Innanfor jordbruket er det særleg veksthusnæringa som har stort behov for energi til oppvarming og til vekst­lys. I tillegg til å vere ein stor utgiftspost, vil bruk av energi frå fossilt brensel gi utslepp av klimagassar til luft. Landbruket har ei stor bygningsmasse med store tak. Desse kan nyttast til solenergiproduksjon. Biogass eller energi frå gjødsellager, skogsavfall mv. kan òg nyttast i større utstrekning enn i dag.

Energirekneskapen for 2022 viser at landbruk og fiske brukte om lag 7 300 GWh. Dette utgjer 1,7 prosent av den totale energibruken i næringar eller 1,5 prosent av den totale energibruken i Noreg.

Figur 1. Energirekneskapen. Indeks for energibruk, etter næring. 2010=100

Bruk av energiberarar i husdyr- og planteproduksjon

Dei viktigaste energiberarane i husdyrproduksjon og planteproduksjon på friland er elektrisk kraft og diesel. Elektrisitet blir brukt til mange føremål i husdyr­produksjon, som til dømes oppvarming av fjøs, fôrhandtering, kjøling av mjølketank, fjøsvifte med meir. I planteproduksjon er korntørker og kjølelager av dei største forbrukarane av elektrisitet.

SSB samlar inn data om energibruk i jordbruket med nokre års mellomrom. Frå 2001 til 2021 gjekk bruken av elektrisitet i jordbruket opp med 6 prosent, til 1,83 milliardar kWh. Veksthus er ikkje medrekna. Jordbruks­produksjonen var om lag den same, samstundes med at talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Ser ein på forbruket per jordbruksbedrift i 2001 og 2021, auka straumforbruket. Rekna per bedrift blei det i 2021 brukt 47 200 kWh. Tilsvarande tal for 2001 var 22 000 kWh per bedrift. Skilnaden i forbruket mellom regionane har samanheng med både type produksjon og storleik på bedriftene.

Figur 2. Bruk av elektrisitet i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. MWh

Figur 3. Forbruk av elektrisitet per jordbruksbedrift i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. 1 000 kWh

Diesel er ein viktig innsatsfaktor for drift av maskinar og tørkeanlegg i jordbruket. I 2021 blei det i alt brukt 148 millionar liter, og det er om lag 13 prosent meir enn i 2001.

Forbruket av diesel per jordbruksbedrift var 4 300 liter i 2022, og det er ein dobling sidan 2001. Ser ein på forbruket per bedrift i perioden, har diesel­forbruket auka med meir enn 2 000 liter. Auka dieselforbruk per jordbruks­bedrift kan skuldast større areal i drift, meir leigejord og større maskinar

Figur 4. Bruk av diesel i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. 1 000 liter

Figur 5. Forbruk av diesel per jordbuksbedrift i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. Liter

Bruk av energiberarar i veksthusproduksjon

Produksjon i veksthus er den driftsforma innanfor jordbruket som treng mest energi. Landbruksundersøkinga for 2018 viste at det totalt blei brukt 395 000 MWh elektrisitet i 2018. Elektrisitet til oppvarming har minka alle dei undersøkte åra. I høve til 2009 blei det brukt 21 prosent mindre elektrisitet i 2018.

Figur 6. Bruk av elektrisitet og naturgass i veksthus. MWh

Over tid har det skjedd store endringar i bruk av ulike energiberarar i veksthus­næringa. Fyringsolje og kol var tidlegare viktige oppvarmingskjelder, men har over tid blitt erstatta av andre meir miljøvennlege energiberarar som bioenergi og gass[SD1] .

Figur 7. Bruk av fyringsolje og propangass i veksthus. 1 000 liter/tonn