53413_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
53413
11 854 nye føretak
statistikk
2011-09-02T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 854 nye føretak

Totalt 11 854 nye føretak vart registrerte i 2. kvartal 2011. Det er ein nedgang på 2 623 føretak samanlikna med kvartalet før.

Talet på nye føretak gjekk ned frå 14 477 i 1. kvartal til 11 854 i 2. kvartal 2011. Den største nedgangen finn ein blant enkeltpersonføretak. Likevel var nesten tre av fem nyetablerte føretak eit enkeltpersonføretak.

Byggje- og anleggsverksemd var den største næringa, med 1 816 nye føretak registrert i 1. kvartal 2011. Deretter var det flest nyregistreringar innanfor næringa fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting og næringa varehandel inkludert reparasjon av motorvogner, med høvesvis 1 665 og 1 421 føretak.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: