Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden august-oktober 2023 var på 118,4 (2005=100) mot 118,4 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har vore stabil, sjølv om det har vore ein del variasjon i ulike næringar (sjå figur 1).

Månadsendring: moderat oppgang i industriproduksjonen i oktober

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,6 prosent frå september til oktober 2023. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 5,1 prosent. Oppgangen kjem etter ein månad med nokså låg aktivitet hos einskilde store verksemder i september. Det var òg oppgang i bygging av skip og oljeplattformer og data- og elektrisk utstyrsindustri på høvesvis 2,7 og 2,4 prosent i denne perioden. 

På den anna side trekte næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri den samla utviklinga i motsett retning i perioden, med ein nedgang på 2,9 prosent. Nedgangen i næringsgruppa kan knytast til lågare etterspørsel frå bygg- og anleggsbransjen. I tillegg hadde òg metallindustri eit fall i oktober.

Tremånadarsendring: uendra industriproduksjon 

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen var uendra i perioden august-oktober 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Sjølv om den samla industriproduksjonen var uendra, var det store skilnadar på næringsnivå. Data- og elektrisk utstyrsindustri bidrog mest i positiv retning med ein sterk vekst på 5,0 prosent. Auken i næringa i perioden august-oktober kjem av høg aktivitet på einskilde store prosjekter samanlikna med førre tremånadersperiode. Næringa metallvareindustri hadde òg ein oppgang på 2,7 prosent i denne perioden.

På den andre sida var det eit fall innanfor kjemiske råvarer og gummi, plast og mineralsk industri på høvesvis 3,9 og 3,2 prosent i perioden august-oktober samanlikna med førre tremånadarsperiode.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,4 prosent i perioden august-oktober 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein liten nedgang i aktiviteten.

 

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.
 

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i september

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,7 prosent frå august til september 2023. I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein tydeleg nedgang på 1,3 prosent (sjå figur 3). 

Sverige hadde ein oppgang på 2,5 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 0,2 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på heile 5,1 prosent i perioden august-oktober 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på heile 4,0 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 4,7 prosent. Nedgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,3 prosent i perioden august-oktober 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 2,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning såg ein vekst på heile 4,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.