Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2023 var på 118,5 (2005=100) mot 118,8 i førre kvartal. Tala indikerer at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har vore meir stabilt (sjå figur 1).

 

Tremånadarsendring: moderat nedgang i 2. kvartal 2023

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,3 prosent i 2. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal.

Det var særleg næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri som bidrog til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på heile 5,4 prosent. Nedgangen i næringa kan blant anna knytast til fleire dagar med driftsstans og streik i april, samt lågare aktivitet i bygg- og anleggsbransjen. Det var òg eit fall i data- og elektrisk utstyrsindustri.

På den anna side trekte kjemiske råvarer og næringsgruppa maskinreparasjon og -installasjon den samla utviklinga i motsett retning i perioden med ein auke på høvesvis 5,6 og 2,9 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,6 prosent i 2. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien fall med 0,7 prosent (sjå figur 2).

Månadsendring: auke i næringsmiddelindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen var uendra frå perioden mai til juni 2023, men det var ulik utvikling i dei forskjellige næringane.

Næringsmiddelindustrien bidrog mest i positiv retning med ein oppgang på heile 4,0 prosent. Her var det foredling og konservering av fisk, samt kjøt og kjøtvarer som bidrog mest til auken i næringsgruppa. Det var òg ein auke på 2,8 prosent i metallvareindustrien i perioden.

På den anna side trekte kjemiske råvarer den samla utviklinga i motsett retning i perioden, med eit fall på heile 4,9 prosent. I tillegg hadde òg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri eit produksjonsfall i perioden.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i mai

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,1 prosent frå april til mai 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,4 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 0,3 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 0,9 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: moderat fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein liten nedgang i 2. kvartal samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein vekst på heile 5,1 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 6,8 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side hadde ein nedgang på 0,2 prosent i 2. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på heile 5,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 6,2 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.