12502_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12502
Lågare totalindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
statistikk
2005-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. mai 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare totalindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning

Totalindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning gjekk ned 2,6 prosent frå april til mai. Viktigast for nedgangen var fallet i spotprisen på råolje (Brent Blend) på 5,2 prosent. Også industriprisane sank siste månad - med 1,0 prosent.

Spotprisen på råolje (Brent Blend) gjekk ned 5,2 prosent frå april til mai. Høge amerikanske oljelager og auka oljeproduksjon i Saudi-Arabia medverka til nedgangen.

Prisane på raffinerte oljeprodukt gjekk ned 4,5 prosent etter pristoppen siste månad, men nivået er fortsatt svært høgt. Også for fleire andre viktige industriområde gjekk prisane ned - mellom anna hadde metallindustrien og elektroteknisk og optisk industri nedgangar på høvesvis 1,3 og 2,4 prosent.

Kraftprisane gjekk denne månaden ned 0,2 prosent. Etter varetype steig prisane på konsumvarer 0,2 prosent. Prisane på innsatsvarer og energivarer gjekk ned med høvesvis 0,6 og 4,3 prosent.

Tolvmånadersendringa: 4,4 prosent vekst i industrien

Samanlikna med mai i fjor har prisane for industrien stige med 4,4 prosent og her bidrog særleg raffinerte oljeprodukt som hadde ein prisauke på 16,4 prosent. Bortsett frå elektroteknisk og optisk industri hadde også dei andre industrinæringane prisauke siste tolv månader. Til dømes auka kjemisk industri og metallindustrien med høvesvis 4,9 og 6,5 prosent.

Totalindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning var 9,2 prosent høgare enn i mai 2004. Oljeprisane (Brent Blend) auka 20,0 prosent i denne perioden, medan straumprisane gjekk ned 2,6 prosent. Gruppert etter varetype auka energivarene, investeringsvarene og innsatsvarene med høvesvis 14,7 prosent, 1,8 prosent og 3,3 prosent.

Produsentprisindeks. 2000=100
        Mai 2005 Endring i prosent
         April-mai 2005          Mai 2004-
mai 2005
Totalindeks  114,4 -2,6 9,2
Olje- og gassutvinning  120,8 -4,5 15,6
Industri og bergverksdrift     110,7 -0,9 4,5
Kraftforsyning  208,6 -0,2 -2,6

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare, blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkjørte. Begge undersøkingane vil midlertidig halde fram med heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjell mellom indeksane, kan det bli mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført ny informasjon til vareprisindeksen i siste periode.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
       Mai 2005 Endring i prosent
         April-mai 2005           Mai 2004-
mai 2005
Totalindeks  119,5 -2,6 9,1
Olje- og gassutvinning  120,8 -4,5 15,6
Industri og bergverksdrift  110,9 -0,9 4,5
Kraftforsyning  201,8 -0,2 -2,6