Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,6 millionar norske og 695 000 utanlandske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i februar i år, ein auke på høvesvis 1,5 og 21 prosent frå februar 2023.

Utanlandske overnattingar auka for alle innkvarteringstypar. Utlendingar på hotell bidrog mest til den samla oppgangen. Flest utanlandske overnattingar var det frå Danmark, Sverige og Storbritannia.

– Det var vinterferie i både Noreg, Danmark og Sverige i februar. Fylka Oslo og Innlandet var spesielt populære blant utlendingar, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.

– Ein ekstra dag i år på grunn av skotår forklara noko av auken frå i fjor. Samstundes ser det ut til at den svake krona framleis trekkjer turistar til Noreg, legg Aasestad til.

Regionale skilnader for hotella

I løpet av februar var det litt over 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 124 000 frå same månad året før. Både talet på norske og utanlandske hotellovernattingar auka.

For utlendingar var det 497 000 overnattingar på hotell. Dette er det høgste talet målt for utlendingar for februar månad.

Nær alle fylka hadde fleire hotellovernattingar samanlikna med februar i fjor. Størst var auken i Vestland, med 22 000 fleire overnattingar. I Akershus og Nordland var det høvesvis 20 000 og 19 000 fleire overnattingar.

3 av 10 hotellovernattingar var i Oslo og Vestland. Til saman hadde desse fylka 576 000 overnattingar.

Figur 1. Endring i talet på hotellovernattingar etter fylke. Februar 2023-februar 2024

Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. der variasjonar gjennom året som ferieavvikling blir fjerna, viser ei stigande utvikling for utanlandske hotellovernattingar sidan pandemirestriksjonane vart fjerna i 2022.

Figur 2. Utanlandske hotellovernattingar, sesongjustert. Februar 2019-februar 2024¹

¹ Månader under koronapandemien vart behandla som ekstremverdiar i sesongjusteringsrutinen. Glatta sesongjusterte tal er derfor tatt ut frå figuren for perioden mars 2020 til og med mars 2022.

Fleire utlendingar på hyttegrender og vandrarheimar

I løpet av februar var det 301 000 overnattingar ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. Utanlandske overnattingar auka med heile 22 prosent samanlikna med februar 2023, medan norske overnattingar fall med 1,4 prosent.

- Skidestinasjonar i Buskerud og Innlandet var spesielt populære blant utlendingar og det var desse to fylka som hadde flest utanlandske overnattingar ved hyttegrender og vandrarheimar, seier Aasestad.

Nesten 40 prosent av dei utanlandske overnattingane ved hyttegrender og vandrarheimar var frå Danmark, nest flest var det frå Tyskland.

Færre campingovernattingar i februar 2024

  • 142 000 overnattingar på campingplassar
  • 7,3 prosent nedgang frå februar 2023
  • Norske overnattingar gjekk ned 13 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 25 prosent

1. januar 2024 vart 3 fylke til 7 nye, og vi har nå 15 fylke i Noreg. Frå og med publisering av tal for januar 2024 er overnattingsstatistikken publisert med den nye inndelinga. Svalbard blir i statistikken rekna på lik linje som fylke sjølv om regionen ikkje er definert som fylke i lovens forstand. Med dei nye fylka er dei aller fleste reiselivsregionane vidareført, men det er gjort ei oppsplitting for reiselivsregion Hadeland/Ringerike for å sikre at ingen reiselivsregionar kryssar fylkesgrenser. Kommunane Jevnaker og Lunner er flytta til reiselivsregion Romerike og får nytt namn Romerike/Hadeland. Kommunane Ringerike og Hole er flytta til reiselivsregion Norefjell og får nytt namn Norefjell/Ringerike. I tillegg har reiselivsregionar i fylke som er splitta opp har fått nye nummer. Se Standard for reiselivsregionar 2024 for detaljer om den nye inndelinga.

Nesten alle tidlegare tabellar er avslutta, og nye oppretta. Tal er publisert tilbake til 2016 på nye fylke og det er oppretta nye tabellar for tidsseriar med sesongjusterte tal. Samstundes har SSB starta med å publisere årstal i eigne tabellar.

SSB har slutta å publisere tal for «hittil i år» og tal for totale overnattingar på kommunar og kommunegrupper.

Desse endringane påverkar lagra søk og API-spørjingar som er gjort mot tabellane. 

Les meir om API  her: https://www.ssb.no/api

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av februar, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 200 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i februar månad i Noreg.