65912_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
65912
11 759 nye føretak
statistikk
2012-03-06T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 759 nye føretak

I 4. kvartal 2011 vart det til saman registrert 11 759 nye føretak. Dette er 6 prosent færre enn i 4. kvartal 2010.

Nye føretak. 2001-2011

Til saman vart det registrert nærare 50 000 føretak i 2011, ein auke på 1,6 prosent frå året før. Talet på nyregistrerte føretak i 2011 var 30,2 prosent høgare enn i 2001, men 9,3 prosent lågare enn i 2006 då det vart registrert flest nye føretak.

Færre nye NUF

Det vart registrert 23,3 prosent færre nye NUF (norsk avdeling av utanlandske føretak) i 2011 enn i 2010. Talet på nye aksjeselskap auka med 12,8 prosent i 2011 samanlikna med året før, og det vart registrert 1,8 prosent fleire enkeltpersonføretak. Seks av ti nye føretak registrerte i 2011 var enkeltpersonføretak, og eitt av tre var aksjeselskap.

Flest nye føretak vart i 2011 registrerte innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14,3 prosent) samt byggje- og anleggsverksemd (13,8 prosent).

Ein tredel av dei nye føretaka i 2011 vart registrerte i Oslo eller Akershus.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: