Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden desember 2022-februar 2023 var på 118,7 (2005=100) mot 119,1 i føregåande tremånadarsperiode. Tala indikerer at utviklinga i industrien held fram med å vere stabil dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: Oppgang i maskinreparasjon og -installasjon

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at den samla industriproduksjonen var uendra frå januar til februar 2023, men det var ulik utvikling i dei forskjellige næringane. Maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest i positiv retning med ein oppgang på 2,5 prosent. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.

På den motsette side hadde kjemiske råvarer eit fall på 3,0 prosent frå januar til februar 2023. Her var det rapportert om fleire tilfelle av driftsstans og lågare etterspørsel blant verksemder innanfor næringa i denne perioden.

Tremånadarsendring: Moderat fall i aktiviteten

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein moderat nedgang på 0,3 prosent i perioden desember 2022-februar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 3,6 prosent. Det var òg fall i næringsmiddelindustrien i denne perioden med ein nedgang på 1,7 prosent.

På den motsette sida hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk oppgang på 5,1 prosent. Maskinreparasjon og -installasjon hadde òg ein auke i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,4 prosent i perioden desember 2022-februar 2023 samanlikna med førre tremånadersperiode. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 1,5 prosent i same periode og trenden har vore fallande sidan våren 2021 (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: Oppgang i industriproduksjon i Eurosona i januar

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 0,8 prosent frå desember 2022 til januar 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,0 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 2,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår nedgang på 7,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: Fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår nedgang i perioden desember 2022-februar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang på 2,5 prosent innanfor utvinning av naturgass og eit fall på 1,7 prosent innanfor utvinning av råolje. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,7 prosent i perioden desember 2022-februar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 1,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 9,3 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.