Dei førebelse resultata frå statistikken kulturtilbod er klare og tala viser positive tendensar, særleg for norsk film. I 2023 var det 87 830 framsyningar av norsk film på kino, ein auke på meir enn 20 prosent frå året før. Samanlikna med 2015 ser vi ein auke på vel 63 prosent i talet på framsyningar av norsk film.

–Talet på framsyningar av norsk film har ikkje vore like påverka som talet på framsyningar av all film under pandemien og talet på framsyningar av norsk film ligg høgare i 2023 enn før pandemien, seier seniorrådgivar Hilde Sofie Frydenberg ved Statistisk sentralbyrå. Samstundes er det slik at dei fleste filmane som blir vist på norske kinoar ikkje er norske.

Figur 1. Tal på kinoframsyningar

I 2023 var det i gjennomsnitt 28,9 besøkande Tal på kinobesøk. Summen av besøkande ved kinoar i kommunen medrekna private kinoar. Data er henta frå rapportar frå Film & Kino og frå Bygdekinoen AS. per kinoframsyning av norsk film. Dette talet finn vi ved å dele talet på besøkande på mengda framsyningar av norske filmar. 2016 var eit toppår med 46,6 personar i gjennomsnitt i salen under kvar framsyning av norsk film. Talet på besøkande var lågare under pandemien i 2020 og 2021, men er no tilbake på samme nivå som i 2019.

–Saman med at talet på framsyningar av norsk film har auka, underbyggjer dette at fleire besøkande vel å sjå norsk film på kino, seier Frydenberg.

Figur 2. Gjennomsnittleg tal på besøkande per kinoframsyning, norske filmar og i alt

Besøket på norske kinoar er på veg opp igjen etter pandemien

Det var 9,3 millionar kinobesøk i 2023. Dette er ei auke på 6,7 prosent frå året før. Norsk kulturbarometer, som vart publisert 5. mars, syner denne utviklinga, der 65 prosent av befolkninga oppgjer at dei har vore på kino det siste året.

Figur 3. Tal på besøk ved norske kinoar