1118_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1118
Færre innvandrarar registrert arbeidslause
statistikk
2001-08-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)2. kvartal 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre innvandrarar registrert arbeidslause

Nedgangen i arbeidsløysa blant innvandrarar held fram. Frå mai 2000 til mai 2001 gjekk ho ned frå 7,3 til 6,6 prosent. Arbeidsløysa for heile befolkninga har gått ned frå 2,6 til 2,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Innvandrarar frå Aust-Europa og Afrika hadde den største nedgangen med respektive 1,6 og 1,4 prosentpoeng, men framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar frå Afrika høgast, med 12,6 prosent ved utgangen av mai 2001. Desse prosenttala er rekna som del av arbeidsstyrken, ikkje befolkninga. Av dei ikkje-vestlege innvandrarane er det dei frå Sør- og Mellom-Amerika som ligg lågast, med ein arbeidsløyseprosent på 7,5. Innvandrarar frå dei vestlege verdsregionane har berre nokre desimalar høgare arbeidsløyse enn den vi finn registrert for heile folket.

Ser vi på endringane blant menn og kvinner, finn vi den største nedgangen i arbeidsløysa blant menn frå Aust-Europa med 1,9 prosentpoeng og blant kvinner frå Afrika, som hadde ein nedgang på 1,6 prosentpoeng.

I befolkninga totalt låg arbeidsløyseprosenten på 2,5 for menn og på 2,2 for kvinner. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar var dei tilsvarande tala 7,2 og 5,8 prosent.

Størst nedgang for dei med butid fire-seks år

På same måte som i 1. kvartal er det òg i 2. kvartal mest markant nedgang i arbeidsløysa blant dei med butid på mellom fire og seks år. Men framleis er det dei som har det høgaste nivået på arbeidsløysa. Her gjekk arbeidsløysa ned frå 6,1 prosent i mai 2000 til 5,0 prosent i mai 2001 (i prosent av personar 16-74 år i alt), ein nedgang på 1,1 prosentpoeng.

 Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av mai 2001

Flest ledige innvandrarar i Nordland og Rogaland

Nordland og Rogaland hadde den høgast registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med respektive 5,7 og 5,5 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Ser vi på dei fylkesvise endringane frå mai 2000 til mai 2001, hadde Sør-Trøndelag størst nedgang i arbeidsløysa med 1,2 prosentpoeng. Østfold og Rogaland hadde òg ein viss nedgang, begge med 1,0 prosentpoeng. Det er elles berre i Sogn og Fjordane og i Nordland at ein kan sjå ein viss auke i arbeidsløysa.

Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 1,7 prosent for alle busette og 4,2 prosent for alle førstegenerasjonsinnvandrarane.

Nykommarane deltek mest på arbeidsmarknadstiltak

Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak har lege stabilt på 0,4 prosent (i prosent av personar 16-74 år) for heile landet. Blant førstegenerasjonsinnvandrarane ser vi ein liten auke i denne prosentdelen, frå 1,7 prosent i mai 2000 til 2,0 prosent i mai 2001. Ser vi på einskilde grupper, hadde innvandrarar frå Afrika og Asia den største auken, med respektive 1,0 og 0,7 prosentpoeng.

Ved utgangen av mai 2001 var det 13 761 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av desse var 4 520 førstegenerasjonsinnvandrarar, eit tal som utgjer nærare 33 prosent av alle deltakarane på arbeidsmarknadstiltak. Det er primært innvandrarar frå ikkje-vestlege land vi finn i denne deltakargruppa, med hovudvekt på Asia og Aust-Europa. Til saman utgjer dei ca. 73 prosent av deltakarar med innvandringsbakgrunn. I forhold til busette personar i alt, var det innvandrarar frå Afrika som hadde den høgaste deltakarprosenten med 3,7. Elles hadde innvandrarar frå Asia og Aust-Europa deltakardelar på respektive 3,0 og 2,9 prosent. Blant innvandrarar frå vestlege land er desse deltakarprosentane jamvel litt lågare enn dei vi finn i heile befolkninga.

Desse skilnadene mellom dei vestlege og ikkje-vestlege innvandringsgruppene ser ut til å vere eit stabilt trekk når det gjeld deltaking på arbeidsmarknadstiltak. Vi ser elles at arbeidsmarknadstiltaka i særleg grad er eit tilbod retta mot nykommarane. Dei som har budd i Noreg i under fire år har den høgaste deltakardelen på 3,8 prosent. Denne prosentdelen avtek med aukande butid. Den desidert høgaste deltakinga finn vi blant innvandrarar frå Asia og Afrika med butid under fire år. Her ligg prosentdelane på over 6 prosent.

Nordland hadde den høgaste deltakarprosenten for førstegenerasjonsinnvandrarar på 3,5. Elles ligg Oppland og Finnmark òg høgt, begge med 3,4 prosent.

Statistikken kjem ut fire gonger i året.

Tabeller: