Totalt vart det registrert 19 201 nye føretak i 1. kvartal 2022. Det er ein nedgang på 7 prosent frå 1. kvartal 2021, og på same nivå som det førre kvartalet. Talet på nye føretak er det nest høgaste i eit 1. kvartal noko år, berre i 2021 låg talet høgare. Normalt har 1. kvartal hatt det høgaste talet på nyetableringar blant kvartalane, men i år låg talet på nyetableringar i 1. kvartal på om lag same nivå som dei 6 førre kvartalane. Det tyder på at talet på nyetableringar no er tilbake til den underliggjande veksten, etter å ha ligge ekstra høgt under store delar av pandemien.

Det vart etablert 11 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, samanlikna med 1. kvartal 2021. Talet på nye einskildpersonføretak fall samstundes med berre 4 prosent. Medan etablerarar under pandemien søkte lågare risiko enn vanleg, ser denne tendensen no ut til å vere på retur.

Auka konkurranse frå fjernsal

Talet på nyetableringar innanfor varehandel, kor òg reparasjon av motorvogner inngår, var historisk lågt i 1. kvartal 2022. Nivået under koronaen låg likevel ikkje særs lågt målt mot åra rett før pandemien, den svake utviklinga starta allereie i 2005. Samstundes var talet på etableringar innan transport og lagring sterkt, trass ein nedgang på 16 prosent frå det førre kvartalet, og nådde det nest høgaste nivået i noko kvartal sidan 2001. Det skjedde eit taktskifte i etableringane innanfor transport og lagring under pandemien, og nivået er no om lag dobla sidan før koronaen. Overgang frå handel i butikk til netthandel og anna fjernsal, der utanlandske butikkar tar delar av marknaden, er truleg ei medverkande forklåring. Om det svake 1. kvartal 2022 for nyetableringar i varehandelen var eit blaff eller teikn på ein varig nedgang er for tidleg å seie, men konkurransen frå fjernsal ser ut til å ha vorte vesentleg større i løpet av pandemien.

I næringa kultur, underhaldning og fritid gjekk etableringstakta ned med 29 prosent frå kvartalet før, medan den vanlegaste utviklinga frå 4. kvartal til 1. kvartal året etter har vore ei lita auke. Etableringstakta har ikkje vore lågare i noko 1. kvartal sidan 2013, og den positive utviklinga i fjorårets siste to kvartal er dermed reversert. Næringa ser ut til å ha vore i pandemi-modus også i 1. kvartal 2022, og smittetiltaka ved juletider er ein mogleg medverkande årsak.

Næringane informasjon og kommunikasjon, og overnattings- og serveringsverksemd, hadde ein heller svak etableringstakt i 1. kvartal 2022 med nedgang på høvesvis 27 og 16 prosent frå same kvartal i 2021. Etableringstakta innanfor informasjon og kommunikasjon låg forbigåande høgt under første del av koronaen fram til 1. kvartal 2021, og innanfor overnattings- og serveringsverksemd om lag på trenden gjennom heile pandemien, men no ligg talet på etableringar lågare enn før pandemien i begge dei to næringane.

Talet på nye føretak fall med mellom 4 og 9 prosent i alle landsdelar frå 1. kvartal året før, unntatt på Sørlandet som haldt same etableringstakt.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 1. kvartal 2001-2022