Gjødsel vert nytta i jordbruket for å tilføre næringsstoff til plantene. Nitrogen, fosfor og kalium blir rekna som hovudnæringsstoff, medan ei rekke andre grunnstoff er naudsynte i mindre mengder. Plantene vert tilført gjødsel i form av mineralgjødsel, organisk gjødsel eller ein kombinasjon av desse. Mineralgjødsel (kunstgjødsel) er heilt eller delvis eit industriprodukt, medan organisk gjødsel i all hovudsak er husdyrgjødsel (ekskrement og urin frå husdyra), men kan også vere planterestar og liknande. Tilførsel av gjødsel er svært viktig for storleiken og kvaliteten på avlingane i jordbruket.

Litt mindre husdyrgjødsel

Praksis for lagring og spreiing av husdyrgjødsel har mykje å seie for miljø­påverknaden. Bruk av husdyrgjødsel medfører utslepp til luft av klimagassar (til dømes metan og lystgass) og andre uønskte gassar (til dømes ammoniakk). Husdyrgjødsel kan også føre til ureining av hav og vassdrag. Samstundes kan jordbruket nyttiggjere andre organiske ressursar i samfunnet som elles går til spille eller blir eit avfallsproblem.

Total mengd husdyrgjødsel blir utrekna basert på tal husdyr og faktorar for kvart dyreslag. Over tid skjer det endringar i både dyremateriale og fôring som påverkar mengd næringsstoff i husdyrgjødsla. Faktorane som vert nytta for mengd nitrogen og fosfor i gjødsel frå dei ulike husdyrslaga, skal gjelde for norske tilhøve, og det blei utarbeidd nye faktorar i 2012. I 2018 blei faktorar for nitrogen endra for ammeku. For storfe elles blir faktorane for næringsstoff i husdyrgjødsel oppdaterte årleg. 

I tillegg til oppdaterte faktorar for nitrogen og fosfor i husdyrgjødsel, er det over tid òg tatt i bruk eit meir omfattande datagrunnlag for husdyr i utrekningane. Det er laga nye tilbakegåande tidsseriar frå 1999 for mengd nitrogen og fosfor.

Ifølgje førebelse utrekningar for 2022 utgjorde husdyrgjødsel 89 300 tonn totalnitrogen eller 50 400 tonn lett tilgjengeleg nitrogen (ammonium-N) og 11 700 tonn fosfor (total- P). Samanliknar ein med byrjinga av 2000-talet har mengd nitrogen auka noko, medan fosfor har vore stabilt. Mengd kalium i husdyrgjødsel vert ikkje utrekna.

Figur 1. Indeks for mengd nitrogen og fosfor frå husdyrgjødsel. 1999=100

Det er ein fordel om gjødselspreiing går føre seg slik at gjødsla kjem raskt ned i jorda eller ned til bakken. Då blir næringsstoffa i husdyrgjødsla betre tatt vare på, og det gir mindre avrenning til vatn og mindre ammoniakkutslepp til luft. På areal som blir jordarbeidd, kan gjødsla moldast ned med plog eller harv, og ved spreiing på open åker er det krav om å molde ned gjødsla seinast innan 18 timar etter spreiing. I eng og anna veksande grøde vil gjødsla til vanleg bli spreidd utan nedmolding, men det finst løysingar for å injisere gjødsel rett i bakken.

I 2020 blei 3,86 millionar dekar jordbruksareal gjødsla minst ein gong med husdyrgjødsel. Arealet utgjorde 39 prosent av jordbruksarealet i drift.

Figur 2. Jordbruksareal tilført husdyrgjødsel i 2020, etter type spreieutstyr. Dekar

Produksjon av biogass med biorest som biprodukt, basert på mellom anna matavfall og husdyrgjødsel, er sett i gong eller er planlagt sett i gong fleire stadar. Frå og med 2013 er det ei tilskotsordning for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. I 2022 blei 107 300 tonn husdyrgjødsel levert til produksjon av biogass mot 94 100 tonn året før.

Tal gjødseldyreiningar minka 7 prosent

I forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav er det gitt faktorar for å rekne om dei einskilde dyreslaga til ei felles  eining kalla gjødseldyreining (GDE). Ei gjødsel­dyr­eining svarar til ei utskilt mengd på om lag 14 kg fosfor i gjødsla over eitt år. I motsetning til utrekningane av mengd husdyrgjødsel har tal dyr per gjødseldyreining hittil vore konstante.

I 2022 var det 879 900 gjødseldyr­einingar, ein reduksjon på 12 200 einingar eller 1,4 prosent frå 2021. Storfe stod for 54 prosent av gjødseldyreiningane i 2022, medan sau utgjorde 14 prosent og svin og fjørfe 12 prosent.

Figur 3. Utvikling i talet på gjødseldyreiningar (GDE) for storfe, sau, svin og fjørfe. 2020-2022

Det er store fylkesvise for­skjellar når det gjeld mengd hus­dyrgjødsel og til­gjengeleg spreieareal. Flest gjødseldyreiningar er det i Rogaland, Innlandet og Trøndelag. Dei største husdyrbedriftene, rekna i gjødseldyreiningar, finn ein i Rogaland, Trøndelag og Innlandet med eit gjennomsnitt på høvesvis 50, 44 og 37 gjødseldyreiningar. Færrast gjødseldyreiningar per bedrift hadde Vestland med 17.

Figur 4. Talet på gjødseldyreiningar, etter fylke. 2022

I forskrifta er det sett krav til bruken av husdyrgjødsel, mellom anna krav om spreieareal. Kravet til spreieareal er minst 4 dekar fulldyrka jord per gjødseldyreining. Kommunane kan etter søknad godkjenne anna areal enn fulldyrka jord. Vidare kan ein søkje kommunen om auka tal dyr per gjødseldyreining dersom ein brukar fôr tilsett Enzym som kan bryte ned fosfor slik at det kan utnyttast av einmaga dyr som svin og fjørfe. til svin og fjørfe.

Figur 5. Fulldyrka jordbruksareal per gjødseldyreining (GDE). Heile landet og fylke. 2022. Dekar

Auka tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Det har vore tilskot til miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel frå 2008. Frå 2013 blei tilskotet ein del av Regionalt miljøprogram (RMP) og miljøtemaet Utslepp til luft.

Føremålet med tilskotet er å redusere tap av lystgass og ammoniakk til luft, avren­ning av næringsstoff til vatn og å redusere luktproblem i samband med spreiing av husdyr­gjødsel. Det er eit krav til nedmolding innan to timar etter spreiing. I veksande kulturar kan gjødsla fellast ned i bakken eller leggjast på bakken med stripespreiar.

Det blei i 2022 gitt tilskot til 2 480 500 dekar jordbruksareal med miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel. Arealet auka med 273 000 dekar frå året før.

Figur 6. Areal med tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, fordelt etter type tiltak. 2013- 2022. Dekar

I alt vart det gjeve 157 millionar kroner i tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i 2022. Fylka som fekk mest tilskot var Innlandet og Trøndelag med respektive 32 og 16 millionar kroner. Dei same fylka hadde òg mest areal med 521 000 dekar og 450 000 dekar.

Meir bruk av slam på jordbruksareal

I 2022 blei 132 800 tonn slamtørrstoff frå kommunal avløpssektor brukt til ulike føremål. Om lag 69 100 tonn gjekk til jord­bruket. Oslo og Viken og Vestfold og Telemark  tok i mot 55 900 tonn, eller 81 prosent, av alt slammet som blei brukt i jord­bruket i 2022. Det er spesielle krav til bruk av avløpsslam i jord­bruket. Til dømes kan ein ikkje spreie avløpsslam på areal der det vert dyrka grønsaker, potet, bær eller frukt.

Figur 7. Mengd slam rapportert disponert til ulike føremål. 2020-2022. Tonn tørrstoff

Blant fylka brukte Viken og Oslo mest avløpsslam med 44 300 tonn slamtørrstoff, og av dette blei 40 500 tonn brukt i jordbruket. Nest mest slam blei brukt i Vestfold og Telemark med 21 600 tonn. Av dette blei 15 400 tonn brukt på jordbruksareal.

Redusert bruk av fosfor og kalium i mineralgjødsel

Bruken av mineralgjødsel i jordbruket byggjer på tala over omsetnaden av gjødsel. Rapporteringsperioden er frå 1. juli til 30. juni året etter. Ein reknar med at mesteparten av den omsette mineralgjødsla vert brukt om våren og sommaren.

I etterkrigstida og fram til 1980-talet var det ein sterk auke i bruken av mineral­gjødsel. Frå 1980 og fram til og med 2006-07 heldt omsetnaden av nitrogen seg ganske stabil, medan omsetnaden av fosfor og kalium blei redusert.

I 2007-08 blei det hamstra gjødsel på grunn av forventa prisauke i sesongen 2008-09. Omsetnaden for 2007-08 og dei to etterfølgjande åra blei monaleg påverka av dette. 

Nye normer for fosforgjødsling dei seinare åra samt redusert fosforinnhald i viktige gjødselslag, har med­verka til ytterlegare nedgang i bruk av fosfor frå mineralgjødsel.

Den totale omsetnaden av hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium i 2021/2022 utgjorde 81 prosent av mengda i 1999. I hamstringsåret 2008 utgjorde omsetnaden 106 prosent av mengda i 1999. I 2022 var omsetnaden av nitrogen 8 prosent lavare enn året før. Etter 2008 er mengdene med fosfor og kalium redusert mykje. I 2022 var dei respektive 36 og 41 prosent lågare enn i 1999.

Figur 8. Indeks for omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel. 1999=100

Gjødsel i alt

For å få totale mengder nærings­stoff som blir tilført jordbruket, må ein summere mineralgjødsel, husdyr­gjødsel og annan gjødsel.

For å få totale mengder nærings­stoff som blir tilført jordbruket, må ein summere mineralgjødsel, husdyr­gjødsel og annan gjødsel.

Annan gjødsel omfattar avløpsslam, vekstar som vert dyrka og ikkje hausta, men blir tilført jorda som gjødsel for neste års avling (grøngjødsling), silopressaft og små kvanta av nokre typar gjødsel som ikkje inngår i statistikken som Mattilsynet utarbeidar. Ein har ikkje sikre anslag over kor mykje annan gjødsel utgjer i form av næringsstoff.

Med unntak for dei tre åra 2008–2010, som ble monaleg påverka av hamstring av mineralgjødsel, har den totale mengda effektivt nitrogen variert lite på 2000-talet. Gjennomsnittleg mengd for femårsperioden 2003–2007 er så å seie lik med gjennomsnittet for femårsperioden 2018–2022 og utgjer 154 700 tonn. Del mineralgjødsel har minka frå 68,5 prosent i perioden 2003–2007 til 67,4 prosent i perioden 2018–2022.

Etter 2010 er total mengd fosfor på eit lågare nivå enn før 2008. Gjennomsnittleg mengd i femårsperioden 2003–2007 var 24 300 tonn mot 20 800 tonn i femårsperioden 2018–2022. Nedgangen har vore på 14 prosent. Del mineralgjødsel av total mengd fosfor har i same perioden minka frå 51,5 til 43 prosent.

Mengd kalium frå mineralgjødsel har minka frå 45 800 tonn i gjennomsnitt for åra 2003–2007 til 33 600 tonn for åra 2018–2022, som svarar til ein nedgang på 27 prosent.

Figur 9. Omsett mengd nitrogen (n), fosfor (P) og kalium (K) i i mineralgjødsel og utrekna mengd effektiv nitrogen (ammonium-N) og fosfor spreidd i husdyrgjødsel. 1999-2022. 1 000 tonn