Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden september-november 2023 var på 118,0 (2005=100) mot 118,5 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har vore svakt fallande, sjølv om det har vore ein del variasjon i dei ulike næringane (sjå figur 1).

Månadsendring: Auke i metallindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,3 prosent frå oktober til november 2023. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen, med eit fall på 1,7 prosent. I tillegg hadde trelast- og trevareindustrien ein nedgang i november på 2,5 prosent. Også næringsmiddel bidrog negativt denne månaden.

På den anna side bidrog metallindustri til å dempe den samla nedgangen med ein auke på heile 6,3 prosent. Oppgangen kjem etter ein månad med nokså låg aktivitet hos einskilde store verksemder i oktober, blant anna som følgje av ein del tilfelle av vedlikehaldsstans. Verksemder innanfor næringa melde òg om betre marknadsforhold i november.

Tremånadarsendring: Mange næringar bidrar til fall i industriproduksjon  

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen fall med 0,4 prosent i perioden september-november 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var mange næringar som hadde lågare aktivitet i perioden, men det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest i negativ retning med eit fall på 1,8 prosent. Også næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri såg ein nedgang på 2,0 prosent i tremånadarsperioden. Årsaka til den svakare utviklinga i denne næringsgruppa var vedlikehaldsstans blant verksemder samt endra marknadsforhold.

På den motsette sida var det dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest i positiv retning med ein vekst på 3,1 prosent. Det var òg auke i bygging av skip og oljeplattformer i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein marginal produksjonsauke på 0,1 prosent i perioden september-november 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein nedgang på 0,8 prosent.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i oktober

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,5 prosent frå september til oktober 2023. I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein oppgang på 0,5 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,9 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 1,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 2,6 prosent i perioden september-november 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 1,8 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 4,6 prosent. Nedgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,5 prosent i perioden september-november 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning såg eit marginalt fall på 0,2 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.