Auken i ledige stillingar held fram

Publisert:

Talet på ledige stillingar auka med 10 200 frå 1. kvartal 2017 til same kvartal 2018. Den klart sterkaste auken kom innanfor bergverksdrift og utvinning, ei næring dominert av olje- og gassutvinning med tilknytte tenester.

I 1. kvartal 2018 var det totalt 68 400 ledige stillingar, som er det største talet for dette kvartalet sidan 2012. Samanlikna med 1. kvartal 2017 utgjorde dette ein auke på 10 200 ledige stillingar.

Utviklinga det siste året vitnar om ein positiv trend i etterspørselen etter arbeidskraft i Noreg. Figur 1 viser at både trendtalet og det sesongjusterte talet på ledige stillingar har hatt ei positiv utvikling i heile perioden frå 4. kvartal 2016.

Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 prosent i 1. kvartal 2018. Talet har ikkje vore større sidan 3. kvartal 2013.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
1. kv. 2010 58200 58400
2. kv. 2010 61500 61400
3. kv. 2010 65600 63000
4. kv. 2010 63200 63500
1. kv. 2011 66000 66500
2. kv. 2011 71600 70100
3. kv. 2011 70000 70700
4. kv. 2011 70100 69300
1. kv. 2012 66100 67200
2. kv. 2012 65000 64700
3. kv. 2012 63500 64200
4. kv. 2012 65600 65200
1. kv. 2013 64500 65800
2. kv. 2013 67700 65300
3. kv. 2013 61600 62000
4. kv. 2013 57300 58200
1. kv. 2014 58700 57700
2. kv. 2014 59100 58400
3. kv. 2014 57000 57700
4. kv. 2014 59600 57300
1. kv. 2015 57500 56700
2. kv. 2015 56800 55000
3. kv. 2015 52400 52700
4. kv. 2015 50000 51000
1. kv. 2016 52700 50700
2. kv. 2016 51400 52300
3. kv. 2016 55300 54100
4. kv. 2016 53800 55500
1. kv. 2017 55300 57200
2. kv. 2017 59500 59200
3. kv. 2017 60300 61100
4. kv. 2017 63400 63300
1. kv. 2018 65100 64400

Olje og gass stadig viktig

Ei svært viktig næringsgrein i Noreg er olje- og gassutvinning samt tenester tilknytte utvinninga. Det var 1 400 ledige stillingar innanfor bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) i 1. kvartal 2018, som utgjer ein auke på 1 100 frå det same kvartalet året før. Den sterke auken vitnar om eit skifte i denne næringa. Prosentdelen av ledige stillingar var i 1. kvartal 2018 på 2,6 prosent, det høgaste nivået på fire år.

I tillegg til at olje- og gassnæringa er viktig i seg sjølv, påverkar ho også andre næringar. Deler av industrinæringa er petroleumsretta, og dermed påverka av utviklinga i olje- og gassnæringa. Prosentdelen ledige stillingar i norsk industri var på 1,6 prosent i 1. kvartal 2018, det høgaste på fire år. Talet på ledige stillingar var på 3 400, som inneber ein auke på 700 frå same kvartalet året før. I tillegg til næringsmiddelindustrien kom mykje av auken i industrien siste år frå næringar som leverer varer og tenester til oljenæringa, til dømes metallvareindustrien og bygging av skip og plattformer.

 

Kontakt

Faktaside