53419_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
53419
Auke i talet på nye føretak
statistikk
2011-03-07T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på nye føretak

Totalt 12 507 nye føretak vart registrerte i 4. kvartal 2010. Dette er ein auke på 6 prosent i høve til 4. kvartal 2009. Eitt av tre nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus.

Totalt vart det registrert 49 172 nye føretak i 2010, ein auke på over 8 prosent frå førre året. Det er fyrste gongen det har vore auke i talet på nyregistrerte føretak sidan 2006.

Nye føretak. 2001-2010

Kraftig auke i nye NUF

Det vart registrert 4 703 nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) i 2010. I 2001 var det under 200 nye slike føretak. Dette er dermed den organisasjonsforma med størst auke dei siste ti åra.

Talet på nye enkeltpersonføretak har auka om lag 25 prosent, medan talet på nye aksjeselskap har auka med 13 prosent i denne tiårsperioden.

Flest nye føretak totalt finn ein blant fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting. Over 14 prosent tilhøyrde denne næringa i 2010.

Ein tredel registrert i Oslo og Akershus

Eitt av tre føretak vart registrert i Oslo og Akershus i 2010, og nærare seks av ti nye føretak (57,2 prosent) vart registrerte på Austlandet totalt1.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform.

1 Austlandet er definert som fylka Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold, Hedmark, Oppland, Telemark og Buskerud.

Tabeller: