1116_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1116
Svakare nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2001-11-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)3. kvartal 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svakare nedgang i arbeidsløysa

Nedgangen i arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarar held fram, men i noko mindre grad. Frå august 2000 til august 2001 gjekk ho ned frå 8,1 prosent til 7,9 prosent. Arbeidsløysa for heile befolkninga har lege stabilt på 2,9 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Innvandrarar frå Aust-Europa hadde den største nedgangen med 0,8 prosentpoeng. Framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar frå Afrika høgast, med 14,7 prosent ved utgangen av august 2001. Av dei ikkje-vestlege innvandrarane er det dei frå Sør- og Mellom-Amerika som ligg lågast med ein arbeidsløyseprosent på 8,9. Innvandrarar frå dei vestlege verdsregionane har berre nokre desimalar høgare arbeidsløyse enn den vi finn registrert for heile folket. Dette er i det heile tatt ein svært stabil tendens i den registrerte arbeidsløysa.

Ser vi på endringane blant menn og kvinner, finn vi den største nedgangen blant menn frå Aust-Europa med 1,1 prosentpoeng og blant kvinner frå Afrika, som hadde ein nedgang på 1,4 prosentpoeng.

I befolkninga totalt låg arbeidsløyseprosenten på 2,8 for menn og 2,9 for kvinner. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar var dei tilsvarande tala 8,2 og 7,5 prosent.

Størst nedgang for dei med butid fire-seks år

Det har vore mest nedgang i arbeidsløysa blant dei med butid på mellom fire og seks år. Men framleis er det dei som også har det høgaste nivået på arbeidsløysa. Her gjekk arbeidsløysa ned frå 6,6 prosent i august 2000 til 5,9 prosent i august 2001 (i prosent av personar 16-74 år i alt), ein nedgang på 0,7 prosentpoeng. Den lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid heng naturleg nok saman med at det for mange innvandrarar må til ei viss integrering i det norske samfunnet før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontoret.

 Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av august 2001

Høgast arbeidsløyse blant innvandrarar i Vest-Agder

Vest-Agder hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med 6,8 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Nordland [retta 21.11 kl. 15.00] og Finnmark hadde den nest høgaste arbeidsløysa, begge med 6,5 prosent. Ser vi på dei fylkesvise endringane frå august 2000 til august 2001, hadde Nordland størst nedgang i arbeidsløysa blant innvandrarar med 0,8 prosentpoeng. Sogn og Fjordane var det einaste fylket som hadde ein større auke. Her steg arbeidsløysa frå 4,1 til 5,8 prosent i denne perioden.

Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 2,1 prosent for alle busette og 5,0 prosent for alle førstegenerasjonsinnvandrarar.

Færre på arbeidsmarknadstiltak

Blant førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak ned frå 3 165 i august 2000 til 2 467 i august 2001. Dette er ein nedgang på 22 prosent. På landsbasis har nedgangen vore enda større. Det dreier seg om ein reduksjon på om lag 35 prosent, frå 9 711 til 6 330 deltakarar i alt.

Målt i prosent av befolkninga frå 16 til 74 år, gjekk prosentdelen deltakarar blant førstegenerasjonsinnvandrarar ned frå 1,5 til 1,1 prosent i perioden august 2000 til august 2001. I alle grupper av førstegenerasjonsinnvandrarar har det vore nedgang i denne prosentdelen, men framleis har innvandrarar frå dei ikkje-vestlege landa dei desidert høgaste deltakardelane.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer førstegenerasjonsinnvandrarane no om lag 40 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Tidlegare har denne delen lege stabilt på rundt 30 prosent. Denne auka heng sjølvsagt saman med at nedgangen frå august 2000 til august 2001 har vore noko mindre blant dei med innvandringsbakgrunn. Blant dei 2 467 deltakarane som er innvandrarar, har heile 2 326 ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane må med andre ord reknast som heilt marginale grupper når det gjeld arbeidsmarknadstiltak.

Dei fylkesvise tala viser elles at Sør-Trøndelag og Telemark hadde dei høgaste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar med respektive 2,0 og 1,6 prosent.

Tabeller: