Industriproduksjonen hadde en negativ Årsendringa: Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadersendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. i 2022 på 0,3 prosent. Utflatinga i 2022 kan sjåast som ein normalisering etter den sterke produksjonsauken i 2021 som kom etter at store delar av industrien sleit i 2020 som følgje av koronapandemien. I tillegg var det store bransjevise forskjellar for året 2022. Delar av industrien hadde produksjonsnedgang, medan andre næringar hadde kraftig auke - som til saman utjamna kvarandre.

Næringsgruppa møbelindustri og annan industri falt med 7,3 prosent i 2022, i sterk kontrast til året 2021 der produksjonsauken var på heile 16,1 prosent.

Ein annan næring som også falt markant etter vekst i 2021 var trelast- og trevareindustrien. Nedgangen for denne næringa var på 7,2 prosent i 2022.

Produksjon av kjemiske råvarer og ikkje-jernhaldige metall bidrog negativt med nedgang på høvesvis 8,2 og 4,2 prosent. Produksjon av næringsmiddel falt også i 2022 og var ein viktig bidragsytar til nedgangen i samla industriproduksjon.

På den motsette sida var det auke i den Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien.. Auken i denne analytiske grupperinga kom blant anna frå næringa bygging av skip og oljeplattformer som auka med 6,2 prosent. Også metallvareindustri, maskinindustri samt dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde auke i produksjonen i 2022, og bidrog såleis til å dempe den samle nedgangen.

Tremånadarsendring: nedgang i næringsmiddelindustrien

Indeksnivået for industriproduksjonen i 4. kvartal 2022 var på 118,5 (2005=100) mot 118,8 i føregåande kvartal. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein relativt stabil utvikling (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,3 prosent i 4. kvartal 2022 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg næringsmiddelindustrien som bidrog til nedgangen i industriproduksjonen, med ein nedgang på 1,8 prosent i denne perioden. Produksjon av kjemiske råvarer medverka også til nedgangen med eit fall på 5,3 prosent i 4. kvartal 2022.

På den anna side hadde næringane bygging av skip og oljeplattformer  og maskinreparasjon og -installasjon auke på 5,8 og 3,6 prosent.

Samla sett hadde petroleumsretta leverandørindustri ein produksjonsauke på 1,8 prosent i perioden 4. kvartal 2022 samanlikna med 3. kvartal 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien hadde ein nedgang på 0,9 prosent i same periode og trenden har vore fallande sidan våren 2021. (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,6 prosent frå november til desember 2022. Denne nedgangen kjem etter ein nedgang på 0,7 prosent månaden før. Det var næringsgruppa dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på 3,2 prosent.

På den motsette side hadde produksjon av kjemiske råvarer ein auke på heile 7,8 prosent frå november til desember 2022.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i november

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. haddeein oppgang på 1,3 prosent frå oktober til november 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,7 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 2,9 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 2,4 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 2,4 prosent i 4. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 3,7 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 6,8 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 2,4 prosent i 4. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 6,2 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.