Samfunnsspeilet, 1/2017

Fiskeoppdrett – i Noreg og i verda

Frå attåtnæring til milliardindustri

Publisert:

Oppdrettsnæringa byrja i det små i 1970-åra som attåtnæring for kystbøndene. I dag produserer Noreg over halvparten av all atlantisk oppdrettslaks i verda, og vi eksporterte laks for 61,3 milliardar kroner i 2016. Det utgjer 16 prosent av samla verdi av norsk fastlandseksport og to tredjedelar av verdien av all sjømateksport dette året. Dei ti største føretaka produserer no nesten 70 prosent av all oppdrettsfisk som blir seld.

Vi har ein lang tradisjon som fiskerinasjon, men i 1999 var førstehandsverdien frå oppdrettsnæringa for første gong større enn frå tradisjonelt fiske. I 2015 var samla førstehandsverdi frå fiskeri og akvakultur bortimot 64 milliardar kroner, av dette utgjorde oppdrett tre fjerdedelar. Verdien av oppdrettsfisken var altso nesten tre gonger større enn verdien av fisken frå tradisjonelt fiske (sjå figur 1).

Figur 1. Samla førstehandsverdi for akvakultur og fiskeri

Akvakultur Fiskeri
1980 0.261072 3.501261
1981 0.352449 3.994972
1982 0.467921 3.9642
1983 0.766735 4.263694
1984 0.93947 4.339255
1985 1.433584 4.552983
1986 1.665095 5.150578
1987 2.001597 5.819605
1988 3.23864 5.03245
1989 3.529469 4.77703
1990 4.791867 4.976512
1991 4.338437 5.967886
1992 3.885006 6.111679
1993 4.512043 6.269542
1994 5.982764 7.47012
1995 6.472174 8.218164
1996 6.395607 8.718245
1997 7.397796 9.229922
1998 8.595497 10.52208
1999 10.37383 9.947528
2000 12.07908 9.735881
2001 9.07519 11.43997
2002 9.238064 11.16519
2003 9.612383 8.883085
2004 11.33536 10.39494
2005 13.75085 11.65787
2006 17.60846 11.68098
2007 17.5278 12.05062
2008 17.46143 12.15834
2009 22.45657 11.31057
2010 30.76942 13.34805
2011 28.95189 16.03351
2012 30.03918 14.20166
2013 40.47967 12.67303
2014 44.33417 14.42721
2015 46.86408 16.92806

Gjennombrotet kom i 1970-åra

Gjennombrotet for norsk fiskeoppdrett kom i byrjinga av 1970-åra. Pionerane innanfor oppdrett hadde då lukkast med å produsere laks og regnbogeaure i flytemerdar i sjøen. Dette var billegare og meir effektivt enn landbaserte anlegg. Den langstrakte kysten vår med alle fjordane synte seg ideell for oppdrett. Gardbrukarar og fiskarar langs kysten var av dei første som satsa på fiskeoppdrett. Ei kartlegging av yrkesbakgrunnen til dei som starta opp tidleg i 1970-åra, syner at om lag ein fjerdedel av dei dreiv jordbruk. Like mange hadde bakgrunn frå fiskeri og fiskeindustri, medan den siste halvparten hadde anna bakgrunn (Solheim 2015). I byrjinga var fiskeoppdrett rekna som ei attåtnæring i landbruket og låg dermed under Landbruksdepartementets domene. Frå 1981 tok Fiskeridepartementet over ansvaret.

Nye løyve til fiskeoppdrett var distriktspolitikk

Alt tidleg i 1970-åra vart det kravd løyve for dei som ville byrje med oppdrett, og utdeling av nye løyve vart nytta som eit distriktspolitisk verkemiddel. Målet var å styrkje kystsamfunna og hindre at næringa vart sentralisert storindustri som tappa inntekter frå lokalsamfunna. Fram til 1991 var regelen at eit føretak berre kunne eige eitt løyve, og eigaren skulle høyre til i lokalsamfunnet. Så å seie alle anlegga var registrerte som enkeltpersonføretak før ei endring i lova vart gjort gjeldande dette året. Utdeling av fleire løyve i 1980-åra, der dei nordlegaste fylka vart prioritert, førte til auka produksjon. I løpet av nokre få år i slutten av 1980-åra, med auka tilbod, vart lakseprisen halvert, og næringa vart råka av fleire konkursar.

Figur 2. Tildelte løyve i matfiskproduksjonen

1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015
Matfisk, laks og regnbogeaure 722 733 762 769 770 799 817 822 850 870 926 923 909 929 922 990 994 1016 1006 1018 1015 1067
Matfisk, andre marine artar 308 285 278 280 284 285 253 229 214 128 101 100 84

Storkapital og eigarkonsentrasjon frå 1990-åra

Den nye lovendringa opna for utanbygds kapital og eigarkonsentrasjon gjennom oppkjøp og fusjonar. I 1990 var det 970 føretak som produserte matfisk (sjå figur 3), men i åra etter har utviklinga berre gått ei lei. Eit føretak fekk heretter ha fleire løyve, og føretaka vart gradvis færre og større trass i ein årviss auke i produksjonen. Gjennom 1990-åra vart talet på føretak som produserte matfisk, halvert, og som det går fram av figur 4, vart talet ytterlegare redusert frå 467 til vel 160 i perioden 1999–2015. Talet på løyve for laks og regnbogeaure har derimot auka jamt og nærma seg 1 100 i 2015. Samstundes går det andre vegen for andre matfiskartar, der talet på løyve no er under 100. I 2015 produserte dei ti største føretaka nesten 70 prosent av matfisken, men berre 20 år tidlegare var tilsvarande del under 20 prosent (sjå figur 5). I same perioden har den samla produksjonen blitt fleirdobla.

Figur 3. Føretak som produserer matfisk

Føretak
1973 169
1974 189
1975 152
1976 168
1977 205
1978 219
1979 268
1980 307
1981 316
1982 387
1983 411
1984 489
1985 562
1986 643
1987 714
1988 875
1989 945
1990 970

Figur 4. Føretak som produserer matfisk av laks og aure

Føretak
1999 467
2000 296
2001 273
2002 288
2003 278
2004 262
2005 248
2006 226
2007 201
2008 186
2009 182
2010 171
2011 176
2012 164
2013 158
2014 147
2015 162

Figur 5. Delen matfisk produsert av dei ti største oppdrettsføretaka

Prosent
1996 18.9
1997 21.0
1998 24.1
1999 21.6
2000 32.8
2001 32.6
2002 33.4
2003 41.3
2004 41.2
2005 47.6
2006 48.4
2007 58.4
2008 63.9
2009 65.7
2010 64.5
2011 65.8
2012 69.1
2013 68.0
2014 69.9
2015 68.9

I 2016 vart laksen og auren oppalen på til saman 800 ulike lokalitetar langs kysten, og i gjennomsnitt var i overkant av 3 500 flytemerdar i bruk kvar månad.

Laksen tok luven av regnbogeauren

Oppdrettseventyret byrja med regnbogeaure, men laksen tok over og vart fort dominerande. Alt i 1977 vart det produsert meir laks enn regnbogeaure. Grunnen til dette var at laksen var lettare å selje på verdsmarknaden, og ein fekk betre pris for han. Eit vitskapleg avlsarbeid for laks og aure vart starta opp ved Universitetet for miljø- og biovitskap i 1970-åra. Erfaring frå avlsarbeid på storferasen norsk raudt fe vart nytta for å utvikle eit tilsvarande avlsprogram for laks (Bakke og Melingen 2010). Stamfisken som var utgangspunktet, vart samla inn frå 40 elvar langs kysten. Akvaforsk vart oppretta og dreiv avlsarbeid for norsk oppdrett i 15 år. Seinare tok kommersielle aktørar over avlsarbeidet.

Torsken møtte veggen

I dag er lakseproduksjonen heilt dominerande. Mange har også hatt stor tru på at oppdrett av torsk kunne bli eit nytt oppdrettseventyr, men dette har synt seg vanskeleg. Toppen for torskeoppdrett vart nådd i 2010. Då hadde næringa løyst mange av utfordringane i samband med å produsere torsk, men lønsemda var ikkje god nok. No er det ingen som produserer torsk i stort omfang, men somme har tru på at avl som gjer at fisken veks raskare, også gjer at torskeoppdrett kan vekse seg større att.

Kina er verdas suverent største oppdrettsnasjon

Kinesarane byrja med fiskeoppdrett for fleire tusen år sidan, og er i dag den viktigaste og største produsenten av oppdrettsfisk. I 2014 var den kinesiske produksjonen 45,5 millionar tonn matfisk (FAO, 2016). Som det går fram av figur 6, utgjer dette nesten tre fjerdedelar av all oppdrett i verda. India, som er nummer to på lista, produserte 4,9 millionar tonn matfisk same året. På sjetteplass kom Noreg, med ein produksjon på 1,3 millionar tonn dette året. På verdsbasis vart høvesvis 46,2 millionar tonn fisk og skaldyr oppalen i ferskvatn, 6,3 millionar tonn i brakkvatn og 21,3 millionar tonn i sjøen i 2014. Norsk fiskeoppdrett skjer i all hovudsak i sjøen, men vi har også landbasert produksjon av blant anna røye og regnbogeaure.

Figur 6. Verdas største oppdrettnasjonar fordelt på produsert mengd fisk. 2014

Millionar tonn
Kina 45.47
India 4.88
Indonesia 4.25
Vietnam 3.4
Bangladesh 1.96
Noreg 1.33

Noreg er størst på laks

Verdsproduksjonen av atlantisk laks i 2014 var på 2,33 millionar tonn (FAO 2016). Av dette stod Noreg for over halvparten med 1,26 millionar tonn. Nummer to på lista var Chile, som stod for om lag ein fjerdedel av verdsproduksjonen. I 2016 eksporterte Noreg laks til ein verdi av 61,3 milliardar kroner til nesten 90 ulike land. Europa er den viktigaste marknaden, og Polen og Frankrike var på importtoppen (sjå figur 7). Sjølv om den delen av norsk fiskeforedlingsindustri som er basert på oppdrettsfisk, auka produksjonen frå 2014 til 2015, er Noreg likevel i stor grad ein råstoffeksportør. Det er derfor fleire land som har pakkeanlegg og foredlingsindustri, som er basert på norsk laks. Mykje av dette sel dei deretter vidare til andre land. Tyskland, som sjølv ligg eit stykke ned på lista over importland, er endeleg mottakar av mykje norsk laks som først har vore innom Danmark, Nederland og Polen. Ifølgje ein artikkel i Norsk Fiskerinæring (nr. 10 2016) meiner Sjømatrådet at berre ein tredjedel av den norske laksen kjem direkte til Tyskland. I røynda er derfor Tyskland heilt i toppen av lista saman med Frankrike.

Figur 7. Land med størst import av norsk laks. 2016

Mill. kr
Sør-Korea 745
Israel 767
Hong Kong 931
Finland 1194
Litauen 1585
Japan 1951
Italia 1953
Tyskland 2001
Nederland 2280
Sverige 2495
USA 2500
Spania 2819
Danmark 3264
Storbritannia 3445
Frankrike 5619
Polen 5865

Dei siste åra har prisen på laks på verdsmarknaden stige mykje. I 2011 låg eksportprisen på mellom 20 og 30 kroner per kilo store delar av året, medan vi dei siste vekene i 2016 var oppe i over 73 kroner per kilo for fersk laks (sjå figur 8). Dei siste vekene av året aukar også eksporten monaleg.

Figur 8. Løpande vekesvis eksportpris for fersk laks

Kilopris fersk
2000U01 30.98
2000U02 31.12
2000U03 31.03
2000U04 30.95
2000U05 31.3
2000U06 32.53
2000U07 32.46
2000U08 32.19
2000U09 32.04
2000U10 32
2000U11 33.29
2000U12 33.77
2000U13 34.11
2000U14 34.61
2000U15 34.12
2000U16 34.45
2000U17 35.56
2000U18 37.69
2000U19 37.94
2000U20 37.32
2000U21 35.4
2000U22 34.63
2000U23 34
2000U24 34.39
2000U25 35.33
2000U26 36
2000U27 35.23
2000U28 35.33
2000U29 35.31
2000U30 35.86
2000U31 36.09
2000U32 35.44
2000U33 34.07
2000U34 33.46
2000U35 32.03
2000U36 30.65
2000U37 29.51
2000U38 29.33
2000U39 29.18
2000U40 28.44
2000U41 27.76
2000U42 27.01
2000U43 27.13
2000U44 27.22
2000U45 27.2
2000U46 26.88
2000U47 26.65
2000U48 26.43
2000U49 26.71
2000U50 27.6
2000U51 27.93
2000U52 28.35
2001U01 28.04
2001U02 27.32
2001U03 26.58
2001U04 26.16
2001U05 26.27
2001U06 26.73
2001U07 26.85
2001U08 27.15
2001U09 27.44
2001U10 28
2001U11 28.09
2001U12 28.08
2001U13 27.21
2001U14 26.98
2001U15 27.77
2001U16 27.79
2001U17 27.77
2001U18 27.46
2001U19 27.36
2001U20 27.28
2001U21 27.13
2001U22 27.12
2001U23 27.07
2001U24 26.75
2001U25 27.03
2001U26 26.97
2001U27 26.69
2001U28 26.19
2001U29 26.31
2001U30 26.2
2001U31 26.32
2001U32 26.71
2001U33 26.05
2001U34 26.02
2001U35 25.91
2001U36 25.92
2001U37 25.66
2001U38 25.15
2001U39 25.08
2001U40 24.55
2001U41 24.66
2001U42 24.43
2001U43 23.98
2001U44 23.28
2001U45 23.5
2001U46 23.09
2001U47 23.22
2001U48 22.95
2001U49 22.71
2001U50 22.8
2001U51 22.86
2001U52 22.75
2002U01 23.21
2002U02 22.51
2002U03 22.28
2002U04 22.96
2002U05 22.65
2002U06 22.28
2002U07 22.39
2002U08 22.65
2002U09 22.73
2002U10 23.05
2002U11 23.57
2002U12 23.94
2002U13 23.79
2002U14 24.04
2002U15 23.87
2002U16 24.03
2002U17 23.96
2002U18 23.97
2002U19 24
2002U20 24.7
2002U21 25.21
2002U22 24.75
2002U23 24.24
2002U24 23.63
2002U25 23.44
2002U26 23.18
2002U27 22.82
2002U28 22.7
2002U29 22.8
2002U30 22.93
2002U31 23.25
2002U32 24.1
2002U33 24.05
2002U34 24.22
2002U35 23.48
2002U36 23.37
2002U37 23.71
2002U38 23.55
2002U39 23.85
2002U40 23.74
2002U41 23.68
2002U42 23.22
2002U43 22.93
2002U44 23.09
2002U45 22.78
2002U46 22.62
2002U47 22.47
2002U48 21.94
2002U49 22.45
2002U50 23
2002U51 23.39
2002U52 23.5
2003U01 22.93
2003U02 23.19
2003U03 22.78
2003U04 22.51
2003U05 22.68
2003U06 22.62
2003U07 22.97
2003U08 22.99
2003U09 22.52
2003U10 23.14
2003U11 22.91
2003U12 23.05
2003U13 23.44
2003U14 23.5
2003U15 22.84
2003U16 22.69
2003U17 22.95
2003U18 22.67
2003U19 22.43
2003U20 22.4
2003U21 22.2
2003U22 21.35
2003U23 19.27
2003U24 19.43
2003U25 18.76
2003U26 18.6
2003U27 17.67
2003U28 17.46
2003U29 18.26
2003U30 18.07
2003U31 18.09
2003U32 18.05
2003U33 18.48
2003U34 18.81
2003U35 19.65
2003U36 20.41
2003U37 20.86
2003U38 21.17
2003U39 21.78
2003U40 22.21
2003U41 22.67
2003U42 22.6
2003U43 22.58
2003U44 21.72
2003U45 21.03
2003U46 20.47
2003U47 20.66
2003U48 21.22
2003U49 21.24
2003U50 21.24
2003U51 20.61
2003U52 20.9
2004U01 22.06
2004U02 22.09
2004U03 22.25
2004U04 21.93
2004U05 21.86
2004U06 22.71
2004U07 23.3
2004U08 23.26
2004U09 23.05
2004U10 23.2
2004U11 23.77
2004U12 24.35
2004U13 24.73
2004U14 24.88
2004U15 25.1
2004U16 24.99
2004U17 25.08
2004U18 24.82
2004U19 24.37
2004U20 23.81
2004U21 23.71
2004U22 23.22
2004U23 22.91
2004U24 22.06
2004U25 21.61
2004U26 21.61
2004U27 21.25
2004U28 21.06
2004U29 21.25
2004U30 21.73
2004U31 22.46
2004U32 23.43
2004U33 23.45
2004U34 22.83
2004U35 22.39
2004U36 22.08
2004U37 22.29
2004U38 22.51
2004U39 22.47
2004U40 22.04
2004U41 21.46
2004U42 21.37
2004U43 20.86
2004U44 20.46
2004U45 20.11
2004U46 19.94
2004U47 20.44
2004U48 20.47
2004U49 21.06
2004U50 21.79
2004U51 22.88
2004U52 23.67
2004U53 23.57
2005U01 23.29
2005U02 22.67
2005U03 22.87
2005U04 23.75
2005U05 24.5
2005U06 24.99
2005U07 24.98
2005U08 25.05
2005U09 24.86
2005U10 24.44
2005U11 24.33
2005U12 25.13
2005U13 25.22
2005U14 25.56
2005U15 25.27
2005U16 24.9
2005U17 24.9
2005U18 24.59
2005U19 25.27
2005U20 26.4
2005U21 25.98
2005U22 25.36
2005U23 27.82
2005U24 28.17
2005U25 27.67
2005U26 26.57
2005U27 28.15
2005U28 29.28
2005U29 29.62
2005U30 29.58
2005U31 27.97
2005U32 27.86
2005U33 28
2005U34 27.91
2005U35 28.36
2005U36 27.67
2005U37 26.6
2005U38 25.67
2005U39 25.53
2005U40 25.67
2005U41 26.24
2005U42 26.43
2005U43 26.54
2005U44 26.54
2005U45 26.1
2005U46 25.51
2005U47 25.89
2005U48 27.07
2005U49 28.7
2005U50 28.08
2005U51 27.3
2005U52 26.79
2006U01 25.96
2006U02 25.7
2006U03 26.54
2006U04 28.54
2006U05 27.21
2006U06 26.68
2006U07 26.53
2006U08 27.55
2006U09 28.66
2006U10 29.78
2006U11 30.48
2006U12 31.18
2006U13 32.81
2006U14 34.82
2006U15 34.68
2006U16 34.58
2006U17 34.97
2006U18 36.48
2006U19 36.28
2006U20 37
2006U21 40.03
2006U22 40.76
2006U23 40.5
2006U24 41.07
2006U25 43.05
2006U26 42.51
2006U27 38.57
2006U28 37.91
2006U29 39
2006U30 38.13
2006U31 37.85
2006U32 37.24
2006U33 36.8
2006U34 36.12
2006U35 33.29
2006U36 31.17
2006U37 31.2
2006U38 30.67
2006U39 29.19
2006U40 28.06
2006U41 28.65
2006U42 29.24
2006U43 28.59
2006U44 27.57
2006U45 27.02
2006U46 26.85
2006U47 28.19
2006U48 28.73
2006U49 28.04
2006U50 27.55
2006U51 27.11
2006U52 28.26
2007U01 28.37
2007U02 28.38
2007U03 29.13
2007U04 28.33
2007U05 27.5
2007U06 27.19
2007U07 28.91
2007U08 30.62
2007U09 28.3
2007U10 28.22
2007U11 29.56
2007U12 29.17
2007U13 28.78
2007U14 29.22
2007U15 29.82
2007U16 28.76
2007U17 27.32
2007U18 27.33
2007U19 26.99
2007U20 26.54
2007U21 26.17
2007U22 26.17
2007U23 25.83
2007U24 25.33
2007U25 25.21
2007U26 24.77
2007U27 24.53
2007U28 24.87
2007U29 25.56
2007U30 25.73
2007U31 26.33
2007U32 28.11
2007U33 28.95
2007U34 27.52
2007U35 26.96
2007U36 26.95
2007U37 26.43
2007U38 25.36
2007U39 24.49
2007U40 24.77
2007U41 24.39
2007U42 23.99
2007U43 23.69
2007U44 23.9
2007U45 23.7
2007U46 24.22
2007U47 24.89
2007U48 25.14
2007U49 25.17
2007U50 25.21
2007U51 25.98
2007U52 28.79
2008U01 29
2008U02 26.77
2008U03 25.07
2008U04 24.69
2008U05 25.18
2008U06 25.35
2008U07 26.14
2008U08 25.92
2008U09 24.94
2008U10 25.71
2008U11 26.96
2008U12 28.03
2008U13 27.21
2008U14 26.41
2008U15 26.13
2008U16 25.6
2008U17 25.47
2008U18 26.87
2008U19 28.61
2008U20 27.35
2008U21 25.96
2008U22 25.23
2008U23 25.33
2008U24 27.28
2008U25 27.18
2008U26 25.98
2008U27 26.49
2008U28 29.05
2008U29 29.81
2008U30 29.41
2008U31 28.59
2008U32 29.85
2008U33 30.21
2008U34 28.1
2008U35 26.45
2008U36 27.99
2008U37 29.94
2008U38 28.1
2008U39 26.98
2008U40 26.32
2008U41 26.79
2008U42 27.15
2008U43 26.61
2008U44 27.46
2008U45 26.06
2008U46 25.24
2008U47 26.05
2008U48 28.01
2008U49 27.37
2008U50 26.08
2008U51 26.83
2008U52 29.95
2009U01 31.42
2009U02 29.64
2009U03 27.44
2009U04 27.92
2009U05 28.6
2009U06 28.16
2009U07 27.65
2009U08 27.49
2009U09 29.79
2009U10 29.08
2009U11 30.94
2009U12 31.28
2009U13 30.1
2009U14 30.05
2009U15 33.7
2009U16 32.4
2009U17 31.56
2009U18 32.62
2009U19 33.7
2009U20 34.16
2009U21 37.34
2009U22 35.55
2009U23 33.15
2009U24 35.03
2009U25 36.76
2009U26 35.73
2009U27 36.1
2009U28 36.65
2009U29 38.36
2009U30 37.97
2009U31 34.21
2009U32 31.32
2009U33 30.44
2009U34 30.32
2009U35 29.1
2009U36 29.83
2009U37 30.91
2009U38 29.76
2009U39 28.31
2009U40 28.47
2009U41 27.9
2009U42 26.81
2009U43 26.07
2009U44 27.51
2009U45 27.72
2009U46 28.52
2009U47 28.2
2009U48 28.55
2009U49 27.69
2009U50 28.48
2009U51 28.95
2009U52 30.68
2009U53 30.88
2010U01 29.82
2010U02 28.17
2010U03 28.92
2010U04 29.69
2010U05 31.84
2010U06 34.23
2010U07 34.88
2010U08 33.76
2010U09 35.37
2010U10 35.87
2010U11 36.65
2010U12 35.12
2010U13 38.46
2010U14 39.26
2010U15 39.6
2010U16 37.92
2010U17 38.62
2010U18 38.87
2010U19 39.51
2010U20 41.78
2010U21 39.65
2010U22 38.03
2010U23 37.16
2010U24 38.74
2010U25 40.05
2010U26 39.09
2010U27 40.07
2010U28 40.73
2010U29 38.5
2010U30 38.49
2010U31 38.85
2010U32 39.85
2010U33 41.31
2010U34 39.58
2010U35 37.62
2010U36 37.07
2010U37 36.76
2010U38 37.86
2010U39 37.2
2010U40 36.15
2010U41 37.84
2010U42 37.31
2010U43 36.11
2010U44 36.06
2010U45 35.76
2010U46 36.3
2010U47 36.05
2010U48 38.42
2010U49 43.13
2010U50 43.46
2010U51 43.24
2010U52 40.37
2011U01 38.43
2011U02 39.96
2011U03 40.44
2011U04 38.82
2011U05 39.98
2011U06 39.71
2011U07 40.81
2011U08 41.61
2011U09 40.89
2011U10 40.56
2011U11 40.44
2011U12 40.79
2011U13 40.94
2011U14 42.2
2011U15 43.61
2011U16 43.08
2011U17 42.71
2011U18 42.21
2011U19 40.05
2011U20 38.75
2011U21 36.67
2011U22 36.08
2011U23 34.11
2011U24 33.37
2011U25 31.61
2011U26 28.54
2011U27 31.2
2011U28 33.21
2011U29 30.11
2011U30 30.62
2011U31 29.35
2011U32 29.59
2011U33 28.91
2011U34 26.55
2011U35 27.27
2011U36 27.47
2011U37 25.97
2011U38 26.59
2011U39 25.23
2011U40 24.55
2011U41 24.2
2011U42 23.01
2011U43 21.63
2011U44 24.18
2011U45 25.23
2011U46 24.16
2011U47 26.15
2011U48 26.06
2011U49 25.9
2011U50 28.49
2011U51 26.9
2011U52 26.4
2012U01 25.65
2012U02 24.95
2012U03 26.71
2012U04 25.26
2012U05 25.31
2012U06 27.51
2012U07 28.49
2012U08 29.84
2012U09 28.77
2012U10 28.64
2012U11 29.07
2012U12 28.27
2012U13 26.64
2012U14 29.61
2012U15 29.34
2012U16 28.7
2012U17 29.11
2012U18 29.11
2012U19 29.06
2012U20 31.27
2012U21 29.51
2012U22 28.3
2012U23 26.42
2012U24 25.92
2012U25 27.59
2012U26 26.9
2012U27 27.7
2012U28 26.9
2012U29 26.4
2012U30 26.56
2012U31 27.17
2012U32 28.31
2012U33 27.36
2012U34 27.67
2012U35 29.1
2012U36 28.6
2012U37 26.92
2012U38 26.02
2012U39 23.99
2012U40 24.28
2012U41 26.66
2012U42 26.24
2012U43 25.1
2012U44 27.02
2012U45 26.59
2012U46 27.73
2012U47 26.63
2012U48 27.15
2012U49 29.16
2012U50 30.78
2012U51 29.56
2012U52 33.11
2013U01 33.57
2013U02 33.35
2013U03 34.76
2013U04 36.51
2013U05 35.27
2013U06 34.84
2013U07 36.13
2013U08 37.03
2013U09 38.97
2013U10 38.9
2013U11 37.7
2013U12 36.02
2013U13 37.93
2013U14 39.85
2013U15 42.27
2013U16 43.23
2013U17 42
2013U18 42.41
2013U19 42.31
2013U20 43.51
2013U21 43.81
2013U22 40.77
2013U23 40.22
2013U24 39.22
2013U25 41.19
2013U26 43.4
2013U27 45.15
2013U28 44.26
2013U29 45.12
2013U30 43.01
2013U31 40.14
2013U32 39.92
2013U33 43.43
2013U34 42.03
2013U35 38.16
2013U36 37.31
2013U37 33.73
2013U38 30.04
2013U39 32.82
2013U40 35.87
2013U41 35.68
2013U42 38.32
2013U43 38.74
2013U44 39.7
2013U45 38.5
2013U46 36.98
2013U47 39.94
2013U48 40.17
2013U49 45.65
2013U50 48.61
2013U51 48.52
2013U52 50.58
2014U01 50.34
2014U02 48.75
2014U03 49.27
2014U04 49.72
2014U05 46.8
2014U06 45.62
2014U07 49.41
2014U08 48.76
2014U09 46.68
2014U10 44.13
2014U11 44.07
2014U12 43.63
2014U13 43.83
2014U14 44.01
2014U15 44.35
2014U16 47.4
2014U17 46.29
2014U18 44.62
2014U19 42.03
2014U20 40.28
2014U21 39.37
2014U22 38.83
2014U23 37.65
2014U24 37.51
2014U25 36.47
2014U26 33.6
2014U27 37.6
2014U28 41.66
2014U29 42.26
2014U30 42.23
2014U31 37.7
2014U32 37.48
2014U33 35.82
2014U34 34.95
2014U35 34.87
2014U36 35.71
2014U37 34.43
2014U38 34.05
2014U39 35.43
2014U40 35.59
2014U41 34.4
2014U42 34.44
2014U43 36.51
2014U44 37.06
2014U45 37.61
2014U46 39.95
2014U47 41.76
2014U48 43.38
2014U49 45.29
2014U50 46.84
2014U51 42.36
2014U52 47.2
2015U01 45.57
2015U02 45.77
2015U03 46.28
2015U04 44.31
2015U05 39.78
2015U06 43.43
2015U07 44.78
2015U08 41.76
2015U09 39.1
2015U10 41.14
2015U11 42.47
2015U12 41.79
2015U13 40.32
2015U14 42.3
2015U15 42.24
2015U16 39.35
2015U17 37.62
2015U18 39.25
2015U19 36.99
2015U20 39.96
2015U21 38.65
2015U22 37.92
2015U23 38.77
2015U24 41.51
2015U25 42.69
2015U26 40.94
2015U27 39.76
2015U28 42.26
2015U29 44.81
2015U30 46.23
2015U31 45.63
2015U32 46.68
2015U33 46.63
2015U34 41.74
2015U35 39.06
2015U36 43.03
2015U37 43.18
2015U38 41.54
2015U39 40.39
2015U40 40.07
2015U41 43.09
2015U42 42.43
2015U43 41.06
2015U44 41.86
2015U45 42.98
2015U46 42.52
2015U47 44.51
2015U48 48.79
2015U49 50.06
2015U50 49.05
2015U51 51.3
2015U52 53.26
2015U53 55.06
2016U01 57.27
2016U02 61.64
2016U03 54.56
2016U04 49.24
2016U05 51.27
2016U06 53.21
2016U07 56.95
2016U08 58.54
2016U09 58.48
2016U10 56.07
2016U11 57.88
2016U12 62.51
2016U13 61.98
2016U14 59.03
2016U15 55.56
2016U16 56.47
2016U17 55.65
2016U18 56.88
2016U19 62.19
2016U20 65.71
2016U21 57.41
2016U22 57.91
2016U23 64.7
2016U24 69.44
2016U25 67.4
2016U26 65.02
2016U27 70.96
2016U28 70.38
2016U29 65.12
2016U30 59.41
2016U31 57.52
2016U32 59.61
2016U33 59.23
2016U34 56.36
2016U35 56.47
2016U36 55.28
2016U37 52.78
2016U38 53.36
2016U39 55.39
2016U40 58.64
2016U41 59.67
2016U42 61.36
2016U43 61.5
2016U44 60.75
2016U45 59.63
2016U46 63.57
2016U47 62.46
2016U48 62.94
2016U49 66.44
2016U50 69.28
2016U51 73.09
2016U52 73.53

God lønsemd for eigarane …

Høge prisar dei seinare åra har ført til god lønsemd i matfiskoppdrett. Driftsmarginen har lege på 20–25 prosent i perioden 2013–2015 (Fiskeridirektoratet 2016). Sjølv om tala enno ikkje ligg føre, ser 2016 ut til å bli enda betre. Situasjonen er ein heilt annan for fiskeindustrien, der driftsmarginen for både lakseslakting og foredling av laks har variert omkring 0 prosent i same perioden (Norsk Fiskerinæring 2016).

… men vanleg lønsnivå for dei tilsette

Medan eigarane har gjort gode pengar på oppdrett, er det vanlege lønningar som gjeld for dei tilsette i næringa, som hadde ei gjennomsnittleg månadsløn på 42 000 kroner i 2014. Dette er omtrent det same som gjennomsnittet for alle tilsette. Dei tilsette i leiarstillingane tente i snitt 66 200 kroner i månaden, medan resten av arbeidarane hadde ei gjennomsnittleg månadsløn på 37 800 kroner.

Oppdrettsnæringa sysselsette 6 700 personar i 2015. I alt 4 850 personar arbeidde med matfiskoppdrett, medan 1 850 arbeidde i klekkeri og settefiskproduksjonen. Målt i talet på sysselsette var Hordaland det største fylket med 1 580 personar i arbeid, deretter følgde Nordland med 1 050.

Rømd fisk trugar villaksen

Det har vore ei utfordring for næringa at laksen rømmer frå merdane og blandar seg med villaksen. Villaksen har over tid utvikla ein stor grad av lokal tilpassing. Mange fryktar derfor at ei innblanding av oppdrettslaks vil redusere den genetiske eigenarten til laksen og gjere han meir utsett for endringar i miljøet. I 2015 vart laksen i 165 vassdrag overvaka, og 10 prosent av dei hadde over 10 prosent innblanding av oppdrettsfisk dette året (Anon. 2016). Talet på rømd fisk nådde ein topp i 2005, då 1,2 millionar fisk kom seg ut av merdane (sjå figur 9). Etter det har næringa gjort mykje for å hindre rømming.

Figur 9. Talet på rømd fisk

Torsk Regnbogeaure Laks
1993 4 498
1994 137 536
1995 42 240
1996 5 417
1997 135 506
1998 87 554
1999 40 348
2000 74 276
2001 95 272
2002 252 477
2003 144 407
2004 11 553
2005 8 715
2006 290 15 920
2007 85 315 290
2008 304 8 72
2009 222 133 199
2010 166 6 215
2011 7 4 346
2012 57 133 39
2013 55 0 198
2014 14 2 271
2015 0 84 163

Sjukdom og lakselus er ei hovudpine

Lækjemiddelbruken har auka mykje dei siste ti åra, men næringa har, som figur 10 syner, greidd å redusere bruken av antibiotika i same perioden. Samstundes har bruken av middel for å redusere parasittåtak, og då særleg lakselus, auka. Lakselusa har fått fleire vertar i sjøen som følgje av den raske veksten i talet på laks i oppdrettsanlegga. Dette har ført til at villaksen blir meir utsett for lakselus enn tidlegare. Om våren er det særskilt viktig å halde nivået av lus lågt, sidan dette er tida på året då den minste villaksen (smolten) legg ut på si vandring frå elvane og ut gjennom fjordane til havet.

Figur 10. Bruk av lækjemiddel i oppdrettsnæringa

Endo- og ectoparasittmiddel Anestesimiddel Antibakterielle middel
1996 1904 593 1043.75
1997 2506.8 780.7 555.7
1998 2119 689 671
1999 732 524 591
2000 800 864 685
2001 648 944 645
2002 669 1328 1219
2003 758.5 1200.5 805
2004 853.7 1239.5 1159
2005 678 1360 1215
2006 797 1655 1478
2007 721 1974 648
2008 1061 2990 941
2009 6053 3213 1313
2010 7485 3683 662
2011 4514 4545 544
2012 8323 4415 1591
2013 10281 5685 972
2014 14757 10623 511
2015 15443 22110 301

Ei eiga forskrift fastset grensa for tillate nivå av lus i havbruksnæringa, og det er innført regelbunden rapportering av lusenivået i merdane. Dei seinare åra er fleire tiltak sette inn for å redusere problemet med lus, blant anna ved å setje ut reinsefisk som skal ete opp lakselusa i merdane. Desinfeksjonsmiddelet hydrogenperoksid tek knekken på lusa og har blitt nytta i stadig større omfang. Ei stor utfordring er at fisken blir resistent mot lækjemidla, og nivået av lus går derfor ikkje ned. Styresmaktene meiner derfor at kravet om lågt lusenivå om våren ikkje lenger er nok for å ta tilstrekkeleg omsyn til utvandrande smolt, velferda til laksen i merdane og utvikling av resistens mot lækjemiddel (Mattilsynet 2016).

Alternativ til lækjemiddel, som reinsefisk, laser, skjerming og nye merdkonsept, blir no tekne i bruk. I tillegg blir både avlsarbeid og fôr nytta i kampen for å redusere lusenivået. Den raske veksten i bruk av anestesimiddel dei siste åra kjem av at krava til avliving av fisken er blitt strengare. Bedøving blir derfor nytta for å halde stressnivået lågt ved slakting.

Er toppen snart nådd?

Oppdrett av fisk har vore ein stor økonomisk suksess, og mange ser for seg at næringa skal halde fram med å vekse. Samstundes er det andre omsyn å ta, ikkje minst må ein løyse utfordringane med lus, sjukdom og rømd fisk. Næringa er òg avhengig av eit godt omdøme og at etterspurnaden og betalingsvilja ute i verda held fram med å stige. Endra rammevilkår vil ha innverknad. Til dømes kan tollsatsane på foredla fiskeprodukt bli ei enda større utfordring for næringa dersom andre land inngår frihandelsavtaler som Noreg ikkje er ein del av. Det er derfor mykje som må klaffe for at veksten skal halde fram i same tempo som han har gjort.

Referansar

Anonsen, T. (2016). Rømt oppdrettslaks i vassdrag: Rapport fra det nasjonale overvåkingsprogrammet 2015. (Fisken og Havet, særnr. 2b, 2016). Henta frå: http://www.imr.no/filarkiv/2016/04/sernummer_2b_-web.pdf_1/nb-no

Bakke, H. & Melingen, G.O. (2010). Avlsarbeid – viktig bidrag til fremgang i norsk fiskeoppdrett. GENialt, 2/2010. Henta frå http://www.bioteknologiradet.no/2010/10/avlsarbeid-%e2%80%93-viktig-bidrag-til-fremgang-i-norsk-fiskeoppdrett/

FAO (2016). FAO yearbook: Fishery and Aquaculture Statistics 2014. Henta frå: http://www.fao.org/3/a-i5716t.pdf

Fiskeridirektoratet (2016). Lønnsomhetsundersøkelse for laks og regnbueørret: Matfiskproduksjon 2015. Henta fra http://www.fiskeridir.no/Akvakultur/Statistikk-akvakultur/Loennsomhetsundersoekelse-for-laks-og-regnbueoerret/Matfiskproduksjon-laks-og-regnbueoerret

Mattilsynet (2017). Forslag om nye regler om våravlusing 2017. Henta frå https://www.kyst.no/article/mattilsynet-foreslaar-nye-regler-for-vaaravlusning-i-2017/ 

Norsk Fiskerinæring (2016). Elendig lønnsomhet i norsk fiskeindustri. Norsk Fiskerinæring, Nr. 10-2016, 88-92.

Solheim, C. (2015). En kystnæring i emning: En studie av oppdrettsnæringens aktører i gjennombruddsårene på 1970-tallet. Henta frå http://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/10040/133478884.pdf

Kontakt