1120_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1120
Redusert arbeidsløyse blant innvandrarar
statistikk
2001-05-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)1. kvartal 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Redusert arbeidsløyse blant innvandrarar

For innvandrarar totalt har det vore ein svak nedgang i arbeidsløysa frå 7,5 til 7,3 prosent frå februar 2000 til februar 2001. For heile befolkninga har arbeidsløysa lege stabilt på 2,8 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Innvandrarar frå Aust-Europa og Afrika hadde den største nedgangen med respektive 1,3 og 1,0 prosentpoeng, men framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar frå Afrika høgast, med 13,4 prosent ved utgangen av februar 2001. Andre innvandrargrupper med relativt høg arbeidsløyse var dei frå Asia og Aust-Europa med respektive 9,9 og 9,6 prosent. Innvandrarar frå dei vestlege verdsregionane ligg berre nokre få desimalar høgare enn den registrerte arbeidsløysa for heile landet.

Ser vi på endringane blant menn og kvinner, finn vi den største nedgangen blant menn frå Aust-Europa med 1,5 prosentpoeng og blant kvinner frå Afrika som hadde ein nedgang i arbeidsløysa på 1,4 prosentpoeng.

I befolkninga totalt låg arbeidsløyseprosenten på 3,1 prosent for menn og 2,4 prosent for kvinner.

Blant førstegenerasjonsinnvandrarar var dei tilsvarande tala 8,3 og 6,1 prosent.

Størst nedgang for dei med butid fire til seks år

Det er blant dei med butid på mellom fire og seks år, som har det høgste nivået på arbeidsløysa, at vi finn den mest markerte nedgangen. Her gjekk arbeidsløysa ned frå 6,5 prosent i februar 2000 til 5,6 prosent i februar 2001 (i prosent av personar i alt, 16-74 år), ein nedgang på 0,9 prosentpoeng.

Det er i gruppene frå Aust-Europa og Afrika at nedgangen er størst, med respektive 1,2 og 1,0 prosentpoeng.

For dei med butid under fire år har det vore ein auke på 0,5 prosentpoeng, frå 3,9 til 4, 4 prosent. Dette kan tyde på at fleire nykomarar til landet melder seg tidlegare som arbeidssøkjarar.

 Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av februar 2001

Den fylkesvise utviklinga

Vest-Agder og Rogaland hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med respektive 6,8 og 6,5 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Desse to fylka var òg blant dei få som hadde auke frå februar 2000 til februar 2001. Elles har det vore nedgang i dei fleste andre fylka.

Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 2,0 prosent for alle busette og 4,6 prosent for alle førstegenerasjonsinnvandrarar.

På arbeidsmarknadstiltak

Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viser på landsbasis berre ein marginal auke frå 0,4 prosent i februar 2000 til 0,5 prosent i februar 2001. Blant førstegenerasjonsinnvandrarane har denne prosentdelen auka noko meir, frå 1,7 til 2,1 prosent. Ser vi på einskilde grupper, hadde innvandrarar frå Asia og Afrika den største auken, begge med 0,9 prosentpoeng.

Ved utgangen av februar 2001 var det 14 585 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av desse var 4 645 førstegenerasjonsinnvandrarar, eit tal som utgjer nærare 32 prosent av alle deltakarane på arbeidsmarknadstiltak. Det er primært innvandrarar frå ikkje-vestlege land vi finn i denne deltakargruppa, med hovudvekt på Aust-Europa og Asia. Til saman utgjer dei om lag 75 prosent av deltakarar med innvandringsbakgrunn. I forhold til busette personar i alt, var det innvandrarar frå Afrika som hadde den høgaste deltakarprosenten med 3,6 prosent. Elles hadde innvandrarar frå Aust-Europa og Asia begge ein deltakardel på 3,1 prosent. Blant innvandrarar frå vestlege land er desse deltakarprosentane jamvel litt lågare enn dei vi finn i heile befolkninga. Desse skilnadene mellom dei vestlege og ikkje-vestlege innvandrargruppene ser ut til å vere eit stabilt trekk når det gjeld deltaking på arbeidsmarknadstiltak.

Nord-Trøndelag og Finnmark hadde dei høgaste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar med respektive 3,9 og 3,6 prosent. Begge desse fylka hadde òg den høgaste prosentdelen deltakarar for alle busette, begge med 0,8 prosent.

Statistikken kjem ut fire gonger i året.

Tabeller: