reiseliv som vekstområde.

Internt i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukere har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter forhåndsvarsling senest tre måneder før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigste prinsippene i SSB for å sikre likebehandling av brukerne.

Samanheng med annan statistikk

Nasjonalrekneskapen nyttar hotellstatistikken i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Hotellstatistikken sine tal for norske overnattingar vert nytta for å kvalitetssikre Reise- og Ferieundersøkinga.

Overnattingsstatistikkane vert nytta til utrekningar i den kvartalsvise omsetningsindeksen for samferdsel og reiseliv. I tillegg tala nytta til å kvalitetssikre strukturundersøkinga for hotell- og restaurant.

Lovheimel

Hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem: § §2-1, 2-2 og 2-3 i lov av 16. juni 1989 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikklova).

EØS-referanse

REGULATION (EU) No 692/2011 OF THE EUROPEAN PARLIAMENT AND OF THE COUNCIL of 6 July 2011 concerning European statistics on tourism and repealing Council Directive 95/57/EC

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar hotell og andre overnattingsbedrifter, camping, hyttegrender, samt medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem.

Hotellstatistikken omfattar alle hotell og liknande overnattingsbedrifter.

Campingstatistikken omfattar alle plassar med ein kapasitet på minst 20 utleieeiningar, oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar, telt og eventuelle sengeplassar i hytter. 

Hyttegrendstatistikken omfattar alle hyttegrender med ein kapasitet på 10 sengeplassar.

Statistikken for vandrerhjem gjeld alle vandrerhjembedriftene.

Hotell: Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar fordelte på gjesten sin nasjonalitet og på gjesten sitt formål med hotellopphaldet.

Camping, Hyttegrender og Norske Vandrerhjem: Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over anten talet på einingsdøgn eller gjestedøgn, fordelte på landet gjesten bur i. For camping vert einingsdøgna eller gjestedøgna også fordelte på overnattingsmåte.

Talet på einingsdøgn multiplisert med rapportert faktor gjev talet på overnattingar. For bedrifter som berre rapporterer einingsdøgn, vert talet på overnattingar estimert ut frå opplysningar gitt av eininga. Tidlegare vart overnattingane estimert ut frå tal som viste at kvar familie/reisefølgje som deler hytte/vogn består av tre personar.

Nasjonalitetsfordelinga for alle statistikkane er i samsvar med EUs direktiv for turismestatistikk. I tillegg registrerer ein talet på overnattingar frå personar som bur i utvalde land etter behov frå brukarar.

Datakjelder og utval

Rapportering i via ALTINN. Dette skjer gjennom sjølvutfylling av skjema eller via einingane sine bookingsystem. 

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei grensene som er nemnt i kapittelet Omfang. 

Datainnsamling, editering og beregninger

Frist for innsending er den 10. i månad m+1. Alle statistiske data vi får vert kontrollerte for matematiske og logiske feil.

Det er om lag 2 prosent som ikkje svarer på undersøkinga. Det blir korrigert for dette fråfallet med bakgrunn i opplysningar frå andre respondentar.

Det er god statistisk samanheng mellom delen av yrkesovernattingar og overnattingsprisen som hotellet kan få i marknaden. Denne samanhengen er nytta for å rekne ut overnattingspris og vidare losjiomsetning for bedrifter som ikkje har gitt oppgåve over omsetning.

Sesongjustering

Resultat vert publisert i original form. Nokre av hotelldata vert sesongjusterte ved hjelp av X12ARIMA, http://www.ssb.no/maanedshefte/del1/kifig46n.shtml

Konfidensialitet

Ein offenteggjer ikkje tal dersom ei eining står for minst 90 prosent av innehaldet i ei celle, eller dersom to einingar står for minst 95 prosent av innehaldet i ei celle i tabellen. Ein offentleggjer dermed ikkje tal dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen.

Årsaka er fare for identifisering ved at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. Særlig gjeld dette ved offentleggjering av tal på mindre geografisk nivå, f.eks. kommuner og kommunegrupper der få bedrifter står for brorparten av overnattingane utanfor den tradisjonelle sesongen. Ein løyser dette ved å undertrykkje desse tala i tabellen.

Samanlikningar over tid og stad

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. På grunn av diverse forandringar i omfang og opplegg, kan ein ikkje samanlikne statistikken i heile perioden. I samband med endringa i hotellova i 1984 vart godkjenningsordninga oppheva. Den manglande jamføringsgraden frå 1984 til 1985 er nærare dokumentert i Norsk Hotellnæring 1950-1990. Sosiale og økonomiske studier 77, Statistisk sentralbyrå.

Bortsett frå tre utvidingar i 1990, 1995 og i 2005 ved at fleire nasjonar vart spesifisert i statistikken, kan ein likevel samanlikne hotellstatistikken frå 1985 til i dag.

Campingstatistikken vart etablert i 1968, der omfanget er endra fleire gongar seinare. I 1988 vart det etablert eit register med opplysningar om opningstid og kapasitet for alle plassane som gjorde det mogleg å berekna tal for dei som ikkje har svart. Desse endringane er nærare dokumenterte i Camping i Norge 1984-1994. Rapporter 95/17, Statistisk sentralbyrå. I 1996 vart nasjonalitetsfordelinga utvida til å tilfredsstilla EU sine krav. I 1998 vart omfanget utvida samt at også overnattingar i sesongkontrakt vart registrerte i statistikken. Vidare vart campingstatistikken utvida til også å dekkje både vinter- og haustsesongen med fortløpande månadleg publisering. Bortsett frå ein utviding i 2005 ved fleire nasjonar spesifisert i statistikken, kan overnattingsstatistikken for campingplassar samanliknast frå 1998.

Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998 og kan samanliknast fram til 2002. Frå 2002 er enkelte bedrifter i hotellstatistikken omklassifiserte til hyttegrender. Dette har medført at statistikken ikkje heilt kan samanliknast frå 2002 til 2003. Bortsett frå ein utviding i 2005 ved fleire nasjonar spesifisert i statistikken, kan overnattingsstatistikken for hyttegrender likevel samanliknast frå 1998.

Hyttegrendene og campingplassane har fram til 2012 rapportert gjestetrafikken i form av einingsdøgn (jf. kapittel Produksjon - omfang over). Einingsdøgn vart rekna om og publiserte som overnattingar baserte på tidlegare undersøkingar om at kvar familie/reisefølgje som deler hytte/vogn består av tre personar. Frå og med januar 2013 vart hyttegrendene og campingplassane blitt bedne om å rapportere gjestedøgn. Nokre campingverksemder har likevel fortsett å rapportere einingsdøgn. Ein større revisjon og retting av desse tala blei derfor gjennomført i juni 2014. 

Etter ein grundig gjennomgang av kvaliteten på data som vart samla inn frå bedrifter som rapporterte i einingsdøgn og brukte faktor for å fordele etter nasjonalitet, blei det bestemt at bedriftene igjen skulle få rapportere i einingsdøgn, både for føremål og etter nasjonalitet.

Enkelte større hyttegrender har endra rapporteringsform ved at dei frå og med 2004 i staden rapporterer talet på overnattingar. Den tidlegare nytta omrekningsnøkkelen på tre personar per familie/reisefølgje har vist seg å vere for låg for desse bedriftene, noko som har ført til at tala ikkje heilt kan samanliknast frå 2003 til 2004.

Frå og med januar 2013 er produksjonsrutinane endra i vesentleg grad. Ein har fått ny nedre grense for å vere med i statistikken (cut off) som er basert på internasjonale retningsliner (jf. Omfang i teksten over). Det er overnattingar som skal rapporterast, enten i form av gjestedøgn eller einingsdøgn, og overnattingsbedrifter i Bedrifts- og foretaksregisteret utgjer populasjonen saman med supplerande undersøkingar frå andre næringar (jf. landbruk). Dette har ført til at vesentleg fleire bedrifter har kome med i statistikken. Ein del bedrifter har blitt omklassifisert frå hotell til hyttegrend og omvendt. Til saman gjer desse endringane at tal for camping og hyttegrender ikkje er samanliknbare med tal før januar 2013. Hotelltala er samanliknbare, men ein skal vere varsam med samanlikningar på mindre geografiske nivå - t.d. kommunar og nokre fylke.

Tal for Svalbard har i 2013 blitt teke med i den ordinære overnattingsstatistikken i to omganger. Først vart Svalbard med frå og med mars 2013. I juli 2013 vart Svalbardtala for januar og februar lagt inn i statistikkbanken. Dette gjer at landstala kan avvike litt mellom det som fins i statistikkbanken, og det som er publisert i Dagens statistikk i januar - mai. 

Frå og med januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn, og i samband med omlegginga er det gjort nokre endringar i skjema. Det syner seg etter kvart at desse endringane har vore litt krevjande for nokre av rapportørane, noko som kan ha medført feil i innrapporteringa. Sjølv om SSB korrigerer tydelege feil, kan det i denne overgangsfasen vere noko meir uvisse knytta til dei publiserte tala. SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre enn det som vart samla inn før overgangen til Altinn. Det er òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem). Ved overgang til Altinn, måtte det gjerast endringar i systema. 

Overnattingar skal rapporterast etter gjesten sitt bustadland.  Ved overgangen til Altinn i 2017, utvida SSB landlista og fjerna etter ønske frå brukarane «Europa elles». Ei kartlegging gjort i vår og i sommar, viser at ein del hotell som tidlegare nytta «Europa elles», no har ført overnattingar med usikre bustadland som norske overnattingar. Dette kan ha gitt ein for stor nedgang i utanlandske overnattingar frå Europa, og tilsvarande for høge tal på norske overnattingar. Tala for Noreg og «Europa elles» i 2017 kan ikkje direkte samanliknast med tidlegare år. Kategorien "Europa elles" er blitt fjerna fra januar 2018, da alle europeiske land dekkes av statistikken.I tillegg har fleire land vorte inkludert i statistikken over tid, som har påverka kategorien «Asia elles».

Ved overgang til Altinn vart skjema utvida til å ta med spørsmål om talet på komne gjestar ved campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, for dei bedrifta som rapporterer i gjestedøgn. For bedrifter som rapporterer i einingsdøgn, og dermed ikkje kjenner til talet på gjestar som har vore der i løpet av ein månad, vert dei bedt om å gje faktorar for eit gjennomsnitt av tal på gjestar, samt talet på innsjekkingar, som gjer det mogeleg for Statistisk Sentralbyrå å estimere dei komne gjestane.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

På grunn av omlegginga i januar 2013, kan de ha vore feilregistreringar for camping og hyttegrender, noko som gjer at tala ikkje er 100 prosent samanliknbare med tala utover i 2013 og med tilsvarande månad i 2014.

Generelt vil det kunne oppstå feil under utfyllinga av skjemaet (oppgåvegjevar gjev feil svar). Dette har vore forsøkt retta i ei støre omlegging av ALTINN skjema som er gjeldande frå august 2020.

Ved utløpet av fristen ligg svarprosenten på om lag 70 prosent, medan han ved publisering ligg på rundt 97-98 prosent. Totale og partielle fråfall vert berekna maskinelt, sjå Datainnsamling, editering og utrekningar i teksten over. Utrekning eller imputering av verdiar for overnattingsbedrift som ikkje har svara, er basert på ein kombinasjon av einingas tidlegare rapporterte verdiar og stratum. Stratum er gitt av fylke. Ved imputering av verdiar, kan det oppstå vesentleg uvisse som igjen kan gjere seg tydeleg på mindre regionale område.

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei nemnde grensene, sjå kapittel om Omfang over. Frå og med januar 2013 vert populasjonsgrunnlaget til overnattingsstatistikken oppdatert regelmessig mot Einingsregisteret. Nyetablerte einingar, einingar med eigarskifte eller næringsendringar vert lagt til eller tatt ut av populasjonen. Det kan oppstå tidsetterslep og feil og manglar i populasjonsoppdateringa, noko som kan redusere samanlikning over tid.

Campingplassane si rapportering av bruk av campingvogner på fast kontrakt (Sesongkontrakter), er i mange tilfelle basert på vurderingar. Rapportering av talet på gjestedøgn kan for campingplassar og hyttegrender vere basert på vurderingar. Det vart derfor mogeleg for campingplassar og hyttegrender å levere tall i einingsdøgn, for dei einingane som hadde vanskar med å rapportere i gjestedøgn.Dette kan redusere samanlikning tilbake i tid for mindre regionale område. Innrapporteringsfeil kan i enkelte tilfelle bli forsterka dersom det blir gjort imputering i same stratum som eininga med rapporteringsfeil, men etter ei omlegging av imputering i august 2020, er denne risikoen minska.

Revisjon

Ikkje relevant

Analysar, artiklar og publikasjonar

Overnattingar nær normalt nivå i juli

Overnattingar nær normalt nivå i juli

Publisert 1. september 2020

Etter fleire månader med kraftige fall i totale overnattingar var det i juli berre ein liten nedgang samanlikna med juli 2019. Agder og Nordland hadde størst auke, medan fallet var størst i Oslo og Vestland. Det var også ein kraftig vriding frå utanlandske til norske overnattingar.

Les artikkelen
Utlendingene satte overnattingsrekord i sommer

Utlendingene satte overnattingsrekord i sommer

Publisert 14. oktober 2019

Utlendinger sto for godt over 6 millioner overnattinger i Norge fra mai til og med august i år. Det er ny rekord, og tyskerne er de klart ivrigste gjestene i Norge.

Les artikkelen
Amerikanerne kommer

Amerikanerne kommer

Publisert 18. oktober 2018

Både nordmenn og utlendinger foretok rekordmange overnattinger ved norske overnattingssteder i sommer. Av de utenlandske overnattingene er det særlig de fra USA som har økt de siste årene.

Les artikkelen
Bil og transport

Spania på ferietoppen i Norge og Europa

Publisert 18. mars 2019

Nordmenn er helt på linje med resten av Europa når det gjelder ferie utenlands: Spania er mest populært. Men for nordmenns del må Spania dele førsteplassen med «söta bror».

Les artikkelen
Oppgang i campingovernattingar fram mot mai

Oppgang i campingovernattingar fram mot mai

Publisert 21. juni 2018

Det var registrert 670 000 overnattingar ved norske campingplassar dei fire første månadene i år. Dette er ein vekst på 7 prosent sidan dei rekordlåge tala frå 2017 då talet på overnattingar fall med 17 prosent frå året før.

Les artikkelen
Flere utlendinger valgte Nord-Norge i vinter

Flere utlendinger valgte Nord-Norge i vinter

Publisert 20. juni 2019

På ett år har de tre nordligste fylkene opplevd en vekst i utenlandske overnattinger på 11 prosent i vintersesongen. Nord-Norge er spesielt populært blant tyskere og amerikanere.

Les artikkelen
Visualisering av overnattingar

Visualisering av overnattingar

Publisert 5. februar 2020

Kor mange overnatta i Noreg? Kva for fylke gjesta dei og kvar kjem dei frå? Ny, interaktiv visualisering lar deg utforske tala.

Les artikkelen

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB