100202_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
100202
Færre nye føretak
statistikk
2013-06-07T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nye føretak

I 1. kvartal 2013 vart det registrert 14 739 nye føretak. Dette er ein nedgang på 9,5 prosent frå 1. kvartal 2012.

Antall nye foretak
AntallProsent
1. kvartal 20134. kvartal 2012 - 1. kvartal 20131. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013
I alt14 73917,3-9,5
Aksjeselskap (AS)6 45122,3-14,6
Enkeltpersonforetak7 72615,7-2,2
Norsk avdeling av utenlandsk foretak297-10,3-43,0

Talet på nye aksjeselskap gjekk ned med 15 prosent frå 1. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013. I same perioden gjekk talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) ned med 43 prosent, medan talet på nye enkeltpersonføretak gjekk ned med 2,2 prosent. Av dei nye føretaka var 44 prosent aksjeselskap, medan 52 prosent var enkeltpersonføretak.

Samanlikna med 1. kvartal 2012 gjekk talet på nye føretak ned i samtlege næringar unnateke undervisning samt helse- og sosialtenester. Størst nedgang var det innanfor overnattings- og serveringsverksemd med 17 prosent færre nyregistreringar og byggje- og anleggsverksemd med 16 prosent.

Flest nye føretak vart registrerte innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med ein del på 15 prosent, byggje- og anleggsverksemd med 14 prosent og varehandel som utgjorde 14 prosent av nyetableringane.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.