19947
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/arkiv
19947
1 258 milliardar i utanlandske eigedelar
statistikk
2009-12-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 258 milliardar i utanlandske eigedelar

Ved utgangen av 2008 hadde norske ikkje-finansielle aksjeselskap eigedelar i utlandet til ein verdi av 1 258 milliardar kroner, om lag 21 prosent meir enn året før. Sidan 2005 har eigedelane i utlandet auka med 55 prosent.

Om lag 64 prosent av dei utanlandske eigedelane var i europeiske land der eigedelane hadde ein samla verdi på 804 milliardar kroner. Den største delen av eigedelane til aksjeselskapa, over 191 milliardar kroner, finn vi i Belgia. Dette må ein sjå i samanheng med at internbanken til Statoil er plassert i dette landet. Etter Belgia er USA landet der norske selskap har størst eigedelar, i alt 167 milliardar kroner. Som nummer tre kjem Sverige. Dei norske aksjeselskapa hadde eigedelar for 140 milliardar i grannelandet.

945 milliardar i utanlandsk gjeld

Den samla utanlandsgjelda til dei ikkje-finansielle aksjeselskapa var ved utgangen av 2008 på 945 milliardar. Sidan 2005 har gjelda auka med 65 prosent.

Belgia er òg det landet der aksjeselskapa har størst gjeld, i alt 199 milliardar i 2008. Elles hadde dei norske selskapa dette året størst gjeld i Storbritannia og USA, høvesvis 145 og 115 milliardar.

Variasjonar i balansen

Det er store skilnader mellom dei ulike landa når det gjeld balansen mellom eigedelar og gjeld. I Nederland, Sverige, USA og Singapore finn vi betydeleg større eigedelar enn gjeld. Storbritannia, Tyskland, Luxembourg og Kina er derimot blant landa der norske aksjeselskap har merkbart større gjeld enn eigedelar.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB