84339_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
84339
Fleire nye føretak
statistikk
2012-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

I 1. kvartal 2012 vart det registrert 16 279 nye føretak. Samanlikna med 1. kvartal 2011 er dette ein auke på 12 prosent.

Talet på nye aksjeselskap gjekk opp 78 prosent frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. I same periode gjekk talet på nye norskregistrete utanlandske føretak (NUF) ned 59 prosent. Av dei nye føretaka var 46,4 prosent aksjeselskap, medan 48,5 prosent var enkeltpersonføretak.

Flest nye føretak vart registrert innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 15,2 prosent, fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, 15 prosent, og varehandel, 13,2 prosent.

I 1. kvartal 2012 vart det registrert 34,8 prosent fleire nye føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd samanlikna med 1. kvartal 2011.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: