Leige av tilleggsjord tok til på 1950-talet. Før den tid førekom Jordbruksareal i drift der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive upersonlege brukarar. Både jordbruksareal som brukar betalar for og jordbruksareal som brukar disponerer gratis, blir rekna som jordleige. hovudsakeleg som forpakting av heile landbrukseigedomar, inklusive driftsbygningar og bustadhus. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter er blitt redusert kraftig dei siste 50 åra, har det totale jordbruksarealet i drift halde seg relativt stabilt. Dette kjem av at leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. Mykje jordbruksareal på bedrifter som legg ned drifta, blir halde i drift gjennom jordleige.

Tredobling av jordleige sidan 1969

Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,55 millionar dekar i 1969 var 1,40 millionar dekar, eller 15 prosent, leigejord. I 2022, som førebels er siste år med tilgjengelege tal, utgjorde leigejord 4,75 millionar dekar, eller 48 prosent, av det totale jordbruksarealet i drift på 9,85 millionar dekar.

Figur 1. Leigd jordbruksareal i drift i dekar og talet på jordbruksbedrifter
Figur 1. Leigd jordbruksareal i drift og talet på jordbruksbedrifter. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser leigd jordbruksareal i drift i dekar og talet på jordbruksbedrifter i perioden 1969-2022.

Meir leigejord per jordbruksbedrift

Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift har auka frå 62 dekar i 1969 til 261 dekar i 2022. Samstundes har leigd jordbruksareal per bedrift auka frå 9 dekar til 126 dekar.

Figur 2. Jordbruksareal i drift og leid jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift¹. 1969-2022. Dekar

¹ Tala er rekna ut frå alle aktive jordbruksbedrifter

To av tre jordbruksbedrifter leigde jord i 2022

Av dei totalt 155 000 jordbruksbedriftene i 1969, var det 21 prosent som leigde jordbruksareal. I 2022 var det 66 prosent av totalt 37 700 jordbruksbedrifter som leigde jord. Av dei 25 000 jordbruksbedriftene med leigejord i 2022, var det 10 prosent som leigde heile jordbruksarealet og 44 prosent som leigde mellom 50 og 99 prosent av arealet.

Dei 25 000 jordbruksbedriftene med jordleige hadde til saman 109 100 leige­forhold i 2022. Det vil seie om lag 4 leigeforhold i snitt.

Regionale skilnader

Størst del jordleige av jordbruksareal i drift var det i fylka Troms og Finnmark, Agder og Vestfold og Telemark med høvesvis 64, 60 og 58 prosent. Rogaland hadde minst del leigejord med 38 prosent.

Ei jordbruksbedrift kan ha areal i fleire kommunar. Statistikken for 2022 viser at om lag 384 000 dekar jordbruksareal i drift ligg i andre kommunar enn der driftssenteret ligg, av dette utgjer leigd areal 316 500 dekar.

Figur 3. Prosent leigejord av jordbruksareal i drift, etter kommune. 2022
Kilde: Jordbruksstatistikk, Statistisk sentralbyrå

Store variasjonar i jordleigeprisane

Prisane på leige av jordbruksareal varierer mykje etter bruken av arealet, etter kor arealet ligg og om det er «god» eller «dårleg» jord. Jord som er dårleg grøfta eller på annan måte er i dårleg stand vert karakterisert som «dårleg jord». Bratt jord, dårleg arrondert jord eller vanskeleg tilgjengeleg jord kan også bli rekna som «dårleg» jord.


Det blir innhenta leigeprisar for seks arealtypar: areal til dyrking av gras, korn, potet, grønsaker/bær, samt innmarks­beite og utmarksbeite. I 2022 var gjennomsnittsprisane per dekar følgjande: grønsaker/bær 853 kr, potet 668 kr, korn 400 kr og gras 265 kr. Leigeprisane for innmarksbeite og utmarksbeite var mykje lågare, med respektive 77 og 11 kr per dekar.

Figur 4. Gjennomsnittleg pris for leigejord til ulike føremål. 2017-2022. Kr per dekar

Det er store prisskilnader etter område. I 2022 hadde Rogaland dei høgaste leigeprisane for areal til gras-, korn-, og grønsakdyrking samt for innmarksbeite. For areal til potet hadde Trøndelag høgast gjennomsnittleg leigepris med 1173 kr per dekar, deretter følgde Vestfold/Telemark/Agder  med 714 kr. Nord-Noreg hadde dei lågaste gjennomsnittsprisane for alle føremål i 2022, med unnatak for innmarksbeite.

Prisnivået heng samen med om det er stor eller liten etterspurnad etter areal. I område med betydeleg potet- og grønsakproduksjon har jorda behov for vekstskifte, noko som kan gi auka leigeprisar. I område der etterspurnaden er liten, blir jordbruksareal ofte leigd ut utan betaling. Eller betalinga skjer i form av motytingar som til dømes gjerdehald, brøyting og ved.

Figur 5. Gjennomsnittleg pris på leigejord til ulike føremål, etter område¹. 2022. Kr per dekar

¹ Vestlandet og Nord-Noreg har så lite korndyrking at det ikkje blir samla inn leigeprisar.