Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mars-mai 2021 var på 119,5 (2005=100) som er uendra frå føregåande tremånadersperiode. Tala frå dei to seinaste månadene indikerer at industriproduksjonen no har stabilisert seg på om lag same nivå som før koronapandemiens inntog (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: fall i næringsmiddel, auke i metallvarer

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremåneders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. visar at industriproduksjonen hadde ein marginal nedgang på 0,1 prosent frå april til mai 2021. Næringsmiddelindustrien bidrog mest til å dempe den samla industriproduksjonen med ein nedgang på 2,8 prosent. Nedgangen heng saman med eit tydeleg fall innan slakting og foredling av fisk, grunna eit høgt slaktevolum i føregåande månader. Elles var det òg ein klår nedgang i trelast- og trevareindustrien, og i ikkje-jarnholdige metaller.

På den anna side såg metallvareindustrien ein solid oppgang på 5,5 prosent. Maskinindustri saman med næringsgruppa møbelindustri og annan industri hadde òg ein auke i produksjonen i mai.

Tremånadsendring: fall i petroleumsretta leverandørindustri

Sesongjusterte tal visar at industriproduksjonen var uendra i perioden mars-mai 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode. Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverar størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. hadde eit fall på 2,2 prosent mot føregåande periode (sjå figur 2). Denne nedgangen vart dempa av ein vekst i den delen av industrien som ikkje er knyta til petroleumsnæringa, slik at situasjonen for industrien totalt sett vart uendra. For meir informasjon om utviklinga i petroleumsretta leverandørindustri gjennom Korona-situasjonen, sjå eiga artikkel.

Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, samt gummi, plast og mineralsk industri var dei som bidrog mest positivt i denne tremånadersperioden med ein auke på høvesvis 5,4 og 4,9 prosent.

Bygging av skip og oljeplattformer fekk ein betydeleg nedgang på over 10 prosent i denne tremånadersperioden samanlikna med førre periode. Mange verksemder innan næringa melde frå om karantene og reiserestriksjonar for utanlandske arbeidstakarar som årsak til nedgang. Også dataindustri og elektrisk utstyrsindustri såg eit fall i produksjon i denne perioden.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: liten auke i industriproduksjon i Eurosona i april 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. auka med 0,4 prosent frå mars til april 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg eit fall på 1,9 prosent. Sverige hadde ein nedgang på 1,3 prosent, medan Danmark hadde eit fall på heile 3,6 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: marginal auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein marginal oppgang på 0,2 prosent i perioden mars-mai 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 1,4 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 1,4 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester fall med 1,3 prosent i perioden. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 8,6 prosent i same periode, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 1,3 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.