416482
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
416482
statistikk
2021-01-28T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Elvefiske

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

41 821

laksefisk fanga og sett ut att i 2020

Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Førebelse tal
20202019 - 20202017 - 20202020
KgEndring, prosentEndring, prosentStk
1Frå og med 2019 er det rapportert fangst av avliva regnbogeaure og pukkellaks. Fangsten av desse artane er ikkje spesifisert i denne tabellen, men er teke med i summen.
Avliva fisk
I alt1353 5970,6-16,4133 622
Atlantisk laks i alt312 4756,5-17,194 414
Under 3 kg95 01025,15,657 076
Mellom 3 og 7 kg123 761-0,3-24,327 193
Over 7 kg93 7040,4-24,110 145
Sjøaure og sjørøye40 91611,2-11,639 064
 
Fisk sleppt ut att
I alt127 59120,80,241 821
Atlantisk laks i alt114 65322,8-1,228 753
Under 3 kg25 25455,523,314 797
Mellom 3 og 7 kg40 92129,9-0,78 734
Over 7 kg48 4786,2-10,95 222
Sjøaure og sjørøye12 9385,615,313 068

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Avliva fisk

Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Avliva fisk1
Tonn1 000 stk
201820192020201820192020
1Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut att. Frå og med 2019 er pukkellaks og regnbogeaure med i statistikken. Siste årgang viser førebelse tal.
2Fra og med 2019: Medrekna regnbogeaure.
I alt2309351354115133134
 
Atlantisk laks i alt271293312778394
Under 3 kg777695434657
Mellom 3 og 7 kg124124124272727
Over 7 kg70939481010
Sjøaure og sjørøye383741383639
Pukkellaks02100140

Tabell 2 
Fylkesfordelt fangst av avliva laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.

Fylkesfordelt fangst av avliva laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.1
Fangst i altAtlantisk laks, vektklasserSjøaure og sjørøyeRegnbogeaurePukkellaks
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
Kg
1Førebelse tal. Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut att.
2020
Heile landet353 597312 47595 010123 76193 70440 91613670
Oslo og Viken14 31713 1912 0104 3076 8741 12600
Vestfold og Telemark19 08918 9453 18810 5305 22714400
Agder24 06123 1059 37411 3012 43094970
Rogaland42 98742 42914 65219 2848 49355143
Vestland25 64321 7754 93912 7794 0573 771961
Møre og Romsdal30 25127 3688 06715 3083 9932 88030
Trøndelag - Trööndelage72 86369 78317 01425 22827 5413 07163
Nordland22 30313 6807 1934 3282 1598 609104
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku102 08382 19928 57320 69632 93019 8151059

Tabell 3 
Fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i utvalde elvar/vassdrag

Fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i utvalde elvar/vassdrag1
KgStk
I altAvliva fiskFisk sleppt ut attI altAvliva fiskFisk sleppt ut att
1Førebelse tal.
2020
Drammenselva11 20811 20802 1942 1940
Numedalslågen17 90317 5713324 2874 177110
Otra4 8594 7031561 6791 58891
Mandalselva9 2718 2939783 7443 279465
Bjerkreimselva8 7628 0756874 1373 755382
Ogna2 8402 769711 2991 26138
Håelva4 9904 6813092 0781 956122
Figgjo3 7113 4882231 6131 458155
Etneelva2 7092 019690974617357
Lærdalselva4 3511 0773 2741 062228834
Bondalselva2 3752 37508178170
Drivavassdraget3 1302 612518943739204
Surna m/Rinna6 7124 7261 9861 7711 020751
Stordalselva i Åfjord1 4671 4541364463113
Orkla28 52711 25117 2766 8192 4264 393
Gaulavassdraget29 95211 52518 4276 6882 2274 461
Namsenvassdraget28 80727 9448639 5289 023505
Stjørdalsvassdraget12 8738 2584 6153 1971 7091 488
Årgårdsvassdraget1 8681 6801881 1961 051145
Vefsnavassdraget9 4202 0717 3492 2504951 755
Beiarvassdraget7 7862 5415 2451 934965969
Målselvvassdraget15 85014 9399115 1614 809352
Reisavassdraget (Nordreiselva)5 6252 4393 1861 5191 008511
Vestre Jakobselv6 8024 4872 3153 0212 082939
Altavassdraget17 07813 2903 7887 3446 2841 060
Repparfjordelva m/Skaidijohka5 8485 0018472 0821 841241
Stabburselva Vesterbotn2 5161 877639556425131
Lakselva i Porsanger7 1804 6762 5041 472999473
Tana m/bielver (norsk del)19 90219 4844185 5265 284242
Neidenelva (norske del)2 9122 3845281 115909206

Tabell 4 
Fylkesfordelt fang og slepp av laks, sjøaure og sjørøye

Fylkesfordelt fang og slepp av laks, sjøaure og sjørøye1
Fangst i altAtlantisk laks, vektklasserSjøaure og sjørøye
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
Stk
1Førebelse tal.
2020
Heile landet41 82128 75314 7978 7345 22213 068
Oslo og Viken362292631705970
Vestfold og Telemark110854235825
Agder1 7211 15594119222566
Rogaland2 1051 335812323200770
Vestland5 8783 0908351 6705852 788
Møre og Romsdal3 2061 9037858952231 303
Trøndelag - Trööndelage12 20510 3145 4072 9361 9711 891
Nordland7 7234 9122 3661 4811 0652 811
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku8 5115 6673 5461 0321 0892 844

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i elvar og vassdrag. Det er skilt mellom fisk som er avliva og fisk som er sett levande ut i elva att.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anadrome laksefisk : Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.

Vekt : Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Fang og slepp: Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.

Pukkellaks:Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg fyst til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

 

Standard klassifikasjonar

Før 1993 er talet på Atlantisk laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Elvefiske
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Tal for kvar enkelt elv og fylkestal.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg.

Internasjonal rapportering

Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir langtidslagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på Linux.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

 

Brukarar og bruksområde

Fangststatistikken er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske verdien av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før han er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førhandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Les meir om prinsippet for lik handsaming av statistikkbrukarar på ssb.no. 

Samanheng med annan statistikk

Talet på registrerte fiskarar i vassdraga henta frå DN si oversikt over betalt fiskaravgift.

2008: 7 5 000

2009: 75 300

2010: 6 8 000

2011: 69 900

Tal for sjøfiske etter laks og sjøaure blir presenterte i eigne artiklar frå SSB.

Lovheimel

Offentleg register, Statistikkloven §§ 2-2, 3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken til og med 2018 omfattar fangst av laks, sjøaure og sjørøye teke med stong i elvane. Rømt oppdrettsfisk skal reknast med i statistikken. Frå og med 2009 er det rapportert tal for gjenutsett fisk (fang og slepp). Frå og med 2019 skal all fangst av avliva regnbogeaure og pukkellaks rapporterast. Desse artane skal ikkje settast ut i elva igjen.

Datakjelder og utval

Fiskerettshavarane samlar inn fangstmelding frå den enkelte fiskar.

Totaltelling. Alle som fiskar etter laksefisk i elvane skal rapportere.

Datainnsamling, editering og beregninger

Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til fylkesmannen eller legg tala inn i rapporteringsløysinga for elvefangst i Lakseregisteret. Fylkesmannen er ansvarleg for at det blir registrert rapportar for kvar elv i Lakseregisteret (tidligare Elvefangstregisteret). Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa http://www.fangstrapp.no.

 

Data frå Lakseregisteret blir lasta ned og overført til eit kontroll og rettesystem. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om naudsynt, blir fylkesmennene kontakta for å drøfte datagrunnlaget.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre.

Kor mange elvar og vassdrag det blir fiska i har variert over tid. Frå byrjinga av 1800-talet omfatta statistikken berre 54 av dei viktigaste elvane. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar med registrert fangst i 1960-åra. Dei seinare åra har det vore registrert fangst i om lag 350 elvar.

I 1989 var 15 prosent av laksevassdraga i Noreg stengt for fiske av laks av ulike årsaker. I 2011 var 25 prosent av elvane stengt for fiske. I tillegg til freding er det dei siste åra teke i bruk døgnkvoter, vanlegvis på ein til tre fiskar per døgn.

Også lenger tilbake i tid har det vore endringar som kan ha verka inn på fangstmengda. Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei. Den gjennomsnittlege perioden for stong- og handsnørefiske i elv etter laks er redusert frå vel 200 dagar i 1850 til om lag 75 dagar i 2010.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Miljødirektoratet estimerer eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.

Manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane kan vere eit problem for fangststatistikken i vassdraga. Det er også mangelfull statistikk frå ein del småvassdrag der fisket er dårleg organisert. Statistikken er difor ikkje så fullstendig som ein skulle ønske.

2009 var første året med påbod om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker dei første åra. 

2019 er første året med rapportering av regnbogeaure og pukkellaks, og kvaliteten på desse opplysningane kan derfor vere noko usikre.

Undersøkingar har synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner. Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst.

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB