Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden desember 2023-februar 2024 var på 99,5 (2021=100) mot 99,8 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein svakt fallande utvikling, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).

Månadsendring: nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at aktiviteten i industrien hadde eit fall på 1,1 prosent frå januar til februar 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 5,1 prosent. Nedgangen heng mellom anna saman med drifts- og vedlikehaldsstans for fleire store verksemder.

Det var òg nedgang i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på 3,6 prosent i same periode.

På den motsette sida var det næringsgruppa trelast- og trevareindustri som bidrog mest i positiv retning med ein vekst på 1,2 prosent.

Tremånadarsendring: marginalt fall i aktiviteten

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal nedgang på 0,3 prosent i perioden desember 2023-februar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode.

Det var gummi, plast og mineralsk industri som bidrog mest til den samla nedgangen i industrien med eit fall på 4,4 prosent. Det var òg ein nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri på 2,0 prosent i same periode.

På den anna side hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk auke på 5,1 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,1 prosent i perioden desember 2023-februar 2024 samanlikna med førre tremånadersperiode. Aktiviteten i denne delen av industrien har auka mykje sidan starten på 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 0,9 prosent i same periode og trenden har jamt over vore fallande dei siste to åra (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

 

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i januar

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein klår nedgang på 6,8 prosent frå desember 2023 til januar 2024. Nedgangen kjem etter ein kraftig auke på 5,9 prosent i desember 2023. Frå desember 2023 til januar 2024 var industriproduksjonen i Noreg uendra (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 2,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein nedgang på heile 3,5 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: oppgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår oppgang på 7,0 prosent i perioden desember 2023- februar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 0,6 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 15,4 prosent. Oppgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september 2023. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 2,8 prosent i perioden desember 2023-februar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på heile 8,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning hadde eit fall på 5,7 prosent (sjå figur 4).

Nytt basisår

Frå og med publiseringa av januarindeksen er referanseåret endra til 2021=100. Inntil desember 2023 var referanseåret 2005=100.

Merk at oppdatert referanseår ikkje påverkar endringar i indeksseriane over tid, utover avrundingseffektar som kan flytte enkelte endringsratar på desimalen.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.