Industriproduksjonen hadde ein negativ Årsendringa: Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadersendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. i 2023 på 0,3 prosent. Utviklinga med ein svak nedgang i industrien frå 2022 har forsette i 2023. Det var likevel store bransjevise skilnader for året 2023. Store delar av industrien såg ein produksjonsnedgang, men dette vart jamna ut av ein til dels kraftig auke i aktiviteten i andre næringar. Til saman førte dette til ein flat utvikling med eit marginalt fall for industrien totalt. 

Næringsgruppa papir- og papirvareindustri falt med heile 14,8 prosent i 2023, i kontrast til året 2022 der produksjonsauken var på 3,3 prosent.

Ein annan næring som også falt markant i 2023 var trelast- og trevareindustrien. Nedgangen for denne næringa var på 11,0 prosent i 2023.

Næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri bidrog negativt med nedgang på 11,6 prosent.  Møbelindustri og annan industri falt òg i 2023 og var ein viktig bidragsytar til nedgangen i samla industriproduksjon.

På den motsette sida var det auke i den Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien.. Auken i denne analytiske grupperinga kom blant anna frå næringa bygging av skip og oljeplattformer som auka med heile 18,3 prosent. Det var meldt om gode marknadsforhold og prosjekt ved mange større verksemder innanfor denne næringa. Dette kan sjåast i samanheng med auke i feltutbygging som følgje av Stortingets skattetiltakspakke for å avhjelpe oljenæringa.

Også maskinreparasjon og -installasjon og maskinindustri såg vekst i produksjonen i 2023, og bidrog såleis til å dempe den samla nedgangen.

Tremånadarsendring: auke i bygging av skip og oljeplattformer

Indeksnivået for industriproduksjonen i 4. kvartal 2023 var på 118,4 (2005=100) mot 118,1 i føregåande kvartal. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein relativt stabil utvikling. Samtidig var det ulik utvikling i dei forskjellige næringane (sjå figur 1).

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein vekst på 0,3 prosent i 4. kvartal 2023 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til auken i industriproduksjonen, med ein auke på 4,6 prosent i denne perioden. Produksjon av kjemiske råvarer og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri medverka også til auken med ein vekst på høvesvis 2,9 og 2,4 prosent i 4. kvartal 2023.

På den anna side hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein nedgang på 3,5 prosent. Nedgangen i næringsgruppa kan knytast til lågare etterspørsel frå bygg- og anleggsbransjen. Det var òg nedgang i næringsmiddelindustri på 1,3 prosent i perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,2 prosent i perioden 4. kvartal 2023 samanlikna med 3. kvartal 2023. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien hadde ein moderat nedgang på 0,3 prosent i same periode og trenden har vore fallande sidan våren 2021. (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i desember

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein vekst på 0,3 prosent frå november til desember 2023. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auken med ein auke på 2,9 prosent. Det var òg auke i bygging av skip og oljeplattformer på 4,4 prosent.

På den motsette side hadde næringsgruppa møbelindustri og annan industri eit fall på heile 5,9 prosent frå november til desember 2023.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i november

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde eit fall på 0,2 prosent frå oktober til november 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,2 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,8 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på heile 9,9 prosent. Den kraftige veksten i Danmark var i stor grad årsaka av auke i farmasøytisk industri (dst.dk).

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: oppgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår auke på 4,0 prosent i 4. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 0,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 13,9 prosent. Oppgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester var uendra i 4. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med heile 4,7 prosent (sjå figur 4).

Nytt basisår frå og med neste publisering

Frå og med publiseringa av januarindeksen, som blir publisert 7. mars, vil referanseåret bli endra til 2021=100. Inntil desember 2023 var referanseåret 2005=100.

Merk at oppdatert referanseår ikkje påverkar endringar i indeksseriane over tid, utover avrundingseffektar som kan flytta enkelte endringsratar på desimalen.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.