54472_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/aar
54472
Meir eigedelar og gjeld utanlands
statistikk
2011-10-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir eigedelar og gjeld utanlands

Dei ikkje-finansielle føretaka hadde meir eigedelar og gjeld i utlandet i fjor. Dei totale eigedelane har stege med om lag 14 prosent frå 2009 til 2010, medan gjelda har vorte 12 prosent høgare.

Gjeld overfor utlandet, etter type. 2005-2010. Milliardar kroner

Eigedelar overfor utlandet, etter type. 2005-2010. Milliardar kroner

Auken i eigedelane og gjelda utanlands i fjor gjer at nedgangen frå 2009 er teke igjen, og tala er noko høgare enn i 2008.

Toppnotering for eigedelane

Dei totale eigedelane i utlandet for dei ikkje-finansielle selskapa var på 1 459 milliardar kroner etter 2010. Det er ei ny toppnotering, og heile 175 milliardar meir enn året før.

Av endringa på dei totale eigedelane, var det omløpsmidlane som hadde den klaraste endringa med ein auke på vel 28 prosent sia 2009. Samtidig steig anleggsmidlane med vel 8 prosent og trekte dei totale eigedelane i utlandet til klart over toppnivået frå 2008.

Aldri før har gjelda utanlands vore høgare

Den totale gjelda auka med 120 milliardar, til ein ny total på 1 114 milliardar kroner ved utgangen av 2010.

Forholda mellom kort- og langsiktig gjeld har normalisert seg meir etter 2009. Sjølv om den kortsiktige gjelda ikkje er like høg som i 2008, har det vore ein klar auke med 23 prosent sia 2009. Den langsiktige gjelda steig med snaue 7 prosent frå 2009 til 2010. Trass i at den samla langsiktige gjelda aukar, er det ein nedgang i langsiktig gjeld til kredittinstitusjonar.

Statistikken viser forskjellen mellom verdsdelar. Gjeldsnedgangen i 2009 kjem i store trekk av gjeldsnedgang i Europa, medan dei andre kontinenta berre hadde små endringar.

Tabeller: