1112_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1112
Auke i arbeidsløysa blant innvandrarar
statistikk
2002-05-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)1. kvartal 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i arbeidsløysa blant innvandrarar

For innvandrarar totalt har det vore auke i den registrerte arbeidsløysa frå 7,3 til 7,9 prosent frå februar 2001 til februar 2002. For heile befolkninga steig ho frå 2,8 til 3,0 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Trass i ein auke i dei siste tala for arbeidstakarar i 4. kvartal 2001, stig òg den registrerte arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarar. Dette kan verke som eit paradoks, men desse tala er i røynda uttrykk for ein auka aktivitet på arbeidsmarknaden i denne gruppa ved at fleire kjem i jobb samstundes med at fleire enn tidlegare registrerer seg på arbeidskontora.

Størst auke blant folk frå Afrika

Innvandrarar frå Afrika hadde den største auken med 1,3 prosentpoeng, og dei ligg òg høgast når det gjeld arbeidsløyse med 14,6 prosent. Dette er eit nivå som nesten er fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile landet. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 10,6 og 9,8 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa elles hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile landet med respektive 3,1 og 3,8 prosent. Desse skilnadene mellom innvandrargruppene syner seg som eit stabilt mønster når det gjeld registrert arbeidsløyse.

Færre ledige frå Sør-Amerika og Mellom-Amerika

I nesten alle innvandrargrupper har det vore meir eller mindre auke i arbeidsløysa frå 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002. Det einaste unntaket er innvandrarar frå Sør-Amerika og Mellom-Amerika som hadde ein liten nedgang på 0,3 prosentpoeng. Dette er òg den ikkje-vestlege innvandrargruppa med lågast registrert arbeidsløyse, nemleg 8,2 prosent. Arbeidsløyse blant innvandrarar er i det heile eit fenomen som gjer seg mest gjeldande blant dei med ikkje-vestleg bakgrunn. Av dei 11 670 registrerte arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarane i 1. kvartal 2002, kjem 9 686 frå ikkje-vestlege land, noko som utgjer 83 prosent.

Noko meir auke blant kvinner

Innvandrarkvinner totalt hadde litt høgare auke i arbeidsløysa enn menn. Frå 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002 var auken i desse gruppene på respektive 0,9 og 0,5 prosentpoeng, men framleis ligg nivået på arbeidsløysa for innvandrarmennene ein del høgare enn for kvinnene. Det vil seie 8,8 prosent kontra kvinnene sine 6,9 prosent.

I befolkninga totalt låg arbeidsløyseprosenten på 3,3 for menn og 2,7 for kvinner. Kvinnene hadde også her litt høgare auke enn mennene, nemleg 0,3 kontra 0,2 prosentpoeng.

Størst auke for dei med butid under fire år

Det er blant dei med kortast butid at vi finn størst auke i arbeidsløysa. Ho gjekk opp frå 4,4 prosent i februar 2001 til 5,2 prosent i februar 2002 (i prosent av personar i alt 16-74 år), ein auke på 0,8 prosentpoeng. Det er likevel ikkje denne gruppa som har høgast arbeidsløyse. Det er dei med butid på mellom fire og seks år som ligg høgast med 6,0 prosent. Den lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid heng naturleg nok saman med at det for mange innvandrarar må til ei viss integrering i det norske samfunnet før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontoret.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av februar 2002

Høgast arbeidsløyse i Nordland

Nordland hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med 6,6 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Av andre fylke med høg arbeidsløyse i denne gruppa kan nemnast Østfold, Nord-Trøndelag og Finnmark som alle hadde 6,3 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Akershus og Troms med respektive 3,0 og 3,7 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,2 prosent for alle busette og 5,1 prosent for alle førstegenerasjonsinnvandrarar.

Ser vi på endringane frå februar 2001 til februar 2002, er det naturleg nok auke å spore i dei fleste fylke. Høgast auke ser vi i Aust-Agder der arbeidsløysa blant innvandrarar steig med 1,3 prosentpoeng. Oslo hadde ein auke på 1 prosentpoeng. Men det er likevel nokre fylke som kan vise til nedgang. Vest-Agder hadde til dømes ein reduksjon på 1,1 prosentpoeng og var såleis det mest avvikande fylket når det gjaldt utviklinga i registrert arbeidsløyse.

Færre på arbeidsmarknadstiltak

Nedgangen i talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak held fram. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk dette talet ned frå 4 660 deltakarar i februar 2001 til 3 725 deltakarar i februar 2002. Dette er ein nedgang på 20 prosent. For heile befolkninga har den prosentvise nedgangen vore om lag den same. I absolutte tal gjekk talet ned frå 14 585 til 11 723 deltakarar i alt.

Målt i prosent av befolkninga frå 16-74 år, gjekk delen deltakarar blant førstegenerasjonsinnvandrarar ned frå 2,1 til 1,6 prosent i denne perioden. I alle grupper av førstegenerasjonsinnvandrarar har det vore nedgang i denne prosentdelen, men framleis har innvandrarar frå dei ikkje-vestlege landa dei desidert høgaste deltakardelane. I heile befolkninga gjekk deltakardelen ned frå 0,5 til 0,4 prosent.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer førstegenerasjonsinnvandrarane 32 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak.

Av dei 3 725 deltakarane som er førstegenerasjonsinnvandrarar, har heile 3 502 ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane er heilt marginale grupper når det gjeld arbeidsmarknadstiltak.

Dei fylkesvise tala viser elles at Aust-Agder hadde den høgaste deltakarprosenten for førstegenerasjonsinnvandrarar med 2,8. Elles hadde både Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag ein deltakarprosent på 2,7. Akershus hadde den lågaste deltakinga med 0,9 prosent.

Tabeller: