Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni-august 2023 var på 118,6 (2005=100) mot 118,3 i føregåande tremånadarsperiode. Sjølv om det har vore ein del variasjon frå månad til månad viser trenden at aktivitetsnivået i industrien har hatt ein relativt stabil utvikling sidan utgangen av pandemien (sjå figur 1).

Månadsendring: oppgang i maskinindustrien i august

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,5 prosent frå juli til august 2023. Denne auken kommer etter ein nedgang på 1,3 prosent førre månad. Det var næringane maskinindustri og data- og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein vekst på høvesvis 6,0 og 4,9 prosent. Det var òg auke i næringsgruppa trelast- og trevareindustri med ein oppgang på 4,5 prosent i denne perioden.

På den anna side hadde maskinreparasjon og -installasjon og metallindustri ein nedgang på høvesvis 2,8 og 1,7 prosent frå juli til august og bidrog såleis til å dempe produksjonen i industrien.

Tremånadarsendring: moderat auke i industriproduksjon

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten vekst på 0,3 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsmiddelindustrien og leverandørnæringa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog mest til oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på høvesvis 2,1 og 4,1 prosent i denne perioden.

På den motsette sida trekte trelast- og trevareindustrien den samla utviklinga i motsett retning i perioden, med eit fall på 2,5 prosent. I tillegg hadde òg metallindustrien og kjemiske råvarer eit fall i produksjon i perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,9 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt nedgang i aktiviteten.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i juli

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,1 prosent frå juni til juli 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,3 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 0,5 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit klårt fall på 10,0 prosent. Det kraftige fallet i Danmark var i stor grad årsaka av fall i farmasøytisk industri.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: moderat auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 0,2 prosent perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 1,6 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 4,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,8 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 3,9 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.