Blant dei store næringane, målt i talet på nye føretak, var auka størst innanfor informasjon og kommunikasjon med 30 prosent, følgd av overnatting og servering med 21 prosent, og varehandel og reparasjon av motorvogner med 20 prosent. Flest nye føretak var det derimot innanfor fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, med 299 fleire enn i 3. kvartal 2022.

– Auka i talet på etableringar innanfor desse fire næringane må likevel tolkast varsamt, då nedgangen innanfor ukjend næring var like stor som auka i desse fire næringane til saman. Auka i talet på nye føretak som vi ser i dei fleste næringar dette kvartalet, er derfor ikkje nødvendigvis reell, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Betre registreringsrutinar er årsaka til at talet på nyetableringar der næringa er ukjend gjekk ned, men nivået er stadig høgare enn før pandemien (sjå boks).

Innanfor «transport og lagring» fell talet på nyetableringar med 42 prosent, trass fleire etableringar i heile gruppa med kjend næring, og er no knapt høgare enn før pandemien.

Nedgangen i transportnæringa kan henge saman med at folk no har gått meir attende til å handle varer fysisk i butikk. Endringar i dei nasjonale reglane for drosjeløyve med lempingar 1. november 2020 og innskjerpingar 1. januar 2023 bidrog truleg òg til denne utviklinga.

I Rogaland auka talet på nye føretak med 11 prosent frå 3. kvartal året før, og fylket henta seg dermed inn igjen etter det svake 2. kvartalet. I Nordland gjekk talet ned med 11 prosent, men frå eit høgt nivå. I dei andre fylka var det berre mindre endringar.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 2. kvartal 2001-2023

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Delen av nye føretak med ukjend næring er no redusert til under ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men fordelinga etter næring må stadig tolkast varsamt.