Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mars til mai 2023 var på 118,3 (2005=100) mot 118,5 i føregåande tremånadarsperiode. Tala indikerer at aktivitetsnivået i industrien har vore stabilt, men med ein svak fallande trend dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Månadsendring: bransjevise skilnader i mai

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang med 1,4 prosent frå april til mai 2023. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest til den samla oppgangen med ein vekst på 2,1 prosent. Det var særleg drikkevareindustrien som bidrog til denne auken. Oppgangen i mai kjem etter streik og mange dagar med driftsstans hos enkelte verksemder i april. Det var òg ein auke i kjemiske råvarer og bygging av skip og oljeplattformer.

På den motsette sida bidrog metallindustrien til å dempe den samla produksjonsauken i mai med ein nedgang på heile 5,8 prosent. Nedgangen kjem etter ein månad med lågare aktivitet og driftsstans hos einskilde verksemder i mai. 

Tremånadarsendring: nedgang i gummi, plast og mineralsk industri 

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten nedgang på 0,2 prosent i perioden mars-mai 2023 samanlikna med førre tremånadersperiode. Det var særleg den lågare produksjonen i april som trekte ned aktiviteten samla sett i denne perioden. Det var næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri og næringsmiddelindustri som bidrog mest til nedgangen med eit fall på høvesvis 4,7 og 1,4 prosent. Streik og fleire dagar med driftsstans i april var medverkande til nedgangen. Det var òg ein nedgang i trelast- og trevareindustrien. Nedgangen i desse næringane kan blant anna knytast til lågare aktivitet i bygg- og anleggsbransjen.

På den anna side trekte leverandørnæringa bygging av skip og oljeplattformer den samla utviklinga i motsett retning i perioden, med ein oppgang på 2,6 prosent. I tillegg hadde òg næringsgruppa maskinreparasjon og -installasjon ein produksjonsauke i perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,6 prosent i perioden mars-mai 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien fall med 0,9 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i april

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 3,7 prosent frå mars til april 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,0 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 2,5 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 1,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,4 prosent i perioden mars-mai 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje auka med 5,7 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 1,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side fall med 0,4 prosent i perioden mars-mai 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde òg ein nedgang på 1,8 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 5,8 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.