På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 16 og 18 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Rekord i antall juniovernattingar

Publisert:

I juni 2018 var det samla sett 4,2 millionar overnattingar hos kommersielle overnattingsaktørar i Noreg. Dette er det største junitallet som er registrert, og 4,3 prosent meir enn i juni i fjor. Oppgangen for hotella var på 3,6 prosent.

I løpet av juni var det 2,6 millionar overnattingar ved hotella, og ferie- og fritidsreisande utgjorde 1,5 millionar av desse. Dette er det høgaste talet på hotellovernattingar som er målt i overnattingsstatistikken i den første somarmånaden. Talet på hotellovernattingar av norske gjester gjekk opp med 8 prosent, medan talet på dei utanlandske overnattingane derimot gjekk ned med 3,6 prosent frå juni 2017 til juni 2018.

Losjiomsetninga for hotella gjekk opp med 5,8 prosent, samstundes var gjennomsnittsprisen per rom 1,3 prosent høgare i juni i år enn i den same månaden året før.

Figur 1. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Juni 2017 Juni 2018
I alt 3992220 4165475
Noreg 2513825 2667426
Utlandet 1478395 1498049

Fleire campingturistar frå utlandet

I løpet av juni var det 1,3 millionar overnattingar ved campingplassane, som sett i høve til juni året før var 7,5 prosent høgare. Overnattingane av gjester frå Noreg auka med 5,1 prosent, mendan auken frå utlandet var på 13 prosent. Bubilar er den overnattingsmåten som samla sett gjekk mest opp: med heile 34 prosent. Om utveklinga i campingovernattingar i første tertial av 2018 kan du lese i artikkelen Oppgang i campingovernattingar fram mot mai.

Figur 2. Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte

Land Juni i 2017 Juni i 2018
Sesongkontrakter 369920 393302
Telt/Vogn 289590 273034
Bubil 247630 332489
Hytte 276480 276102

Nedgang i hyttegrendene

Hyttegrender opplevde ein nedgang på 1,3 prosent samanlikna med juni 2017. Nordmenn stod for denne nedgangen med 10 prosent færre ovenattingar, medan overnattingar frå utlandet auka med 6,8 prosent. Frå figuren under kan ein sjå at hotellovernattingar utgjer den største delen av overnattingane etterfølgd av overnattingar på campingplassar i juni månad.

Figur 3. Andel av overnattingar etter overnattingsmåte i juni 2018

Prosent
Hotell og lignende 62 % 62
Camping 31 % 31
Hyttegrender 6 % 6
Vandrerhjem 1 % 1

Fleire hotellovernattingar på Svalbard

Talet på hotellovernattingar på Svaldbard har auka med 4,8 prosent frå juni 2017 til juni 2018. Her var det ein oppgang for utanlandske overnattingsgjestar, medan det var ein nedgang blant dei norske.