128582_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
128582
Fleire nye føretak
statistikk
2013-09-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

Det vart registrert 14 041 nye føretak i 2. kvartal. Samanlikna med 2. kvartal 2012 er dette ein auke på 2,4 prosent.

Antall nye foretak
AntallProsent
2. kvartal 20131. kvartal 2013 - 2. kvartal 20132. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013
I alt14 014-4,92,4
Aksjeselskap (AS)5 941-7,91,3
Enkeltpersonforetak7 535-2,53,5
Norsk avdeling av utenlandsk foretak253-14,8-15,9

Talet på nye aksjeselskap (AS) gjekk opp med 1,3 prosent frå 2. kvartal 2012 til 2. kvartal 2013, medan talet på enkeltpersonføretak (ENK) gjekk opp med 3,5 prosent. Samstundes vart det registrert 15,9 prosent færre norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Av dei nye føretaka i 2. kvartal 2013 var det 42,4 prosent aksjeselskap og 53,8 prosent enkeltpersonføretak.

Samanlikna med 2. kvartal 2012 vart det registrert 8,6 prosent fleire nye føretak innanfor undervisning, og 7,6 prosent fleire innanfor kulturell verksemd og underhaldning. I den same perioden gjekk talet på nye føretak ned med 11 prosent innanfor forretningsmessig tenesteyting og 9,6 prosent innanfor industri.

Flest nye føretak vart registrert innanfor byggje- og anleggsverksemd med ein del på 15,9 prosent, fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 13,6 prosent og varehandel som utgjorde 11,6 prosent av nyetableringane.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.