Dei rikaste kjøpte 4 av 10 elbilar

Publisert:

Tidelen av hushalda med høgast inntekt kjøpte 37 prosent av nye elbilar i 2019. Same året kjøpte halvdelen med lågast inntekt til saman 10 prosent av førstegongsregistrerte elbilar.  

Av dei om lag 74 000 privateigde nybilane var nesten 46 000 elbilar, og 28 000 fossilbilar. Opplysningar frå Finansdepartementet viser at elbilkjøparar vart friteke for om lag 11 milliardar kroner i meirverdiavgift og eingongsavgift i 2019. Til samanlikning støtta staten barnefamiliar med om lag 17 milliardar i barnetrygd og kontantstøtte. Elbilpolitikken har difor viktige fordelingseffektar. Kopling av data frå Det sentrale motorvognregisteret og inntektsstatistikken for hushalda viser korleis eigarskap av elbilar varierer etter inntekt. Vi har sortert hushalda etter storleiken på hushaldsinntekta og delt inn i 10 like store grupper som blir kalla desil:

Desil 1: botn 10 prosent
Desil 2: 10-20 prosent
Desil 3: 20-30 prosent
Desil 4: 30-40 prosent
Desil 5: 40-50 prosent
Desil 6: 50-60 prosent
Desil 7: 60-70 prosent
Desil 8: 70-80 prosent
Desil 9: 80-90 prosent
Desil 10: topp 10 prosent.

Hushald med høg inntekt kjøper langt fleire nye bilar enn hushald med låg inntekt. I 2019 kjøpte 8,5 prosent av hushalda i Desil 10 ny bil mot berre 0,2 prosent av hushalda i Desil 1. Hushald med høg inntekt kjøper fleire elbilar enn fossilbilar, medan hushald med låg inntekt kjøper fleire fossilbilar enn elbilar. Resultata viser at 3 av 4 av dei nyregistrerte bilane til hushalda med høgast hushaldsinntekt var elbilar. Hushalda i Desil 10 kjøpte 37 prosent av alle nyregistrerte elbilar og 21 prosent av alle nyregistrerte fossilbilar. Den nedste halvdelen av desilane kjøpte 10 prosent av elbilane og 22 prosent av fossilbilane.

Figur 1. Mengda førstegongsregistrerte personbilar, etter hushaldsinntekt. Eksklusiv utanlandsstudentar og institusjonar. 2019

Elbilar Diesel- eller bensinbilar
Desil 1 (Botn 10%) 304 163
Desil 2 (10-20%) 306 448
Desil 3 (20-30%) 644 1111
Desil 4 (30-40%) 1242 1649
Desil 5 (40-50%) 2044 2523
Desil 6 (50-60%) 3134 3428
Desil 7 (60-70%) 4479 3727
Desil 8 (70-80%) 6740 4109
Desil 9 (80-90%) 9835 4602
Desil 10 (Topp 10%) 16686 5626
I alt 45414 27386

I 2019 kjøpte hushalda frå og med Desil 7 meir el- enn fossilbilar. Det er ei endring i høve til 2018. I 2018 kjøpte hushalda i desilane 1-8 mindre elbilar enn fossilbilar, medan elbil var mest populært i desilane 9 og 10. Desil 10 stod likevel for ein større del av alle elbilkjøp i 2019 enn i 2018.

Tabell 1. Mengda førstegongsregistrerte personbilar, etter hushaldsinntekt. 2018-2019

Til tabellen

Kvar femte elbil blir eigd av hushalda med høgast inntekt

Delen som eig elbil varierer sterkt etter hushaldsinntekt. I 2019 var det 39 gonger meir vanleg med elbil i hushalda gruppert i Desil 10 enn i Desil 1. Men mengda personar i dei 10 hushaldsgruppene er svært ulik. Hushalda med høgast inntekt, Desil 10, utgjorde tre gonger så mange personar som Desil 1. Med fleire vaksne i eit hushald er det fleire moglege bilbrukarar. For å få ei betre samanlikning mellom inntektsgruppene har vi sett på talet elbilar per vaksen i hushalda.

I 2019 var det 21 gongar fleire elbilar per vaksen i Desil 10 enn i Desil 1. Mengda bilar totalt per vaksen i hushalda stig med aukande inntekt, men mengda fossilbilar per vaksen er høgast i Desil 7. Frå og med Desil 8 er det den aukande mengde elbilar som gjer at den totale mengda bilar per vaksen i hushalda aukar. I Desil 10 har knapt 18 prosent av bilane elektrisk motor mot under 4 prosent i dei nedste fem desilane sett under eitt.

Figur 2. Mengda personbilar per vaksen i hushalda, etter hushaldsinntekt. Eksklusiv utanlandsstudentar og institusjonar. 2019

Elektriske bilar per vaksen i hushalda Diesel- eller bensinbilar per vaksen i hushalda
Desil 1 (Botn 10%) 0.0059 0.2240
Desil 2 (10-20%) 0.0092 0.4106
Desil 3 (20-30%) 0.0169 0.5375
Desil 4 (30-40%) 0.0259 0.5758
Desil 5 (40-50%) 0.0334 0.5963
Desil 6 (50-60%) 0.0395 0.6105
Desil 7 (60-70%) 0.0526 0.6329
Desil 8 (70-80%) 0.0733 0.6327
Desil 9 (80-90%) 0.0949 0.6125
Desil 10 (Topp 10%) 0.1246 0.5864
I alt 0.0476 0.5420

Mengda elbilar totalt per vaksen i hushalda auka med 32 prosent frå 2018 til 2019. I Desil 1 voks mengda sterkast. I dei tre øvste desilane var veksten minst. Frå 2018 til 2019 minska mengda fossilbilar per vaksen i hushalda totalt med 1 prosent. I dei tre nedste desilane vart det fleire fossilbilar, medan talet gjekk ned i dei andre desilane.

Tabell 2. Mengda personbilar per vaksen i hushalda, etter hushaldsinntekt. 2018-2019

Til tabellen

Inntekt- og formuestatistikken for hushalda bruker å ekskludera alle institusjons- og studenthushald. I desse tala er berre institusjonshushald og utanlandske studentar halde utanom. Dersom vi tek bort alle studenthushald søkk mengda elbilar i Desil 1 noko. Dei øvste desilane blir lite påverka av ulike avgrensingar. SSB har tidlegare publisert tal for den sosiale profilen til elbileigarane i 2018 som inkluderte alle hushald.

Kor mange nye bilar vart eigentleg registrerte i 2019?

SSB sin statistikk Bilparken opplyser at det vart registrert 146 000 nye personbilar i 2019. Dette talet inkluderer også bubilar. I denne artikkelen blir bubilane halde utanom. Då er det registrert i overkant av 142 000 nye personbilar, ikkje inkludert bruktimporterte bilar. Privatpersonar eigde 74 000 av desse, 46 000 elbilar og 28 000 fossilbilar, ved utgangen av året. Vi har kopla 73 000 av dei privateigde bilane med eigarane si hushaldsinntekt. Skilnaden på 1 000 bilar var eigd av hushald som fall utanom våre avgrensingar. Nybilar eigd av eit føretak, derunder leasingbilar som ofte er leasa ut til privatpersonar, bestod av om lag 68 000 bilar, 14 000 elbilar og 54 000 fossilbilar.

Oppdragsgiver: Samferdselsdepartementet

Kontakt