4938_om_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
4938_om
statistikk
2016-02-22T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
true
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat4. kvartal 2015

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Obligasjonar og sertifikat
Emne: Bank og finansmarked

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansregnskap

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Obligasjonslån er langsiktige lån (løpetid vanlegvis over eitt år) som utan samtykke frå låntakaren kan delast på fleire långivarar i form av standardiserte partialobligasjonar. Ein obligasjon er eit fritt omsetjeleg verdipapir. Partialobligasjonar lagde ut i Noreg omfattar mellom anna statsobligasjonar, premieobligasjonar, kommunale og fylkeskommunale obligasjonar og andre obligasjonar skrivne ut til ihendehavar, medrekna obligasjonar lagde ut i Noreg av utlendingar.

Sertifikatlån er eit kortsiktig lån med løpetid inntil eitt år.

Avdrag på obligasjonslån er innløysing av obligasjonar. Oppkjøp av eigne obligasjonar for seinare sal eller amortisering er ikkje avdrag.

Utskrivar er den institusjonelle eininga som tek opp lånet og fører det inn i balansen sin (opprinneleg låntakar). Den institusjonelle eininga er ikkje alltid ein eigen juridisk person.

Låntakaren er den institusjonelle eininga som fører lånet i balansen sin. Ved fusjonar, fisjonar og konkursar etc. kan dette vere ein annan enn utskrivaren.

Emisjon er nyteikning av lån.

Med sektor meiner vi institusjonell sektor som kassifiserer institusjonelle einingar i ulike sektorar etter bestemte reglar. Fram til 2012 vart det nytta ein tresifra institusjonell sektorgruppering som bygde på FNs "A System og National Accounts" (SNA) frå 1993 og European System of Accounts´´ (ESA 95). Frå og med 2012 nyttes ein firesifra kode som møter krava til institusjonell sektorgruppering i EUs nasjonalregnskapsstandard (ESA).

Renta på emisjonar er opprinneleg nominell rente på emisjonstidspunktet, mens renta på uteståande gjeld er nominell rente per 31.12.

Obligasjonar og sertifikat blir skilde i statistikken på grunnlag av CFI-koden, se under for detaljar, som alle lån får. VPS er ansvarleg for denne tildelinga.

Obligasjons- og sertifikatgjeld til marknadsverdi bereknes ved å nytte markedskursen som er best tilgjengeleg. For børsnoterte obligasjonar og sertifikat vil dette vere den siste omsetningskursen frå Oslo Børs i ein gitt periode. For ikkje-børsnoterte obligasjonar og sertifikat nyttes i prioritert rekkjefølge siste kurs som var tilgjengeleg for transaksjonen, likningskursen og den pålydande kursen. Observerte transaksjonskursar vart nytta for å berekne marknadsverdien fori ikkje-børsnoterte obligasjonar og seritfikat frå og med 4. kvartal 2006 der hvor slike kursar var tilgjengeleg for ein aktuell transaksjon.

Verdien på t ransaksjonane byggjer på dei faktiske handelsbeløpa som er registrerte i VPS, eller berekna handelsbeløp hvis handelsbeløp ikkje vert oppgitt. Når handelsbeløp blir berekna, nyttes markedskursen som er mest tilgjengeleg på handletidspunktet for transaksjonen. Børskursar nyttes til børsnoterte obligasjonar og sertifikat. For ikke-børsnoterte obligasjonar og sertifikat nyttes høvesvis, i prioritert rekkjefølgje, transaksjonskurs (frå og med 4. kvartal 2006), likningskurs eller pålydande kurs.

 

Standard klassifikasjonar

Sektor- og næringsinndelingen fra Enhetsregisteret i Brønnøysund nyttes tilr sektorisering og næringsfordeling av både eigare- og utstedarar. Denne sektor- og næringsinndelinga byggjer på dei internasjonale krava i SNA2008/ESA2010 og NACE Rev.2.

Frå og med januar 2012 blei ny standard for sektorgruppering implementert i statistikken.

Verdipapirnummer er det individuelle, unike kjennemerket på lånet. Alle lån får eit verdipapirnummer, medrekna ISIN-nummer i VPS. Dette nummeret følgjer ein internasjonal standard, ISO 6166:2001, for tildeling av registreringsnummer på verdipapir.

CFI er ei forkorting for Classification of Financial Instruments og følgjer standarden ISO 10962:2001. CFI-koden avgjer om lånet er eit sertifikat eller ein obligasjon og inneheld dessutan informasjon om detaljar ved lånet som om det er konvertibelt samt rente- og garantivilkår.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Til og med 2006 blei statistikken publisert kvartalsvis og årleg i Dagens statistikk. I perioden 2007 - 2010 ble statistikken publisert månadleg. Frå og med 2010 har statistikken vorei publisert kvartalsvis med tilleggsopplysningar om obligasjonar kvart år. Statistikken blir publisert 5 veker etter slutten på statistikkperioden mens årsstatistikk om obligasjonar blir publisert i mai.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Tidsseriar er lagra i ei databaseløysing.

Bakgrunn

Føremål og historie

Bidra med tal til nasjonalregnskapen og til tilsyn med kredittmarknaden og publisere aktuell statistikk over verdipapirmarknaden. Det finst tal for beløp tilbake til 1899 for ihendehavarobligasjonsgjelda. For emisjonar av obligasjonar finst det tal for beløp frå 1914. Nominell rente på obligasjonar finst tilbake til år 1900. For sertifikatgjeld og emisjonar av sertifikat finst det tal for beløp tilbake til 1985. For emisjonar i utlandet utførte av innanlandske låntakarar finst det tal for beløp tilbake til 1988. T.o.m. 2006 blei det berre publisert opplysningar om beløp. F.o.m. 2007 vart statistikken lagt ut i eit nytt oppsett der det og blir gitt opplysningar om talet på emisjonar som følgje av at statistikken vart samordna med Noregs Banks statistikk "Verdipapirer, emisjonsstatistikk for obligasjoner og sertifikater". Samtidig vart Noregs Bank sin publisering av slik staistikk ikkje lengre publisert. Det finst opplysningar om talet på emisjonar av obligasjonar og sertifikat i Noreg frå 1998 og talet på emisjonar i utlandet frå 2001. Frå og med 2012 har statistikk for emisjonar i Noreg og gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg vori publisert både til pålydande verdi og marknadsverdi. Tidlegare har berre årsstatistikk for obligasjonar vori publisert med slike opplysningar.

Brukarar og bruksområde

Verdipapirmarknadsstatistikk, kredittmarknadsstatistikk, kredittindikatorar og nasjonalrekneskapen.

Likebehandling av brukere

Ingen har tilgang til statistikken før den har vori publisert kl 10.00 etter varsel 3 måneder på førehand.

Samanheng med annan statistikk

Tilpassa til anbefalingar i nasjonalrekneskapen.

Lovheimel

Statistikkloven § 2-2

EØS-referanse

Rettsakt 2223/96

Produksjon

Omfang

Kvart kvartal blir det gitt ei oversikt over tal og beløp i pålydande verdi og marknadsverdi for emisjonar og uteståande gjeld frå alle VPS-registrerte obligasjonar og sertifikat som er skrivne ut i Noreg av norske og utanlandske låntakarar. Det blir og gitt ei oversikt over tal og beløp som gjeld norske einingar sine emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet og uteståande gjeld frå desse emisjonane. Denne oversikta gjeld emisjonar i utlandet som er rapporterte til Statistisk sentralbyrå og gjer berre oversikt over pålydande beløp.

Årsstatistikken for obligasjonar inneheld tabellar med informasjon om årlege emisjonar og utesåande gjeld og informasjon for kvar enkelt sektor om uteståande gjeld, emisjonar, gjennomsnittleg nominell rente på emisjonar og uteståande gjeld, avdrag og "endringar i sektoromfang, valutakurser mv". Beløp på den siste posten frå og med 2013 omfattar lån som har vori tvinga til å bli konverterte til andre lån eller aksjar. Vidare inneheld statistikken sektorfordelte tal for  uteståande obligasjonsgjeld til pålydande verdi og marknadsverdi. I tillegg blir det offentleggjort ein årleg oversikt over alle uteståande enkeltlån der det har vori endringar i navn eller organisasjonsnummer i året som gjekk, og ein årleg oversikt over samtlege uteståande enkeltlån med informasjon om verdipapirnummeret på lånet, namnet og sektoren til låntakaren, rente, utskrivings- og innfriingår, garantitype og opplysningar om obligasjonane som er emitterte er aksjeinderte, konvertible, obligasjonar med kjøpsrett, "Payment in Kind" eller andre obligasjonslån.

Datakjelder og utval

Innanlandske låneopptak: Verdipapirsentralen (VPS).

Verdipapirlån tatt opp av innlendinger i utlandet: Skjema RA-0622 med opplysningar frå emittentane til Statistisk sentralbyrå.

Markeds- og transaksjonskursinformasjon frå Oslo Børs.

Norsk Tillitsmann

Valutakursinformasjon frå Noregs Bank.

 Statistikken er basert på ei totalteljing,

Datainnsamling, editering og beregninger

Innsamling av data:

Uttrekk frå data frå Verdipapirsentralen og Norsk Tillitsmann blir overførte elektronisk til SSB. I tillegg får vi oversikter frå emittentar på eit skjema RA-0622 om obligasjonar og sertifikat som blir ferda ut i utlandet av norske låntakarar.

Editering: Kontroll, gransking og endringar av data

Opplysningar frå VPS og emittenter om obligasjonar og sertifikat og uteståande gjeld blir kontrollerte mot opplysningar frå bedrifts- og føretaksregisteret. Opplysningar frå VPS blir og kontrollerte mot opplysningar frå Norsk Tillitsmann. Opplysningar om lån i utlandet blir kontrollerte mot data rapporterte til BIS og andre internasjonale registre. Uteståande gjeld blir dessutan avstemt mot opplysningar om uteståande gjeld i ulike rekneskapsstatistikkar i SSB.

Data for nye periodar blir kontrollerte på papirnivå (ISIN) mot data for tidlegare periodar.Data vert kontrollerte bakover i tid og publiseres saman med data for den nye statistikkperioden.

Berekningar:

Det blir gjort berekningar av gjennomsnittlege nominelle rentesatsar på uteståande gjeld ved å vekte med uteståande gjeld og å bruke nominell rente per 31.12. Tilsvarande blir det berekna ein vekta gjennomsnittleg emisjonsrente med opprinneleg rente på emisjonstidspunktet.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Data blir behandla etter standard reglar for konfidensialitet.

Samanlikningar over tid og stad

Endringar i lovverk, regelverk for registreringsplikt i VPS, innføring av nye definisjons- og klassifikasjonsstandarder og tilgang til nye opplysningar kan gje brot i tidsseriar.

Den periodiske fordelinga av beløp i statistikkbanken t.o.m. 2006 er basert på opplysningar om tidspunktet for når lån er blitt godkjende. Den periodiske fordelinga av beløp i perioden 2007 - 2010 er basert på ein kombinasjon av opplysningar om tidspunkt for fyrste rentedato og datoen då lånet byrjer å løpe. Den periodiske fordelinga av beløp frå og med 2011 er basert på opplysningar om oppgjersdato for emisjonane.

Innføring av nye sektorar frå 2012 gjer eit et brot i tabellane som høyrer til statistikken. Ein av dei viktigaste endringane i den nye sektorgrupperinga er at avgrensinga mellom finansiell og ikkje-finansiell sektor vart endra slik at finansiell sektor auka i omfang. I tillegg vart det etablert nokre nye finansielle sektorar, mellom anna investeringsselskap og aktive eigarfond/PE-fond og finansielle holdingselskap.

Det er publisert nye statistikkbank- og publiseringstabellar med statistikk som følgjer ny sektorgruppering frå første kvartal 2012 og framover. Eldre statistikkbanktabellar, som har tall etter gammal sektorfordeling, inneheld tall til og med første kvartal 2012..

Statistikk frå og med 3. kvartal 2013 har med nye opplysningar om oblligasjonar og sertifikat som har vori emitterte i utlandet og rapporterte i ettertid.. Tabellane er oppdaterte med dei nye opplysningane frå og med 2012

I den årlege statistikken for obligasjonar inneheld posten "Endringar i sektoromfang, valutakurser mv."  lån som har vori tvinga til å bli konverterte til andre lån eller aksjar frå og med 2013.

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

I publikasjonar t.o.m. 2006 og i statistikkbanken er den periodiske fordelinga av emisjonar og uteståande obligasjons- og sertifikatgjeld gjeld t.o.m. 2006 baserte på opplysningar om tidspunktet for godkjenning av lån. Dette tidspunktet kan avvike frå tidspunktet da emisjonane reelt fann stad. Dei periodiske avvika er marginale for totalbeløp, men dei kan vere monalege på sektornivå.

I publikasjonar for perioden 2007 - 2010 er den periodiske fordelinga av emisjonar og uteståande gjeld baserte på ein kombinasjon av opplysningar om tidspunkt for fyrste rentedato og datoen då lånet byrjer å løpe. Dei periodiske avvika mellom reelle og registrerte emisjonstidspunkt for denne perioden er marginale. Frå 2011 er alle tala i tabellar baserte på opplysningar om deu reelle emisjonstidspunkta, som er oppgjersdato for emisjonane, slik at fordelinga på emisjonar og gjeld på periodar skal vere korrekt.

Faste leveringar frå VPS kan ha feil eller manglar som kan påverke statistikken. Det er etablert revisjons- og kontrollrutinar for å spore opp og korrigere slike feil og manglar.

Statistikken over emisjonar i utlandet av norske låntakarar er basert på kva som blir rapportert inn til SSB, direkte frå den enkelte låntakar. Denne kan difor innehalde fråfall om ikkje alle oppfyller rapporteringsplikta. På grunn av fråfallsfeil har tala for norske einingars utferdingar utafor Noreg vori reviderte for periodane januar - juli 2009 og frå og med 2012  i samanhang med publiseringar av statistikken i  oktober 2009, i 2. og 3. kvartal 2013 og i 3. kvartal 2015.

Ikkje relevant.

Ikkje relevant.

Revisjon

Korrreksjonar i statistikk som har vori publisert tidlegare inkluderes ved neste publisering av tal.