96280
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
96280
Nedgang i laksefisket i elvane
statistikk
2014-01-24T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i laksefisket i elvane

I alt blei det fiska og avliva 334 tonn1 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2013. Det er 163 tonn, eller 33 prosent, mindre enn året før. I tillegg blei 71 tonn1 fanga og sleppt levande ut igjen.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk og fisk som blei sleppt ut att, etter vektklasser
20132012 - 20132010 - 20132013
KgEndring, prosentEndring, prosentStk
Rettet 20. januar 2015.
Avliva fisk
I alt334 359-32,5-23,6143 454
Laks i alt284 041-35,5-25,692 083
Laks under 3 kg90 853-17,1-25,758 313
Laks mellom 3 og 7 kg116 440-31,8-14,525 393
Laks over 7 kg76 748-52,0-37,88 377
Sjøaure og sjørøye50 318-8,6-10,351 371
 
Fisk sleppt ut att
I alt70 973-22,316,225 442
Laks i alt61 879-27,08,815 955
Laks under 3 kg12 495-7,6-8,68 341
Laks mellom 3 og 7 kg22 045-24,429,74 712
Laks over 7 kg27 339-35,14,42 902
Sjøaure og sjørøye9 09438,4114,99 487
Figur 1. Elvefiske etter laks

Den avliva fangsten var fordelt på 2841 tonn laks og 50 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein nedgang på 36 prosent for laks og 9 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Størst nedgang i Finnmark og Sogn og Fjordane

Det var nedgang i avliva fangst i alle fylka. I Finnmark og Sør-Trøndelag minka fangsten mest, begge fylka hadde 35 tonn mindre enn året før.

Færre storlaks

Gjennomsnittsvekta for avliva laks gjekk ned frå 3,9 kilo i 2012 til 3,1 kilo i 2013. Rekna av all avliva laks, vog 63 prosent av fiskane under 3 kilo, medan 28 prosent1 vog mellom 3 og 7 kilo. 9 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2012 var respektive 52, 33 og 15 prosent.

Tana på topp

Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2013, med ein samla fangst på 38,9 tonn. Det er 12,2 tonn mindre enn i 2012. Deretter følgde Namsenvassdraget og Altavassdraget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva, og fisk som er sleppt levande ut att.

Mindre fang og slepp

Til saman 25 400 fiskar1, fordelte på 16 000 laks1 og 9 500 sjøaure/sjørøye1, blei fiska og sette levande ut i elva igjen i 2013. Tilsvarande tal for året før var 18 600 laks og 7 000 sjøaure/sjørøye. Orkla og Gaula var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2013, med respektive 1 490 og 1 370 fiskar.

Det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk var likevel Finnmark, med 4 550 laks og 1 550 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane.

Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 3,9 kg for laks og 1,0 kg1 for sjøaure og sjørøye.

1 Tallet ble rettet 21. januar 2015.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB