Talet på nyetableringar ser ut til å følgje den underliggjande veksten, etter å ha ligge ekstra høgt under store delar av pandemien. Det høge talet på nyetableringar i 2. kvartal 2022 synar at uvanleg dyr straum og annan energi ikkje har lagt nokon dempar på etableringslysten blant landets gründerar.

Det vart etablert 13 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, samanlikna med 2. kvartal 2021. Talet på nye einskildpersonføretak fall samstundes med berre 3 prosent. Det er framleis ein tendens til at landets gründerar søkjer mot lågare risiko enn vanleg, sjølv om denne tendensen var høgare under pandemien.

Talet på nye føretak fall med mellom 2 og 15 prosent i alle landsdelar frå 2. kvartal året før. Det var størst nedgang i Nord-Noreg, og minst i Trøndelag.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 2. kvartal 2001-2022

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vokse betydeleg dei seinaste åra. Heile 42 prosent av dei nye føretaka i 2. kvartal 2022 hadde ukjend næring ein dryg månad etter at kvartalet slutta. I alle næringsområde gjekk andelen nye føretak med kjend næring ned frå same kvartal i 2021, men andelen nye føretak med ukjend næring er no så høg at fordelingar etter næring har avgrensa verdi. Så seint som i same kvartal 2020 var andelen føretak med ukjend næring 13 prosent, og i 2015 var den på under 4 prosent.