Tala viser at det i 2021 vart hausta 18 700 tonn norske eple til konsum og pressing. Sidan det var så låg produksjon i 2020 er det ei auke på heile 55 prosent. Noko av det høge produksjonsvolumet kan òg tilskrivast at arealet det blir dyrka eple på har auka jamt dei siste åra. I 2021 vart det dyrka eple på 15 730 dekar. Det er 15 prosent auke sidan 2016 då arealet var nede på 13 680 dekar. Også for dei andre fruktslaga var det gode avlingar i 2021. Særleg norske plommer, der det var avlingssvikt i 2020 og berre blei hausta så vidt over 700 tonn, har hatt ein god sesong i 2021 med ein produksjon på 2 530 tonn.

Figur 1. Avling og areal av eple

Dårleg utvikling for norsk bærproduksjon

Dyrking på eit stadig mindre areal, uvisse og utfordringar med å få nok haustehjelp grunna koronasituasjonen gjorde at det vart hausta mindre norske bær i 2021 samanlikna med dei siste åra. Sjølv om 2020 heller ikkje hadde høge avlingar, har det vore ein nedgang på 11 prosent for norsk bærproduksjon sett under eitt og det vart hausta berre 8 800 tonn norske bær i 2021. Jordbær utgjer det største volumet av bærproduksjonen i Noreg og med 6 250 tonn hausta i 2021 var det ein nedgang på 10 prosent samanlikna med året før. Sidan 2020 har arealet det blir dyrka jordbær på minka 10 prosent og i 2021 vart 11 130 dekar brukt til jordbærdyrking. På dei siste seks åra har arealet minka med nær 30 prosent.

Figur 2. Avling og areal av jordbær

Grønsaksproduksjonen held seg høg

Den totale mengda hausta grønsaker er noko lågare enn i 2020, men held seg likevel på eit relativt høgt nivå i 2021 med totalt 202 680 tonn hausta på friland og i veksthus. Dei fleste grønsakene på friland, inkludert volumprodukt som gulrot, kepaløk og haust- og vinterkål, har omtrent same nivå som åra før og det vart hausta høvesvis 53 700 tonn, 21 900 tonn og 15 000 tonn av desse i 2021. Isbergsalat er eit unntak og det vart både dyrka på eit mindre areal og hausta mindre enn dei siste åra. Produksjonen var på 6 700 tonn i 2021 og dermed 30 prosent lågare enn i 2020.

Norske agurkar har vore populært dei siste åra og produksjon av agurk i veksthus har auka. Dette heldt fram også i 2021. Det vart i 2021 hausta nær 20 000 tonn på om lag 275 000 kvadratmeter. Det gir ei snittavling på nær 73 kg per kvadratmeter.

Figur 3. Avling av agurk i veksthus. Tonn