90312_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
90312
Fleire nye føretak
statistikk
2012-12-04T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak3. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

Det vart registrert 12 885 nye føretak i 3. kvartal 2012. Dette er 9 prosent fleire enn i det same kvartalet i 2011.

Totalt vart det registrert 42 848 nye føretak i dei tre første kvartala av 2012. Dette er 12 prosent fleire samanlikna med den same perioden i 2011.

Talet på nye aksjeselskap (AS) auka med 46 prosent frå 3. kvartal 2011 til 3. kvartal 2012. Talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) gjekk ned med 68 prosent, medan talet på nye enkeltpersonføretak (ENK) heldt seg om lag uendra i den same perioden. Heile 40 prosent av alle nye føretak vart registrerte som AS i 3. kvartal 2012. Framleis vert likevel flest føretak registert som ENK, med heile 56 prosent av dei nye føretaka.

Flest føretak vart registrert innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 15 prosent, medan 14 prosent av dei nye føretaka vart registrert innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting. 12 prosent vart registrert innanfor varehandel.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: